Nesten 200 kommunar har bestemt seg for å halde folkeavstemming om å slå seg saman med naboen. I eit fleirtal av kommunane er truleg svaret gitt på førehand.
– Det store talet på folkeavstemmingar er eit signal om at dette prosjektet ikkje vil lykkast. Det er eit uttrykk for den sterke motstanden mot samanslåingar, seier professor Tor Bjørklund ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo til Aftenposten.
Bjørklund er overbevist om at minst tre av fire folkeavstemmingar vil ende med eit klart nei til samanslåing. Årsaka er, ifølge Bjørklund, at diskusjonane om folkeavstemming er gjennomsyra av taktiske vurderingar.
– Blant dei som er imot samanslåingar, er 70 prosent for folkeavstemming. Blant tilhengarane av samanslåing er støtta til folkeavstemming ned mot 30 prosent, forklarar han.
I samband med kommunevalet i fjor hadde 14 kommunar folkeavstemming om kommunesamanslåing. Berre i to kommunar sa befolkninga ja. Det var i trøndelagskommunen Rissa og i Tjøme i Vestfold.
I Rissa sa 63,3 prosent ja til å bli slått saman med Leksvik. Men i Leksvik var det heilt jamt: 949 stemmer mot 949.
I dei andre kommunane med folkeavstemming – Herøy, Dønna, Leirfjord, Åseral, Re, Sande, Hjelmeland, Bø, Vang, Gran og Lunner – sa veljarane nei til samanslåing. (©NPK)