Heim Nyhende Gir meir språkrefs til Haukeland Universitetssjukehus

Gir meir språkrefs til Haukeland Universitetssjukehus

Språkrådet har i fleire år kritisert språkbruken til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. No ber språkråddirektør Arnfinn Muruvik Vonen sjukehuset om å endre hjerteavdelinga til hjarteavdelinga.

Helse Bergen fekk i sommar eit brev, der dei blei pålagd å endre namnet på hjarteavdelinga. I brevet frå Språkrådet får sjukehuset også kritikk for å velje nynorske ord som er mest muleg like bokmål.

– Vi har fått ein del kjeft frå pasientar fordi vi bruker nynorsk. Vi prøver å bruke ord som flest muleg forstår utan å måtte tenke seg om. Derfor styrer vi til dømes unna føremon og røynsle. I stillingsannonsene skriv vi heller erfaring, seier kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli, til Bergens Tidende.

Hjerte er ei sideform, og Høgli seier at sjukehuset bruker slike sideformer for å gjere språket meir lettfatteleg.

– Statsorgan skal ikkje bruke sideformer. Eg veit at det kan vere fristande for ein etat å velje ei form som er mest muleg lik mellom målformene, men sideformene er tilgjengelege for til dømes skuleelevar, ikkje statsorgan, peikar Muruvik Vonen på i ein kommentar til bt.no.

– Nå må vi altså slutte å bruke sideformer, men vi vil halde fram med å bruke hovudformer som er lette å forstå. Vi skal sjå meir på dette etter ferien, slår kommunikasjonsdirektøren ved Helse Bergen fast.

– Det er ikkje i tråd med norsk språkpolitikk å bruke hovudformer som er mest muleg felles for dei to målformene, seier Språkråd-direktøren til dette.

Haukeland Universitetssjukehus følgjer pålegget frå Språkrådet og endrar namnet til hjarteavdelinga, men ventar med å bruke pengar på å byte ut skilta på sjukehuset. Tidlegare har dei byta namn på augeavdelinga og øyre-nase-halsavdelinga.

lnk.no har tidlegare skrive om innspela helseføretaka i Bergen får frå Språkrådet. Her kan du lese dette.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...