Heim Nyhende Unik nettjubilant

Unik nettjubilant

Magasinett fyller 15 år i dag torsdag 15. september. Sjølv etter 15 år er nettmagasinet unikt på nett.

– Ungdomsnettstaden Magasinett er sjølv blitt ungdom. Femten år er lenge i den digitale verda, og eg er stolt over at nettidsskriftet i dag står stødig på eigne bein, og framleis er ein læreressurs for mange – både lærarar og elevar, seier styreleiar for Magasinett, Vidar Høviskeland.

– Litt av grunnen til at nettidsskriftet har klart seg er at Magasinett har satsa på kvalitet frå dag ein. Kunstar og forfattar Gerhard Stoltz og eg tok til å arbeida med nettstaden våren 1996, som eit prosjekt i Noregs Mållag (NM), og så godt som alle forfattarar me spurde om å vera med, takka ja til dette. Arkivet til Magasinett er gull verdt, med orginalskrivne tekstar frå fleire av dei dyktigaste forfattarane i landet. Dåverande dagleg leiar i NM, Atle Faye, fortener ros og takk for at han let oss halda på med slikt i arbeidstida, held han fram.

Fleire samarbeidspartnarar

I tillegg til Noregs Mållag er Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) ein viktig samarbeidspartnar for Magasinett. Nettmagasinet blir drive ved hjelp av midlar frå Kunnskapsdepartementet. Kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan har driftsansvaret for Magasinett.

Høviskeland er ikkje den einaste som har fylgt Magasinett trufast gjennom dei 15 åra. Det same har satirikar Are Kalvø. Kvar veke blir Magasinett oppdatert med nye spark frå Kalvø.

– Kor lenge vil du halde fram med å vere spaltist for Magasinett?

– Heilt til eg ikkje har noko å skrive om, eller til nokon ser meg inn i auga og seier at det kanskje er på tide å gi seg, er satirikaren sitt svar.

Gir rom for nye røyster

Medievitar Borghild Gramstad sat i styret til Magasinett heilt i starten. Ho svara ja med ein gong då ho blei spurd om å bli skribent for ungdomsnettstaden.

– Eg skreiv for ulike publikasjonar på den tida, og eg likte at Magasinett var retta mot unge, då det verka spennande å vere med på, seier ho.

– Det viktigaste med Magasinett må vera at det kan gi nye og varierte tekstar på nynorsk til skuleungdom som kanskje elles ikkje les mykje på det språket. Kanskje kan det også inspirere nokon til å skrive sjølv, legg Gramstad til.

Stolar på Magasinett

Mette Karlsvik byrja som forfattar i 2002. I 2005 fekk ho Tarjei Vesaas sin debutantpris og i år fekk ho Det Norske Samlagets Sigmund Skard-stipend. Nokre månadar etter at ho fekk debutantprisen byrja ho å skrive for Magasinett.

– Kva er Magasinett for deg?

– Magasinett er kvalitet. Eg stolar på Magasinett. Og det har å gjere med redaksjonen, men òg med dei som skriv for Magasinett, mellom anna Hilde Myklebust, Are Kalvø og Nils Henrik Smith. Det er ei av dei mest interessante nettsidene som finst i landet vårt. Og ho er undervurdert og underuttalt. Eg synest at innlegga på Magasinett held høgt nivå. Eg les dei på same måte som at eg les Morgenbladet eller Bokmagasinet, seier Karlsvik.

Styreleiar for Magasinett, Vidar Høviskeland, trur nettmagasinet speler ei viktig rolle på nettet også etter 15 år.

Lærarar viktig målgruppe

– Nynorskressursar på nettet er viktige i seg sjølv, men det at Magasinett heile tida har gitt brukarane noko å strekkja seg etter, trur eg har vore viktig. Det at nettstaden har opna Lærarrommet og arbeidd fram lærarrettleiingar, har gjort at norsklærarar og samfunnsfaglærarar  meir og meir har fått augo opp for oss. Eg ser for meg at lærarar blir endå viktigare som målgruppe i framtida, seier Høviskeland.

– Kor går vegen vidare for Magasinett?

– I desse dagar drøftar styret ein alternativ driftsmodell som kan sikra Magasinett fleire redaksjonelle og økonomiske ressursar. Det blir spennande å sjå kor vegen går vidare – eg ser alt fram til neste jubileum. Takk til alle som har vore med og levert stoff til Magasinett opp gjennom åra – og gratulerer med dagen, sluttar styreleiaren.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...