Heim Nyhende Venstre vurderer å fjerne sidemålskarakter

Venstre vurderer å fjerne sidemålskarakter

I utkastet til nytt partiprogram som Venstre la fram denne veka, opnar dei for å innføre éin felles standpunktkarakter i norsk munnleg, hovudmål og sidemål i den vidaregåande skulen. Til gjengjeld vil partiet ha obligatorisk sidemålseksamen etter Vg2.

Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag meiner ei fjerning av sidemålskarakteren vil bety ei alvorleg svekking for nynorsken.

– Karakterane i norsk skule styrer mykje av undervisninga. Utan eigen sidemålskarakter som standpunkt vil nynorsken stå langt svakare enn før, seier Aasbrenn.

Skriftleg sidemålseksamen

Da liker han betre framlegget om å innføre obligatorisk sidemålseksamen, men ikkje at Venstre vil avslutte undervisninga i sidemål allereie etter andre klasse.

– Noregs Mållag vil enkelt og greitt ha to jamstilte og like norskeksamenar på to ulike dagar ved slutten av tredje klasse, slik det var før trekk-eksamen i sidemål vart innført. Vi vil òg at det skal vere undervisning i hovudmål og sidemål ut tredje klasse, fullt ut med standpunktkarakterar på plass, seier mållagsleiaren.

Aasbrenn liker betre formuleringa om dette i det gjeldande partiprogrammet og rår partiet til å halde fast på den. Der vil partiet «bedre vurderingsordningen i norskfaget uten at det skal føre til en nedprioritering av arbeidet med sidemål eller til en fjerning av sidemålskarakteren i den videregående skolen».

Partiorganisasjonen får likevel presentert to ulike formuleringar i programutkastet, den eine går eintydig inn for ein felles norskkarakter og eigen sidemålseksamen, den andre unnlèt å seie noko konkret verken om sidemålskarakter eller eksamen.

Avviser nedprioritering

Terje Breivik, nestleiar i Venstre, meiner kommentaren til Mållaget tyder på at organisasjonen les med briller som gjer at dei har gjort seg opp ei meining før Venstre har konkludert i saka.

Han seier at programkomiteen i Venstre sjølvsagt er heilt samla i at det framleis skal vera sidemål i den vidaregåande skulen og at det dei ønskjer er å få til er ei betre vurdering av norskfaget, men at dei er usamde om korleis dette skal gjerast.

Han avviser også at det eine framlegget er ei nedprioritering av sidemålet.

– Dei som heller mot tilrådinga med éin karakter i norskfaget, vil ikkje seia det same som at sidemålet blir nedprioritert, seier han og strekar under at dei som står for dette synet framleis vil ha eigen karakter i sidemål for å sikra at sidemålet framleis blir prioritert.

Sjølv høyrer Breivik til fløya som går inn for den andre tilrådinga, som ifølgje han går inn for å halda på den same karakterordninga ein har i dag.

– Me meiner vurderinga i norskfaget kan gjerast betre utan å gjera noko med karakterordninga, seier han.

Breivik strekar også under at dette er eit førsteutkast som no skal ut til brei høyring blant Venstre-medlemmene, og at programkomiteen vil koma med den endelege tilrådinga si i desember. Den endelege avgjerda skjer på landsmøtet til Venstre i april neste år.

Opnar for internasjonale grunnskular

I programutkastet opnar elles Venstre for at grunnskular skal kunne ha eit anna undervisningsspråk enn norsk for slik å «sørge for en internasjonalisering av grunnskolen». Aasbrenn og Mållaget gjekk tidlegare i haust sterkt imot Utdanningsdirektoratets godkjenning av eit forsøk med engelsk som undervisningsspråk i første til fjerde klasse ved Manglerud skule i Oslo. Men slike skular vil altså Venstre ha fleire av, ifølgje utkastet til partiprogram.

– Dette er eg særs kritisk til. I den norske skulen bør norsk vere undervisningsspråk, seier Magne Aasbrenn, som òg ser meir positive forslag i programutkastet, mellom anna prioritering av nynorsktilbod i barnehagane, ferdigstilling av Norsk Ordbok, styrking av nynorsk som scenespråk og av norsk språk i akademia.

Opnar for internasjonale grunnskular

I programutkastet opnar elles Venstre for at grunnskular skal kunne ha eit anna undervisningsspråk enn norsk for slik å «sørge for en internasjonalisering av grunnskolen». Aasbrenn og Mållaget gjekk tidlegare i haust sterkt imot Utdanningsdirektoratets godkjenning av eit forsøk med engelsk som undervisningsspråk i første til fjerde klasse ved Manglerud skule i Oslo. Men slike skular vil altså Venstre ha meir av, ifølgje utkastet til partiprogram.

– Dette er eg særs kritisk til. I den norske skulen bør norsk vere undervisningsspråk, seier Magne Aasbrenn, som òg ser meir positive forslag i programutkastet, mellom anna prioritering av nynorsktilbod i barnehagane, ferdigstilling av Norsk Ordbok, styrking av nynorsk som scenespråk og av norsk språk i akademia.

Utkastet til partiprogram skal no på høyring blant Venstre-medlemmene før eit endeleg framlegg er klart i desember. Landsmøtet i partiet skal i april neste år vedta det endelege partiprogrammet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...