Heim Nyhende Film skal få fart på folkedansen

Film skal få fart på folkedansen

Songleikar og andre typar folkedansar har djupe røter i norsk kultur, men fleire stader er det ikkje lenger så mange som kan læra bort dei tradisjonelle folkedansane. Håpet er at over 70 fengjande opplæringsfilmar på nettet skal retta på dette.
 

Ved å klikka seg inn på nettsida Folkepedia.no, kan små og store læra seg både enkle og avanserte folkedansar steg for steg heime i si eiga stove. På Spotify er det dessutan laga eigne lister med musikk som passar til dei ulike dansane.

Det er Noregs Ungdomslag som står bak tiltaket. Prosjektet har gått føre seg i rundt to år. Organisasjonen har også tidlegare laga undervisningsfilmar, men i dei nye dansefilmane er det barn og ungdom som er læremeistrar og dansepedagogar. Det er spesielt også i nasjonal samanheng.

– Unikt i Noreg

Folkepedia er først med dette i Noreg, seier initiativtakar Halldis Folkedal (34). Ho er sjølv folkedansar og lektor i dans.

VIL SPREIA DANSEGLEDE: Gjennom dansefilmane og prosjektet Folkepedia håpar folkedansaren og initativtakaren Halldis Folkedal å spreia folkedans og danseglede til nye målgrupper. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
VIL SPREIA DANSEGLEDE: Gjennom dansefilmane og prosjektet Folkepedia håpar folkedansaren og initativtakaren Halldis Folkedal å spreia folkedans og danseglede til nye målgrupper.
Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Saman med den prislønte filmskaparen Jørn Nyseth Ranum og eit filmteam, har ho reist land og strand rundt og filma barn og unge som dansar og presenterer folkedans.

– Eg trur det er mykje meir fengjande at ungane sjølve formidlar enn at eg som vaksen skulle stå og undervisa, seier ho.

Målet er å spreia folkedansen til nye målgrupper og at fleire unge skal oppdaga gleda ved å dansa.

Gode tilbakemeldingar

Halldis Folkedal frå Hardanger voks sjølv opp med folkedans. I dag er ho den første og einaste folkedansaren i Noreg med praktisk pedagogisk utdanning frå Kunsthøgskulen i Oslo. Som kurator og ansvarleg for det pedagogiske og kunstnarlege i dansefilmprosjektet, ivrar ho for at fleire unge skal oppdaga folkedansen og gleda ved å dansa.

For Halldis og teamet hennar har det vore viktig at dansefilmane skal vera proffe, fengjande og ha eit individuelt særpreg. Tilbakemeldingane er lovande. Ikkje minst er det mange lærarar som har teke filmane i bruk. Også mange danseinstruktørar har oppdaga dansefilmane.

Folkedal håpar også at ein del ungdommar ser filmane på nettet og lærer seg dansane direkte – utan å gå via danselærar.

Lær deg ein hallingspringar her:

Les også: 36 millionar kroner skal få unge til å danse

– Vil visa mangfaldet

Gjennom dansefilmane ønskjer Halldis Folkedal å gjera folkedansen meir synleg og løfta fram det store mangfaldet innan danseforma.

– Eg vil både gjera folkedansen meir synleg og normalisera han litt, seier ho.

For unge som driv med folkedans trur ho det er viktig å sjå at andre unge gjer det same. I dei rundt 70 filmane møter vi barn og ungdom frå ulike delar av landet, i by og bygd.

Spennvidda i dansane er stor, frå enkle songleikar og songdansar til meir avanserte folkedansar med krevjande sprett og hopp.

LOKALE TRADISJONAR: Gjennom dansefilmane kan folk læra seg folkedansar frå mange plassar i landet. Her frå Torpo i Hallingdal. Foto: Solveig Brekke Hauknes / Noregs Ungdomslag
LOKALE TRADISJONAR: Gjennom dansefilmane kan folk læra seg folkedansar frå mange plassar i landet. Her frå Torpo i Hallingdal.
Foto: Solveig Brekke Hauknes / Noregs Ungdomslag

Les også: Ein (s)låt(t) eg likar

– Reddar tradisjonar

Folkedal meiner opplæringsfilmane også er viktig for å ta vare på den immaterielle kulturarven som folkedansen representerer. Nokre stader skal det lite til for at denne kunnskapen går i gløymeboka.

– Eg trur den største skilnaden no og for berre nokre få år sidan er at det er færre som kan undervisa i folkedans. Folkepedia er eit viktig bøtemiddel for dette, seier ho.

Ho peikar på at det i dag også er langt færre barneleikarringar enn tidlegare, og at folkedansen stort sett er fråverande i kulturskulane.

– Ei undersøking eg var med å laga for nokre år sidan viste at det berre var berre 4,4 prosent folkedans i kulturskulane, seier ho.

Som tidlegare styreleiar for Dans i skulen ivrar Halldis Folkedal også for at folkedans og dans generelt bør inn i skulen.

– I dag er folkedansen heilt avhengig av eldsjeler, seier ho.

TRENG FLEIRE SOM UNDERVISER: Dei seinare åra har det blitt færre som underviser i folkedans. Det håpar iniativtakarane at Folkepedia og dansefilmane kan vera med å bøta på. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag
TRENG FLEIRE SOM UNDERVISER: Dei seinare åra har det blitt færre som underviser i folkedans. Det håpar iniativtakarane at Folkepedia og dansefilmane kan vera med å bøta på. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Les også: Typisk norsk å vera påverka av andre

Den store draumen

Går det som Halldis Folkedal og Noregs Ungdomslag håpar på, kan opplæringsfilmane vera med å retta på dette og bli starten på ei større satsing. Planen er at filmane skal bli ein del av ein eigen portal for folkedans og folkemusikk.

Draumane for prosjektet er mange, men det viktigaste er at filmane blir brukt.

– Den store draumen er eigentleg berre at folk skal sjå filmane, byrja å dansa og oppsøkja andre som dansar.

– Kva seier du til dei som meiner dei ikkje kan dansa?

– Eg trur alle kan dansa og at sperrene berre er psykiske. Du må berre prøva. Med desse filmane kan du vera i eit rom og øva for deg sjølv. Å dansa saman med andre er likevel ein del av gleda med folkedans, seier Halldis Folkedal.

DANS OVERALT: I dansefilmane blir folkedansane vist fram overalt. Eit viktig mål er å gjera folkedansen til noko naturleg i kvardagen. Her frå Hellesylt i Møre og Romsdal. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag
DANS OVERALT: I dansefilmane blir folkedansane vist fram overalt. Eit viktig mål er å gjera folkedansen til noko naturleg i kvardagen. Her frå Hellesylt i Møre og Romsdal. Foto: Halldis Folkedal / Noregs Ungdomslag

Les også: «Folkepedia» skal spreia folkedans til folket

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...