Heim Nyhende Velkommen til landstinget til LNK på Stord 22.-23. september!

Velkommen til landstinget til LNK på Stord 22.-23. september!

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting på Stord 22.-23. september på Stord Hotell. 

Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein viktig møteplass for nynorskkommunane. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane. Landstinget opnar onsdag 22. september klokka 10.

Trykk her for påmelding til landstinget til LNK!

Til festkvelden onsdag kjem Linda Eide og Sjur Hjeltnes for å ha språkmoro i Stord Kulturhus.

Landsmøtet er på Stord. Stord har gode kommunikasjonar med direktefly til Oslo, snøggbåt til Flesland og Bergen og ekspressbuss med Kystbussen til Haugesund, Stavanger og Bergen.

Me håpar du har høve til å koma slik at kommunen din blir representert!

Me vil følgja dei til kvar tid gjeldande smittevernreglar, og oppdaterer deg undervegs om programmet til landstinget.

Trykk her for landstingsheftet!

Trykk her for påmelding til landstinget til LNK!

PROGRAM FOR LANDSTINGET TIL LNK

ONSDAG 22. SEPTEMBER
09.00   Registrering
10.00   Opning: Velkomen til Stord v/ordførar Gaute S. Epland
10.10   Leiartale ved Solfrid Borge, avtroppande styreleiar i LNK
10.25   Kulturell opning med Cecilie Anna

Tema: Nynorsk og inkludering
10.45   Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar. Innleiing ved Mali Åm, inspektør ved Kompetansesenteret i Ulstein og leiar for Kompetansesenter for nynorsk i norskopplæringa av vaksne innvandrarar.

10.55 Dialektbruk i nynorskopplæringa? Innleiing ved Brita Høyland, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Stord

11.05 Presentasjon av undersøking om vaksenopplæringa i nynorskkommunane ved Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker

11.10: Samtale om nynorsk i vaksenopplæringa og inkludering i lokalsamfunnet: Mali Åm, Brita Høyland og Steinar Rosset, rektor ved vaksenopplæringa i Stord. Moderator: Svein Olav Langåker

Tema: Nynorsk inspirasjon
11.40  Korleis bygga opp verdas største nynorske barnebokfestival Falturiltu? – ved Hege Myklebust i programkomiteen til Falturiltu

11.50 På saklista og På tavla – om kurstilboda til LNK, ved Jostein Avdem Fretland

12.00 Om MOR-prosjektet: Folk i arbeid – læra heile livet ved Einar Schibevaag og Reidun Sandvik, Ryfylke IKS

12.10 Slik blei me Årets kulturkommune – ved Hilde Løkensgard Bjørnsvik, kultursjef i Ål

12.20 Nye samarbeidsavtalar. Anders Austrheim (KLP), Espen Udland (ABC Startsiden) og Vidar Hoviskeland orienterer.

12.30  Lunsj

13.30 Nynorsk opera. Ved sopran Nora Såheim og Jostein Avdem Fretland.

Tema: Nynorskhovudstaden

13.45 Korleis kan dei større nynorskkommunane og byane vera med på å styrka nynorsken? Kan me bygga gode klynger for nynorsken? Og kva er eigentleg nynorskhovudstaden? Samtale mellom varaordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter (Sp), Stord-ordførar Gaute S. Epland (Ap) og kommunalsjef for kultur i Sunnfjord Hilde Bjørkum. Samtaleleiar: Svein Olav B. Langåker

14.30  Pause, kaffi, frukt, utstillarar

Tema: Nynorsk i samfunnet og næringslivet

14.45   Innleiing ved rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri

15.00 Krafta i språket: Med nynorsk som identitet: Samtale med Gunnar Yttri, Silje Vatne Ersland, gründer og dagleg leiar Kattnakken og Jostein Sydnes, rådgjevar i Byrået Sydvest. Samtaleleiar: Svein Olav B. Langåker

16.00   Årsmøte LNK

16.30   Møteslutt

17.30   Aperitiff

18.00 Middag

20.00   Språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes på Stord kulturhus

TORSDAG 23. SEPTEMBER

08.45   Framhald av årsmøte i LNK.

09.30   Pause og utsjekk

Tema: Oppfølginga av språklova

10.00   Innleiing ved Ottar Grepstad, forfattar og tidlegare direktør ved Nynorsk kultursentrum.

10.15 Debatt om den vidare oppfølginga av språklova. I panelet: Hege Lothe, leiar av Vestland SV, stortingsrepresentant for Høgre, Liv Kari Eskeland, Sara Hamre Sekkingstad (Sp), ordførar i Alver kommune og Ottar Grepstad

Tema: Digitalisering og nynorsk

11.00 Språk og digitalisering. Innleiing ved Shahzad Rana, teknologidirektør i Microsoft Norge og medlem av framtidsutvalet til Språkrådet.

11.10 Digitale læremiddel i skulen. Korleis kan me få fleire læremiddel på nynorsk? Innleiing ved Arild Torvund Olsen, høgskulelektor ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

11.20 Samtale med Shahzad Rana, Arild Torvund Olsen, rektor ved Rommetveit skule Britt Kristin Ladehaug – moderert av redaktør i Framtida.no, Svein Olav Langåker.

12.10 Korrektur i offentleg sektor. Ved Kjetil Haug, Tansa Systems AS

12.20 Ei digital suksesshistorie – om Framtida.no og Framtidajunior.no – ved Svein Olav Langåker

12.30   Møteslutt og lunsj

Det kan bli nokre mindre justeringar i programmet. Me har sett av éin time til korte presentasjonar av gode nynorsktiltak i kommunane. Har du innspel til tiltak som fleire bør få vita om  eller andre spørsmål – ta kontakt med svein@framtida.no!
 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...