Heim Nyhende Vil ha råd frå næringslivet

Vil ha råd frå næringslivet

No kan du føreslå tiltak og endringar som kan gjere kvardagen enklare for næringsdrivande i heile landet.

På bloggen www.enklereregler.no inviterer Nærings- og handelsdepartementet alle til å kome med forslag til konkrete tiltak som kan redusere tida og ressursane bedriftene bruker på administrative oppgåver. Målet er at norsk næringsliv på denne måten skal kunne kutte 10 milliardar kroner i administrative kostnader innan utgangen av 2015.

– Regjeringa vil at bedriftene skal bruke mest mogleg av tida sin på å drive næringsverksemd og minst mogleg tid på administrative oppgåver for å etterleve lovar og forskrifter. Vi treng innsikt og erfaring frå næringslivet for å forenkle lovar og reglar for norske bedrifter, sa nærings- og handelsminister Trond Giske under lanseringa av bloggen.

Bloggen opna 10. oktober, og forslaga har byrja kome inn allereie. Eitt konkret går ut på å redusere talet på moms-terminar frå seks til fire i året. Det vil redusere arbeidet med moms-oppgjer med 33%, seier ein innsendar. Ein annan føreslår utbetringar i Alt-inn som gjer arbeidet med rapportering meir effektivt.

Kampanjen legg vekt på tre særskilde område: enklare reglar, enklare rapportering og betre informasjon.

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....

Mållaget jublar: SV vil gjere språklova betre for nynorsken

SV har fremja ei rekkje forslag i Stortinget som vil gjere den nye språklova betre for nynorsken. – SV tar ansvar for å rydde...

Velkomen til landstinget til LNK! Sjå programmet og meld deg på her!

Statssekretær Trude Storheim (Ap) og direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem saman med ei rekkje andre interessante innleiarar til landstinget til LNK 3.-4. juni...

Debatt: Lærarar som ikkje kan skrive nynorsk

Mange norsklærarar seier sjølve at dei ikkje er godt nok rusta til å undervise i nynorsk som sidemål. Det er djupt alvorleg. Universitet og...