Heim Innspel Språkleg svømmekurs

Språkleg svømmekurs

Språkets vegar kan verke merkelege og uforståelege nokre gonger. Eit tema som opptek folk, er då til dømes språknormering, som nokon meiner kan vere merkeleg eller uforståeleg.

Det finst dei som likar å irritere seg over eller også vitse med valfridommen i skriftspråkspråka våre, spesielt når noko kan sjå ut til å vere bestemt heilt vilkårleg. Eitt slikt «uforståeleg» døme er sideformene «symje» og «svømme» i nynorsk. Den siste forma kom inn i nynorsken i 2012. No kan ein sikkert diskutere korfor «svømme» ikkje var tillaten som skriftform før, når dei fleste dialektene i dag kanskje har denne varianten, men det er ein annan diskusjon. Autokorrekturen i tekstprogrammet eg bruker, rettar forresten framleis frå «svømme» til «symje».

Det som er interessant, er at den tradisjonelle forma «symje» er eit såkalla jamvektsord. Det tyder at ein kan ha a-ending på dette ordet dersom ein bruker kløyvd infinitiv. Det ville altså kunne vere ein forskjell mellom «symja» med –a og «plaske» med -e. Det siste ordet er eit såkalla overvektsord, som ikkje ville kunne ha a-ending i infinitiv, med mindre ein snakka/skreiv a-mål der alle infinitivane enda på –a.

Då «svømme» kom inn i nynorskrettskrivinga i 2012, blei dette ordet ikkje normert som eit jamvektsord. Nokre vakne språkbrukarar meinte då straks at dette verka svært underleg, og at «normeringsfolka» kanskje brukte terning for å bestemme valfrie former. Men som regel har jo folk som er sett til å ta avgjerder, kompetanse på det dei arbeider med. Så det finst faktisk ei god forklaring på korfor «symje» er eit jamvektsord, mens «svømme» altså ikkje er det.

Det fanst allereie to “sideformer” i gammalnorsk: «symja» og «svim(m)a». Med to m-ar får den siste varianten såkalla overvekt etter kvantitetsomlegginga (kort vokal + lang/dobbel konsonant), mens den andre varianten («symja») hadde kort staving (kort vokal + kort/enkel konsonant). J-en fungerte ikkje som eit vektelement i stavinga. Det er altså ein meir eller mindre matematisk grunn (vektfordeling i stavingane) som førde til at «symja» blei til eit såkalla jamvektsverb, mens «svimma» (svømma) blei til eit overvektsverb, som då kunne få ulike endingar i nyare norske dialekter. I dialekter med kløyvd infinitiv vil ein derfor kunne skilje mellom formene «symja» med -a og «svømme» med -e.

Nokon vil meine at det er ein type molbu-språknormering når to ord som tyder det same, får ulike reglar i skriftspråket. Men «ete» og «spise» kan òg tyde meir eller mindre det same i mange dialekter. Likevel er «ete» eit jamvektsord, mens «spise» er eit overvektsord. Så då kan ein eta når ein vil spise og symja når ein vil svømme. Det kan verke merkeleg og uforståeleg, men det er først og fremst interessant for dei som vel å bruke kløyvd infinitiv i skrift. Dei fleste andre har jo fått eit «svømmekurs» i den lokale dialekta sidan dei blei fødde, og har dei eit jamvektsmål, kan dei gjera, vera, leva – og tala slik det er naturleg for dei.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...