Heim Nyhende Ynskjer samarbeid

Ynskjer samarbeid

– Kommunane i Sunnhordland bør satse på samarbeid for å kunne hjelpe etablerarane på den beste måten, meiner nærings – og utviklingssjef i Bømlo kommune, Magne Raknes.

Målet må vere å få på plass eit tett nettverk mellom kommunane. Slik kan ein i fylgje Raknes sikre at kommunane ikkje må sitje med dobbel kompetanse når det til dømes gjeld etablerarverksemd.

– Bømlo er gode på havbruk, medan Kvinnherad er gode på reiseliv. Med eit tett samarbeid kan kommunane dele nettverk og kompetanse, seier Raknes.

Rugekasse

Det interkommunale selskapet Samarbeidsrådet for Sunnhordland gir også i dag etablerarar rettleiing for gründerar, samstundes som dei arrangerer etablerarkurs. Selskapet har også eit regionalt næringsfond som blant anna støttar nyskapande tiltak i næringslivet. I tillegg arbeider det regionale samarbeidsorganet Atheno med å etablere inkubatorverksemder i kommunane. Ein inkubator fungerer som rugekasse og fødselshjelp for verksemder. I dag er det berre Stord, Bømlo og Tysnes som har distribuert inkubator.

– Målet er at me får på plass ein inkubator i alle kommunane. Det er ofte litt forvirrande for etablerarane. Alle vil ha dei, men samstundes er det ofte vanskeleg å vite kor ein skal ta kontakt for å få støtte, seier næringssjefen og peikar på at meininga må vere at gründeren skal få god støtte både i den enkelte kommunen og i det interkommunale organet

Utfordringane framover

Raknes legg også vekt på at næringsutvikling handlar om meir enn nyetablerarane.

– Me må også vidareutvikle dei eksisterande bedriftene. Det er ingenting som står i ro, seier han.

– Den største utfordringa for næringslivet i Bømlo no framover vert å kome over finanskrisa. Spesielt i maritim sektor, der det har blitt færre ordrar, ser ein no nokre utfordringar. Men næringslivet her har ein annan bedriftskultur enn på Austlandet o g i byane. Verksemdene her sløser ikkje med midlane, difor klarer dei også å overleve slike kriser som denne.

Magne Raknes peikar på at Bømlo har eit spreidd næringsliv med fleire mellomstore verksemder, der fleire har ein internasjonal marknad. Mellom anna viser han til verksemder som reiarlaget Eidesvik, fiskeforedlingsselskapet Salma og Servogear som gode døme.

Førre artikkelSatsar på språkglede
Neste artikkelRik historie

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...