Heim Nyhende Oppsving for Scrabble

Oppsving for Scrabble

Brettspelet Scrabble har fått ein ny vår etter at nettspelet Wordfeud har tatt slik av.

Før jul i fjor rant det inn bestillingar på ordspelet Scrabble hjå leverandøren Norstar. Heile 6 000 spel vart bestilt på to dagar, kan NRK fortelje. Og rett over nyttår gjekfok kleverandøren tom for spel. Det var tomt i januar, fortel ei hyggelege dame i Ark bokhandel i Mo i Rana. Men det var berre ei kort tid, og no er spela på plass att, lovar ho.

Også Norsk Scrabbleforbund har merka ein auka interesse for spelet og forbundet deira i det siste.

– Det er kjempegøy at Scrabble er i vinden, seier Torill Johansen som er leiar i organisasjonen. – Vi er ei relativt ny og lita foreining danna av ivrige scrabblespelarar som har kome i kontakt med kvarandre gjennom nettstaden ordspill.no. No speler vi både på pc, på mobil og på brett.

Men sjølv om interessa for spelet aukar, så kan det verke som om ikkje alle er klare til å ta steget over i turneringsverksemda, seier ho, og forklarar kvifor:

– I Wordfeud kan du forsøke mange gonger, og ingen ser kva du gjer når du prøver deg fram. I Scrabble må du blottstille deg ved å leggje ordet på brettet. Så er det opp til motspelaren å godta ordet eller leggje inn protest.

Per i dag kan ein ikkje spele ordspill.no eller Wordfeud på nynorsk. Det synest Johansen er synd.

– Folk får ikkje trening i dette og vi har ikkje merka nokon etterspurnad i forbundet etter turneringar på nynorsk. Eg har tatt dette opp med ordspill.no og vil ta det opp med Wordfeud. Moglegheita for å spele på nynorsk vil vere kjærkomen for nynorskbrukarar og andre som ønskjer utfordringar.

Scrabble og Wordfeud er i praksis same spelet, berre utvikla for ulike spelflater og med litt variasjon i utforming og språkval. Medan du speler Scrabble med fysiske brikker på eit brett, med motstandaren sitjande i lag med deg, føregår Wordfeud på nett via ein applikasjon for smarttelefon eller nettbrett. I Wordfeud kan du spele mot kven som helst i verda, programmet matchar deg med ein som vil spele på same språk og same type brett som deg sjølv.

Ifølgje Wikipedia blir Scrabble seld i 121 land og det blir gitt ut på 29 språk. Spelet såg sin spede start i USA i 1938. Wordfeud er av nyare dato. Spelet vart utvikla av nordmannen Håkon Bertheussen for to år sidan. Det hadde i januar 13,5 millionar brukarar rundt om i verda og over ein halv million norske brukarar.

– Eg oppmodar alle om å hoppe i det. Å spele på brett er gøy, og du treff andre med same interesse som deg, seier Torill Johansen i Norsk Scrabbleforbund. – Vi har turnering i Trondheim 18. februar og i Oslo den 20.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...