Liv Signe Navarsete (Sp) vil sikre jamstellingsvedtaket ved å gi det grunnlovstatus.
– Me skriv Språkåret 2013, og det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Språkstriden er ikkje så hard som før, men reaksjonane kjem massivt når nokon går til åtak på ordningar som sikrar det språklege mindretalet i Noreg. Det skjedde då Utdanningsdirektoratet i 2012 gjorde framlegg om ei kraftig svekking av krava til skriftleg opplæring i sidemål, skriv Navarsete i Firda.
Allereie i 1885 gjorde Stortinget «jamstellingsvedtaket» som sidestilte nynorsk med bokmål.
– Høgre trugar denne jamstellinga med sitt nye program og vilje til å styra saman med Frp. Tida er inne for å sikra den norske språksituasjonen med grunnlovstatus. Dette er normalt i europeisk samanheng ved fleirspråklegheit, skriv Navarsete.
Navarsete viser til at regjeringa gjorde eit balansert vedtak om ny læreplan i norsk, og sikra både sidemålsundervisninga og gode arbeidsvilkår for lærarane.
– Men i mellomtida hadde Høgre vedteke både å avskaffa obligatorisk sidemålsundervisning og å fjerna retten borgaren har til å få svar frå det offentlege på sitt språk. Den som trudde Høgre var kritisk til byråkaratar og byråkrati, må tru om att.
– Eg meiner sterkt og klårt at me som nasjon tek eit stort tap dersom me går vekk frå at skulen skal gje alle god kompetanse i bruk av båe språka, nynorsk og bokmål. Det er språkmisbruk å omtala obligatorisk opplæring i det mest sentrale av faga, norsk, som «tvang». Det er i alle fall ikkje meir tvang enn at alle har møteplikt når klokka ringjer, at alle et maten sin i storefri og at alle skal læra både lesing, skriving, historie og samfunnsfag. Det er nokre ting alle skal læra for at me kan halda fram å vera eit samfunn, seier Liv Signe Navarsete.
– Eg kjem ikkje med dette framlegget fordi nynorsken som språk er truga. I mange av dei godt over 100 nynorskkommunane står språket sterkare enn på lenge og har no vorte sjølvsagt også i næringslivet. Men den delen av landet der nynorsk er førstespråk, har vorte meir geografisk konsentrert til vestlandsfylka, og nynorsk er meir under press i bokmålsdelane av landet, og diverre i somme politiske miljø, slår ho fast.