Heim Nyhende – Udemokratisk og autoritær prosess

– Udemokratisk og autoritær prosess

Professor emeritus Gunnar Skirbekk meiner at forslaget til ny norsk læreplan er kome til på lite demokratisk vis.

– Norskfaget er altfor viktig til å overlatast til byråkratane i Utdanningsdirektoratet, var den klåre meldinga frå professor emeritus i vitskapsfilosofi, Gunnar Skirbekk, under Nynorskkonferansen 2012.Konferansen i Oslo vert arrangert av Nynorsksenteret og Språkrådet, og har i år den pågåande revisjonen av læreplanen i norsk som tema.

Skirbekk kom med krass kritikk både av læreplanrevisjonen og av prosessen. For det første meiner professoren at definisjonen av norskfaget er altfor uklar, både innetter og sett opp mot andre fag. Han la også stor vekt på at ein må behalde ordninga med eigen skriftleg eksamen i norsk sidemål, som det er foreslått å kutte ut i eitt av alternativa til ny plan.

– Eit fag utan eksamen i eit utdanningssystem med eksamen, er ikkje eit seriøst fag. På sikt vil eit slikt fag forvitre, sa Skirbekk under føredraget sitt torsdag.

– Nesten som Kina

Skirbekk la lite imellom i omtalen sin av Utdanningsdirektoratet, som har ansvaret for revisjonen. Når det kjem til eksamensordningane i norskfaget har direktoratet utarbeidd tre ulike alternativ i utkastet til høyringsnotat, som instansane blir bedne om å kommentere.

– Autoritær styring som ikkje høyrer demokratiet til, seier Skirbekk om dette. Han vil gjerne at ein skal få kome med eigne forslag og alternativ, og ikkje berre vurdere eit utval gjort av departementet.

– Eg synest i utgangspunktet at heile systemet med direktorat er eit problem. Fagdirektorata skal ikkje drive med politikk, men har likevel fått politisk makt. I motsetning til regjeringa kan dei ikkje avsetjast om veljarane er misnøgde med jobben dei gjer, det blir nesten som i Kina, seier Skirbekk til Nynorsk pressekontor etter konferansen.

Kafka-direktorat

– I tillegg er det problematisk at den faglege kompetansen i desse direktorata er ukjend. Då eg bad om å få vite kva kompetanse dei tilsette i Utdanningsdirektoratet har, noko eg trudde skulle vere eit enkelt og greitt spørsmål, måtte eg vente i fire og ein halv månad. Det bør vere eit minstekrav at folk veit kven som jobbar i direktorata, og kva bakgrunn dei har, seier Skirbekk.

Han meiner at direktoratsordninga slik ho er i dag, anten må avskaffast eller omstrukturerast.

– Elles blir dette eit Kafka-aktig system med låg tillit blant folk, seier han.

Mållaget: – Må ha karakter i sidemål

Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, meiner debatten om læreplanen har kome langt det siste året, at han har gått vekk frå spørsmålet om sidemål skal vere valfritt, og til kor stor sidemålsundervisninga skal vere og korleis ein skal vurderast.

– Vi meiner at det må vere ein eigen karakter i skriftleg sidemål, men det betyr ikkje at vi må halde fast på den ordninga som er i dag. Det finst fleire alternativ ut over dei som er presenterte i utkastet til høyringsnotat, og vi ventar til saka er på høyring med å konkludere på kva ordning som er best, seier Øvregård til Nynorsk pressekontor.

– Eg vil ha ting som fungerer. Difor er eg glad for at direktoratet no har gått inn for tidlegare oppstart med nynorsk, det ser eg på som sjølve løysinga.

– Burde diskutert for lengst

Øvregård er veldig glad for at ein konferanse som Nynorskkonferansen vert arrangert, og meiner debattane har vore viktige og gode.
– Men vi burde hatt denne diskusjonen for lenge sidan, seier han.

Læreplanutkastet vert sendt på høyring med endeleg høyringsnotat frå Kunnskapsdepartementet 15. november. Etter at høyringsrunden er over vert det i 2013 vedteke ny læreplan i norsk. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...