Saman om kart
Av Toyni Tobekk 23.apr.2009
Ni kommunar i Nordhordland samarbeider om ein digital kartportal som skal gjere kvardagen enklare for private så vel som det offentlege.
Gjennom kartportalen norhordlandskart.no er det lagt til rette for eit utal mulegheiter for innbyggjarar og sakshandsamarar som treng vite om grenser, næringseigedommar, strandsoner og andre planrelaterte saker.
Felles regelsett og rutinar for planarbeid, oppmåling og liknande tenester, skal gi sakshandsaming på like vilkår uansett kva for ein av dei ni kommunane ein bur i.
Finne lokalmiljøet
Karttenesta vil dessutan vere av stor privat interesse, meiner utviklarane.
– Folk som lurer på å flytte til ein av kommunane kan til dømes gå inn på kartet og sjå kor langt det er frå eit aktuelt byggefelt til ein barneskule, forklarar Harald Stanghelle, leiar i arbeidsgruppa for Nordhordlandskart. Stanghelle er IKT-rådgjevar i Radøy kommune, og han legg vekt på at eit tett samarbeid mellom IKT og dei kart-faglege er heilt avgjerande for å få ei slik teneste så god som muleg.
Sjølv om den digitale karttenesta tilsynelatande er lik den tenesta dei fleste fylka i landet kan tilby, så har nordhordlandsmodellen fleire fordelar.
– Vi kan vere kjappare i oppdatering og utvikling, og vi går djupare i det lokale, seier Stanghelle. Til dømes kan karttenesta i Nordhordland syne kor i kommuneplanen det er sett av næringstomter, noko som ikkje er vanleg på andre kart. Enno kan ikkje kartet fortelje kva tomter som til ei kvar tid er ledige, men planen er å lage eit eige temakart for næringsareal.
Utløyser midlar
Dei ni kommunane som utgjer Nordhordland digital er Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy. I kartportalen samarbeider dei med fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Statens kartverk, Bergen. Etableringa av kartportalen i 2004 blei finansiert av KRD og næringslivet i regionen. Hordaland fylkeskommune bidrar med subsidiert drift av kartportalen og fylkesmannen yter tilskott frå tildelte skjønsmidlar til tiltaket.
Forutan å samarbeide om karttenestene har regionen felles GPS og anna spesialutstyr som kvar kommune kan bruke etter behov. Det er og med og held kostnadene nede både for kommunane og for brukarane.
Skal ha alt
Etter at nordhordlandskart.no vart utvikla har og Bergen og omland adoptert strukturen for portalen, fortel Stanghelle, og regionane samarbeider om den vidare utviklinga. Han ser ikkje bort frå at andre regionar kan la seg freiste av arbeidet dei har gjort.
Arbeidet med nordhordlanskart.no har tilført Digitale Nordhordland mykje kartkompetanse og styrkt fagmiljøet. Kommunane er blitt ein del av Geovekst, eit geodatasamarbeid mellom kommunane, Statens kartverk, Telenor, Statens vegvesen, Energiforsymingens Fellesorganisasjon, Kommunenes Sentralforbund, og Landbruksdepartementet.
– Vi ønskjer på sikt at alle interkommunale selskap skal ta del i samarbeidet, slik at vi best muleg kan utnytte kvarandre sin informasjon gjensidig, seier IKT-rådgjevar Stanghelle.
I dag er det dessutan slik at mykje informasjon som ligg i portalen og andre kommunale register og arkiv er aktuell å få tilgang til i samband med eigedomsall eigedomssal, slik som grensegangar, eigedomsskatt eller vatn og kloakk. Tanken er at all slik informasjon skal kunne hentast ut frå kartportalen, fortel Stanghelle.
– Mest muleg automatisering, det er målet.