Heim Nyhende Beste by på integrering

Beste by på integrering

 

Stockholm er den byen som best greier å integrere barn av innvandrarar. Det viser ein studie som har samanlikna fleire amerikanske og europeiske byar. Velferddsamfunnet må ta noko av æra for det, meiner forskarar.

I resultata frå Stockholm ser det ut til å vere ein svakara samanheng mellom kva arbeid foreldre har og kva barna deira får av arbeid når dei blir vaksne.

– Det er ein indikasjon på at velferdsstaten har lukkast i å ikkje late ressursane til foreldra påverke resultatat til barna i like stor grad som i dei andre byane, seier ein forskarane i studien, Liza Riesel, til NRK.no.

Kva innvandrarar kjem til ser ut til å vere vel så viktig som kva dei kjem frå, meiner Jon Rogstad ved Fafo. Han er samfunnsforskar med etniske minoritetar, arbeidsmarknad og politisk fdeltaking som sitt felt. Rogstad peikar på at Noreg godt kan amanslikne seg med Sverige i denne saken, men at det også er ein eigen, pågåande debatt om velferdsstaten og kva den har å seie for arbeidsdeltakinga blant innvandrarar i Noreg.

Velfredsstaten kan vere både ein utjamnande faktor og eit tryggingsnett som gjer at det ikkje er falreg å falle utanfor økonomisk, seier Rogstad og peiker på at det er mange faktorar som vil spele inn her.

– Gruppa si eiga oppfatning av om det er mogleg å lykkast er viktig. Om det er slik at den gjengse oppfatning er at uansett kor mykje utdanning du tek så kjem du til å køyre taxi eller vaske, så verkar det negativt inn på dei unge si tru på framtida og eigen suksess, seier Rogstad til NRK.no.

Les heile saken på NRK.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...