Mange familiar i Noreg er tospråklege, gjerne med mor og far frå forskjellige land. Mange foreldre er i stuss om kva språk dei skal lære barna sine først. Universitetet i Tromsø (UiT) meiner det beste er å lære dei begge språka samtidig.
I andre delar av verda er det vanleg at barn veks opp med to eller fleire språk. I Noreg, og store delar av Europa, er det meir uvanleg. To- eller fleirspråklegheit blir gjerne sett på som eit problem og ein negativ ting for barna si språkutvikling, men det er tvert om positivt, meiner postdoktor i språkvitskap, Merete Anderssen, ved UiT.
Lettare for å lære
– Tospråklege barn er flinkare til å fokusere på éin ting om gongen og sjalte ut viktig informasjon. Dei skiftar lettare merksemd mellom ting, og er flinkare med multitasking. Dei får større forståing for kulturelle skilnader og har lettare for å lære framandspråk på skulen, seier Anderssen til UiT sine nyheitssider.
UiT har nyleg lansert den nettbaserte rettleiingstenesta «Flere språk til flere» for å gi rådville vaksne betre informasjon. Foreldre, barnehagar, skular, politikarar, lag og foreiningar er i målgruppa for tenesta. Nokre av Noregs, og verdas, beste forskarar på området står bak nettenesta, som på sikt også skal innehalde bloggar og diskusjonsforum for brukarane.
Fleire språk frå dag 1
Hovudparolen for «Flere språk til flere» er klar: Ikkje ver redd for å lære barna fleire språk frå fødselen av.
– Mange trur det er best å setje kreftene inn på å lære barnet norsk først, sidan det er majoritetsspråket, men norsk blir dei uansett eksponerte for. Innlæringa av språk er på topp når vi er minst, alt frå fireårsalderen blir det vanskelegare. Ein bør ikkje vente med å lære barn andre språk, seier Merete Anderssen, og legg til at det ikkje er heilt problemfritt å lære barnet fleire språk samtidig.
– Det krev ganske mykje innsats, det går ikkje automatisk. Det er viktig at barnet høyrer like mykje av begge språka. Her kan til dømes einspråklege besteforeldre vere nyttige. Gi barnet positive erfaringar med å bruke språket. Ikkje heng deg opp i at barnet ikkje snakkar flytande, oppmodar ho.