Heim Nyhende Ny rapport om minoritetsspråk

Ny rapport om minoritetsspråk

Kvart tredje år rapporterer Noreg til Europarådet om situasjonen for minoritetsspråka i landet. Rapporten dette året vart nyleg sendt ut til høyring.

 

 

Det er Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAK) som utarbeider rapporten. Både Ministerkomiteen i Europarådet og ein eigen ekspertkomité gav Noreg ei rekkje utfordringar etter førre rapport i 2008. Rapporten er eit omfattande dokument. Høyringsperioden varer til 1. september. Vi ser her primært på kva regjeringa svarar på Ministerkomiteen sine spørsmål og utfordringar.

Nordsamisk

Ministerkomiteen har bede Noreg sikra at nordsamisk blir brukt innan sosial- og helsesektoren i primærområda for språket. Regjeringa viser i rapporten til at det er oppretta ein nasjonal undervisingssjukeheim i Karasjok. Vidare er det utarbeidd ein eigen kurspakke i nordsamisk for helsepersonell, og Helse Finnmark har som mål at alle tilsette skal ha kurs i nordsamisk språk og kultur. Samisk nasjonalt kompetansesenter (SANK) driv dessutan rettleiing og pasientretta arbeid for psykisk helsevern for den samiske befolkninga. Det er også oppretta eigne kontor for dette i Tysfjord, Snåsa og Oslo.

Lulesamisk/sørsamisk

Til utfordringa om å betra undervisinga i lulesamisk og sørsamisk viser regjeringa til at det er danna eit nettverk for sørsamiske lærarar og utvikla ein database for sørsamisk læremateriell. Det blir også arbeidd med betre opplegg for fjernundervising, og Drag skule i Tysfjord fungerer som eit ressurssenter for lulesamisk. Også her står fjernundervising sentralt.

Kvensk/finsk

Ministerkomiteen i Europarådet meiner det er viktig at dette språket, som står i fare for å døy ut, blir revitalisert. Dei peikar særleg på at det må integrerast meir i utdanning og kringkasting.

Noreg sin innsats blir kanalisert gjennom Kvensk institutt, skriv FAK i rapporten. Det er gjort mykje arbeid for å dokumentera språket. Rettskrivingsreglar for språket er på plass, og det blir i dag arbeidd med å utvikla ein kvensk grammatikk. Det blir også gitt opplæring i kvensk/finsk som andrespråk i grunnskulen. Opplæring i kvensk kultur ligg også inne i læreplanen. Kring 750 elevar nytta seg av tilbodet i 2010. Kulturministeren har også stilt krav til NRK sitt styre om å syta for større omfang og meir breidde i tema for minoritetsspråklege sendingar.

Romanés/Romani

Ministerkomiteen har bede Noreg om å utforme språkundervising for grunnskulen for desse språka, men FAK viser til at interessa er lita blant brukarane. Dei ønskjer i staden opplæring i norsk, står det i rapporten.

Romfolket har gode munnlege kunnskapar i romanés, men mange vaksne manglar lese- og skrivekunnskap i norsk. Det er difor oppretta eit vaksenopplæringssenter for å auka foreldra sine kunnskapar i norsk, matte og bruk av digitale hjelpemiddel. Auka basiskompetanse hjå foreldra vil føra til at fleire av barna fullfører grunnskule, meiner FAK. Bruken av dataverktyet Fronter skal også vidareutviklast, slik at rombarn enklare kan halda kontakten med skulen når dei reiser. Noreg har også starta eit samarbeid med Sverige om bruk av romanéstalande morsmålsassistentar og nettressursar for morsmålsopplæring.

Romanifolket mottar prosjektstøtte for innsamling av ord og utvikling av ordbok i norsk romani. Prosjektet «Taterfolket – fra barn til voksen» har tilrettelagde opplegg for opplæring i taterfolket sitt språk og kultur for barnehage og skule.

 


Fakta:

Offisielle minoritetsspråk i Noreg

Nordsamisk

21 000 brukarar i Noreg. Primært i Finnmark og Nord-Troms.

 

Lulesamisk

500 brukarar i Noreg. Primært i Tysfjord, Sørfold og Hamarøy i Nordland.

 

Sørsamisk

300 brukarar i Noreg. Primært sør for Polarsirkelen, særleg i Snåsa i Nord-Trøndelag.

 

Kvensk

2000–8000 brukarar i Noreg. Primært i Finnmark, særleg i Porsanger og Varanger (der språket vert kalla finsk).

 

Romanés

Ukjent tal på brukarar. Romfolket (sigøynarane) sitt språk i Noreg.

 

Romani

Eit par hundre til eit par tusen brukarar i Noreg. Romanifolket (tatarane) sitt språk i Skandinavia.

 

Førre artikkelUnik nettjubilant
Neste artikkelFleire språk til fleire

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...