Geiranger har i meir enn 100 år vore eit naturleg reisemål for turistar i Noreg. Kvart år er rundt ein halv million bilturistar innom, medan godt over 200 000 cruisebåtturistar kjem sjøvegen. I juni blir Nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen endeleg offisielt opna.
Det har blitt jobba med å få på plass turistvegen sidan 90-talet. Sidan den 106 kilometer lange vegstrekninga mellom Langevatn på Strynefjellet og Sogge bru blei plukka ut til å bli ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg, har Statens vegvesen brukt fleire millionar kroner på å ruste opp utkikkspunkta langs strekninga.– Det nyopprusta utkikkspunktet i Flydalsjuvet opna først i 2008, så kom Ørnesvingen, og i fjor sommar opna Gudbrandsjuvet med samferdsleministeren til stades. I Gudbrandsjuvet har det blitt lagt ned mykje pengar i kafébygg og toalettbygg, og i tillegg har private interesser bygd Juvet landsskapshotell, som fekk reiselivsprisen i fjor, fortel assisterande reiselivssjef i destinasjonsselskapet Destination Geirangerfjord–Trollstigen AS, Ove Skylstad.
Slik reklamerer Statens vegvesen for turistvegstrekninga i Indre Sunnmøre: «Geiranger–Trollstigen er vegen gjennom norsk vestlandsnatur på sitt sterkaste og byr på utsikt over stupbratte fjell, djupe fjordar og frodige dalføre. Sidan turismen sin barndom har Geiranger og Trollstigen vore attraktive reisemål for turistar frå heile verda. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden representerer det vestnorske fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste.»
Hovudferdselsåra inn og ut
Geiranger har rundt 250 fastbuande. Reiselivsnæringa gir grobotn for både bygda, kommunen og regionen. Det er fire hotell i den vesle bygda, og rundt 150 forskjellige reiselivsaktørar som driv med alt frå campingplassar, aktivitetsbedrifter med tilbod som rafting, juving, klatring og racerbåtar på fjorden, til bensinstasjonar og suvenirbutikkar.
– Kva betyr denne turistvegstrekninga for regionen?
– For reiselivet betyr ho alt. Det er hovudferdselsåra inn og ut av regionen. Heile anlegget er bygd opp etter turisttrafikken, slår Skylstad fast.
31. juli 1936 opna kong Haakon 7. den seks kilometer lange vegstrekninga Trollstigen frå Isterdalen til Stigrøra 852 meter over havet. Trollstigen har ni prosent helling og 11 hårnålssvingar. Det tok åtte år å byggje vegstrekninga. Strekninga er vinterstengd og vanlegvis open frå mai til oktober.
– Nå blir det jobba på spreng for å gjere Trollstigen klar til den offisielle opninga i juni neste år. Dei har rive den gamle restauranten og suvenirbutikken, og alt skal samlast på den andre sida av riksvegen. Det skal lagast tersklar i elva, eit fellesbygg med suvenirar, gangsamband og nye utkikkspunkt. Alt får ny arkitektur, seier den assisterande reiselivssjefen.
– Kva betyr turistvegstatusen for Trollstigen?
Grønare framtid
– Det blir nytt fokus på området, og området får tilført nye element og arkitektur. Kanskje vil det også gjere at vi når andre turistgrupper. Området blir også betre tilrettelagt enn tidlegare. Det har jo vore sprengt når det gjeld parkering. Dess meir området blir tilrettelagt, dess fleire vil stoppe. Turistvegsatsinga betyr også litt ekstra marknadsføring, seier Skylstad.
Opparbeidinga av område og utkikkspunkt i samband med Nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen er eit spleiselag mellom dei tre kommunane Stranda, Norddal og Rauma, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Reiselivet i regionen vil i neste omgang utføre ei detaljert undersøking som seier noko om kor mykje pengar turistane legg igjen i regionen. I og med at området er på UNESCOs verdsarvliste, vil ein også vere oppteken av korleis området kan bli grønare.
– Det kjem til å bli jobba med meir miljøvenleg transport både på vegen og fjorden i framtida. Auka turisttrafikk gjev også meir slitasje, slår Ove Skylstad fast.
Nå gler han seg først og fremst over at turistvegstatusen blir verkeleg etter fleire år med utsetjing på grunn av manglande finansiering og framdrift. Kor mange fleire enn 700 000 turistar frå heile verda som kjem til å reise til Geiranger og Trollstigen etter den offisielle opninga neste sommar, står att å sjå.