Ragnfrid Trohaug meiner språket er den beste oppfinninga me har.
Namn: Ragnfrid Trohaug
Alder: 36
Yrke: forlagsredaktør, barne- og ungdomslitteratur
Brukar sommaren til? Kvar sommar tenker eg på den svenske nasjonalsangen “du gamla, du fria”, og linja: “Nej, jag vill leva jag vill dö i Norden,”. Sommartid ferierer vi alltid i Norden, og i år er det ei veke i nydelege Bergen og så ferie i Vesterårlen. Om Lofoten er Bibelens Maria Magdalena, så er Vesterålen Marta som går i bakgrunnen, men som verkeleg dug. Stader som Stø, Bø og Bleik i Vesterålen, må ein få med seg minst ein gong i livet.
Kva er ditt forhold til språk? Språket er den beste oppfinninga vi har, og at vi har så mange språk er flott. Eg har alltid sjonglert mellom språk, er reellt jamstelt når det gjeld bokmål og nynorsk og har av eigen fri vilje nytta båe målformer frå ungdomstida av. Eg gjekk vidaregåande i Wales, så engelsk er heimsleg og trygt; knallgode lærarar hadde vi også, så av den grunn kan eg framleis snakke flytande tysk, utan å ha budd i Tyskland, og fekk hug til å lære spansk i tillegg. Det er ei gåve å kunne fleire språk, og engelsk er ikkje einaste språket ein bør lære seg.
Kva meiner du er den største utfordringa til nynorsken framover? Den største utfordringa er å få nynorskbrukarane til å halde på nynorsken. Vi har snakka mykje om sidemål, men utan hovudmål har vi inkje sidemål. Så nynorskbrukarane må lese og skrive nynorsk for at språket skal overleve. I dag har dialektskriving tatt over den rolla nynorsken var meint å ha, nemleg som det demokratiske folkespråket. Tal dialekt, skriv nynorsk, er blitt til: tal dialekt, skriv dialekt, og skal du skrive noko anna, så skriv bokmål.
Kva må til for å styrke nynorsk barne – og ungdomslitteratur? Formidlarar, foreldre, lærarar, må slutte å seie “det finst så lite litteratur på nynorsk”. Det finst færre titlar enn på bokmål, ja. Men ofte har folk ikkje fått med seg alt som er kome ut dei siste åra, variasjonen i titteltypar er større enn før. Så må vi ha betre lettlesbøker, det er alle einige om, så der må det pengar til. For å bli stø i eige mål, må ein få lese lettlesbøker på eige mål. I tillegg er det viktig å ha ein stor andel omsett litteratur. Vi verken kan eller skal produsere alle titlane sjølv. Med desse tinga på plass, ser det lyst ut for nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Vi har jo knallgode og prisvinnande forfattarar i stallen vår.