Heim Innspel Gunaratnam har forstått det

Gunaratnam har forstått det

Målet med norskfaget i skulen er å gi best mogleg opplæring i norsk. Kva elles?

 

Talet på emne og arbeidsmåtar i faget kan diskuterast, men ikkje grunnlaget: «Norsk» er skriftspråka nynorsk og bokmål og mange munnlege dialektar. Dessutan: Læreplanen i morsmålsfaget skal vere den same over heile landet, anten ein bur i sør eller nord, aust eller vest. Det er også sjølvsagt.

Alt dette ser nestleiar Khamshajiny Gunaratnam i Oslo Arbeidarparti ut til å ha forstått. I motsetnad til nokre av partifellene frå hovudstaden, som tidlegare i haust har gjort framlegg om å redusere sidemålsopplæringa til eit uforpliktande minimum. I eit intervju i Aftenposten denne veka seier Gunaratnam at ho ser på debatten om talet på karakterar i norskfaget som ei avsporing, og at ho heller vil drøfte innhaldet i norskfaget.

Oslopolitikaren vil også ha «halve pensumet på nynorsk», ifølgje tittelen i avisoppslaget. Poenget med det er at elevar med bokmål som opplæringsmål skal bli meir vane med å sjå og lese den mindre brukte norskvarianten nynorsk. Slike forsøk med nynorske lærebøker har blitt gjennomført mange stader dei siste åra – med svært positivt resultat. Det har gitt både meir variert språkleg repertoar og auka metakunnskap om eige hovudmål. I tillegg tyder tilbakemeldingane frå desse forsøka på at det er god vaksine mot fordommar, som igjen er bygde på kunnskapsløyse.

Her kan det høve å referere Aftenposten-journalisten sine kritiske spørsmål i den før nemnde reportasjen, truleg på vegner av mange skuleelevar: «Hva med å avvikle det [nynorsk i norskfaget] helt?» og «Man skal ikke bare droppe hele nynorsken da»? 

Når ein drøftar innhaldet i norskfaget i skulen, må ein ta utgangspunkt i offisiell norsk språkpolitikk. Grunnlaget der er at norsk finst i to offisielle variantar: Nynorsk og bokmål. Slik har det vore i 130 år, og det er brei politisk semje om at dei to målformene framleis skal ha status som formelt likeverdige nasjonalspråk. Dette er nedfelt i lovverk, reglement, læreplanar og stortingsmeldingar. Det kan sjølvsagt endrast ved politiske vedtak i framtida, men det skjer neppe over natta med argumentet om at skuleelevar i Oslo ikkje «ser vitsen».

Det doble skriftspråklege normsettet i Noreg har skapt mykje strid og kiv opp gjennom åra, men det har også gitt nordmenn eit aktivt og engasjert forhold både til eige skriftspråk og til dei mange variantane av munnleg norsk. Pluss ein rik og variert litteratur. Alt i alt er det eit reknestykke som går i pluss med god margin.

Opplæringa i sidemål bør difor ikkje vere er eit problem. Det er ein ressurs.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...