Heim Innspel Folk flest

Folk flest

KOMMENTAR: Du må ikkje la deg skremma av korleis folk blir framstilte i media. Dei fleste ungdommane går ikkje rundt og planlegg valdtekt eller mobbar studiekameratar, dei fleste politikarane er ikkje korrupte, og dei fleste utlendingane er ikkje terroristar.

Folk flest

er bra folk.

De smiler og hilser og oppfører seg

stort sett fint mot hverandre.

Dette

er et godt utgangspunkt.

Dette diktet av Stig Holmås burde eg ha ein stad der eg kan sjå det ofte og bli mint på det. For sjølv om eg veit så godt at det er sant det han skriv, så er det så lett å bli lurt av media, av folkesnakk og anna negativitet rundt seg.

Eg er innom Dagbladet sine nettsider stort sett ein gong for dagen og får med meg eit par andre avisframsider frå kioskane eg går forbi på vegen min. Der kan eg lesa om sexpress blant ungdommar, vennevaldtekter på fest og overfallsvaldtekter på gata, korrupte og kriminelle politikarar, mobbing på skulen, reaksjonære gamlingar, framandarta og kanskje terrorinnstilte utlendingar, rasistiske nettdebattantar og andre forferdelege ting.

Heldigvis er ein av og til ute i verda, slik at ein kan få retta opp slike inntrykk. Bussen min går forbi både ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule, og det hender ikkje sjeldan at eg tjuvlyttar litt til kva elevane snakkar om. Veldig ofte kan eg gleda meg over at gutar og jenter snakkar heilt alminneleg saman, som om dei rett og slett skulle vera kameratar og ikkje ute etter å a) mobba kvarandre eller andre, b) utnytta kvarandre seksuelt eller c) driva hærverk på bussen eller skulen sin.

No blir det mørkare kveldar veldig fort her i Nord-Noreg, og det hender at eg går aleine i tomme gater og vegar. Her ein dag leita eg etter ei adresse, og ein framand mann eg trefte der ute i mørket, gjekk rundt med meg i 15-20 minutt for å hjelpa meg å finna rette staden. Ikkje verka han som om han gjekk og planla ein overfallsvaldtekt heller, korkje på meg eller andre.

Dei få gongene eg har hatt direkte kontakt med lokalpolitikarane i byen min, har eg alltid blitt imponert over kor engasjerte og arbeidsame dei er. Sist eg var på ei langflyging, baud det arabiske paret ved sidan av meg på heimelaga arabiske kaker, og eg skjemdest fordi eg ikkje hadde noko å by på tilbake. Og det er alltid kjekt å treffa kjenningen min frå Mali ute på byen, fordi han er flink å dansa og aldri full! Realitetsorientering, heiter dette på fint. Verda er ikkje heilt slik som media vil ha det til, men det må me finna ut av sjølve.

Då eg studerte medievitskap, såg me nokre filma intervju med fleire bergensungdommar om medievanane deira. Eg hugsar spesielt ei 15-16 år gammal jente som såg mykje amerikanske actionfilmar, særleg fengselsfilmar, kunne ho fortelja. På spørsmålet om kor realistiske ho syntest filmane var, svarte ho at dei var ganske realistiske, «for går du ute på byen ein kveld, må du rekna med å få deg ein på trynet», som ho så kjekt sa.

Eg kunne ikkje heilt tru at det var same byen me budde i; eg gjekk jo ut fleire gonger i veka og hadde aldri sett nokon få seg ein på trynet. Men viss fengselsfilmar er hovudreferansen din, så er det kanskje det same du ventar å sjå ute i gatene? Og er du gammal og bur aleine, er det ikkje merkeleg at du blir redd for å gå ut eller opna døra viss verdsbildet ditt blir forma av medieoppslag om vald og ran. Og om du ikkje kjenner nokon utlendingar eller folk med røter i andre land, er det fort gjort å tru at dei er så totalt forskjellige frå deg at det aldri vil gå å dela samfunn med dei, langt mindre ha dei som naboar.

Me må rett og slett bli kjende med og ha kontakt med fleire av dei som me har fordommar mot, det er den beste vaksinen. Når ein kjem frå ei lita bygd, som eg gjer, veit ein jo at det er bra folk dei aller fleste, sjølv om dei stemmer på «feil» parti eller er litt for glade i ein fest, eller kjem frå ein annan kant av verda. Kanskje er det den gode naboskapen ein vil tilbake til med kampanjen «Tea time», der muslimar inviterer ikkje-muslimar på te? Ein god idé er det uansett. Folk flest er bra folk, dét finn me ut når me vågar å møta dei!

Borghild Gramstad er medievitar ved Universitetet i Tromsø

Førre artikkelBygdeprofilen
Neste artikkelDeler ut klarspråkpris

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...