Heim Nyhende Bokmelding: Usminka portrett

Bokmelding: Usminka portrett

NRK-journalisten Erling Lægreid leverer i boka Nærgåande skisser miniportrett av om lag 40 kjende personar i kultur-og samfunnslivet. Blant desse finn me Jens Bjørneboe, Agnar Mykle, Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge og Erik Bye. Sjølv om mange av desse har vore døde lenge, klarer Lægreid å teikne levande portrett både på godt og vondt.

Dei usminka tekstane er fulle av små glimt frå levde liv, minner og episodar som gjerne får fram både smilet og latteren. Alt saman blir fortalt i ein levande og munnleg tone, nesten som ei slentrande reise gjennom karrieren til Lægreid. Det er tydeleg at dette er menneske som har prega Erling Lægreid og sett sine spor. I eit intervju med Norsk Tidend viser han til at minna er skrivne ned etter kva han hugsar skjedde. Han har nemleg aldri skrive dagbok.

– Alle desse menneska hadde noko som forundra meg. Ta til dømes Arnulf Øverland. Han var ein merkeleg type som eg aldri heilt forstod. Før krigen var han jo ein heilt annan person enn den han vart etter, ein reaksjonær og ein fanatisk riksmålsmann. Det tykte eg var merkeleg. Så han har lege der i medvitet og kverna litt rundt, seier han til Norsk Tidend.

Portretta er tett på, korte og overraskande. Skildringane er ekte, ærlege og utan dei store orda. Språket er enkelt og kvardagsleg. Dette er historier frå kvardagen. Dei fleste lesarane vil finne små glimt frå kjende liv dei ikkje visste om frå før. Og midt oppe i dette er Lægreid så tydeleg tilstades sjølv, som observatør eller samtalepartnar. På den tida Erik Bye byrja å sjå dårleg, møtte han Lægreid i NRK-kantina og ropte: «Erling, jeg hører deg nok! Kom hit!»

«Han fekk folk til å rette ryggen. Han var lettrørd og finsleg og på mange måtar sjenert», skriv Lægreid om Bye. Så enkelt kan det seiast.

Eit anna høgdepunkt er historia om då Lægreid tok Olav H. Hauge med seg på besøk til Halldis Moren og Tarjei Vesaas i Vinje. Lægreid si oppgåve var å formidle kontakt, og dermed fekk han vere med på eit stormøte i norsk litteratur. Me får vere med på køyreturen til Vinje, full av forventning og spenning, me møter Olav H. Hauge, som er fåmælt og lyttande i møte med ekteparet Vesaas, og heilt fram til dei er attende i Ulvik. «Der stod treskoa hans på trammen. Dei som eg seinare intervjua. Vi steikte flesk, smakte på sideren og såg på hagen og avlinga. Det var eit slikt vakkert vêr», skriv Lægreid.

Når ein ser framsida på boka, forventar ein eit spekter av historier og biografiar. Som lesar blir du ikkje skuffa, men kanskje overraska. Interessant er det også at Lægreid opnar boka med eit biografisk forord om seg sjølv, i den same slentrande tonen som resten av boka.

Judith Sørhus Litlehamar

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...