Heim Nyhende – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

– Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

Nynorskelevane må få den same retten til å gå i eigen nynorskklasse i ungdomsskulen som dei har i barneskulen, krev Noregs Mållag.

 

Bakgrunnen for kravet er ein fersk rapport som Proba samfunnsanalyse har laga for Utdanningsdirektoratet, der det går fram av mange av elevane som byter målform frå nynorsk til bokmål, går i klasser der nynorskelevane er i mindretal i klassen. Det er det typiske for ungdomsskuleelevar i randsonene for nynorsk, der målbytet til bokmål er størst.

– Dess mindre mindretalet er, dess større blir sjansane for at nynorskelevane byter til bokmål. Skulane gjer samtidig lite for å motverke mindretalskjensla, seier leiaren i Mållaget, Marit Aakre Tennø.

– Rapporten «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål» viser enda ein gong at nynorskelevane blir overlatne til seg sjølve, og at kompetansen og oppfølginga sviktar på alle nivå frå ungdomsskule til lærarutdanning, seier Tennø.

Skuldar på bokmålsdominans

I intervjua forskarane gjorde med elevar som har bytt målform ved tre skular, peika elevane sjølve på at dei synest bokmål er lettare ettersom nesten alt dei les, er på bokmål. Bokmålsdominans på nær alle samfunnsarenaer gjer at dei blir flinkare i bokmål enn i nynorsk, heiter det i rapporten.

– Inntrykket vårt var at elevane sjølve reflekterte lite over at skulen kunne ha ei rolle i valet deira av målform. Elevane peika heller på den meir generelle bokmålsdominansen, seier prosjektleiar Pia Dybvik Staalesen i Proba samfunnsanalyse om funna dei har gjort.

Men forskarane fann òg at nynorskelevane opplever negative haldningar til nynorsk hos medelevane, og at skulane gjer lite for å styrkje nynorsken ved skulen eller leggje til rette undervisning for nynorskelevane.

– Innfør språkdelte klassar

Marit Aakre Tennø meiner skulen kan gjere mykje for å demme opp for nynorskflukta. Eit enkelt grep kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) kan ty til, er å innføre høve til språkdelte klassar på ungdomstrinnet, meiner ho.

– Lat elevane i ungdomsskulen ha dei same rettane til å gå i eigen klasse i ungdomsskulen som i barneskulen, så langt det er råd. Om dei ikkje er mange nok til ein heil klasse, må ein samle nynorskelevane i same klassen, seier Tennø.

Mållagsleiaren meiner òg at kunnskapsministeren må ta tak i nynorskopplæringa ved lærarutdanningane. Av rapporten går det fram at det er store variasjonar mellom lærarutdanningane i korleis dei vurderer norskkompetansen hos studentane, og at det er stor uvisse om korleis kompetansen i nynorsk og bokmål skal gå fram av vitnemålet.

– Lærarutdanningane må gi betre opplæring i nynorsk, og nynorskkompetansen må komme klart til uttrykk på vitnemålet, krev Tennø. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...