Heim Nyhende Får ideane fram

Får ideane fram

Sertifisert oppmuntringsagent og idéastronaut Kåre Spissøy trur på å dyrke dei gode ideane. Kommunesamanslåing kan vere ein av dei.

– Som etablerar saknar eg at Bømlo kommunen har ei tydeleg rådgjevarrolle. Frå eit slikt synspunkt ser eg heilt klart at ein storkommune i Sunnhordland kan løne seg. I ein storkommune kan ein i større grad samle kreftene og kompetansen som kan rettleie dei som ønskjer å setje ideane sine ut i live.

Spissøy har forståing for at ein enkelt næringssjef i ein liten kommune ikkje kan ha alle rollene ein kunne ønske seg.

– Men vi treng folk med brei kompetanse, som vi kan snakke med og få råd hos. Pengestøtte er òg naudsynt.

Idéutviklaren har sjølv blitt den som gir råd til andre etablerarar. Men, som han seier, han lever av dette og kan ikkje alltid gi vekk kompetansen sin gratis.

Byta beite

Spissøy etablerte seg på heimegarden på Spissøy i 2001 saman med kone og tre barn. Då hadde han budd vekke frå heimkommunen ein del år. Ekteparet hadde gode jobbar i Arendal, Spissøy sjølv jobba i Innovasjon Noreg. Men eit generasjonsskifta var i emning, og familien valde å flytte på seg.

Sidan då har Spissøy starta bedrifta Livsverkstad, kor han jobbar med å hjelpe andre til å oppdage og realisere dei gode ideane, til å setje i gang prosjekt og sjå dei i hamn. Og gode idear vantar det ikkje på, seier han. Gründerånda er sterk i regionen.

Ikkje berre pengar

Spissøy er oppteken av å gje etablerarane gode kår utan at fokuset skal vere utelukkande på pengar. Ein god idé avheng først og fremst av personen bak ideen, meiner han. Er det ein person som er viljug til endring, er produktet konkurransedyktig, og finst det ein finansieringsplan som er gjennomførleg, så kan ideen setjast ut i live. At eit prosjekt skal vere levedyktig berre fordi ei kvinne, ein ungdom eller ein gardbrukar har tatt initiativet, er ikkje eit godt nok grunnlag i seg sjølv for at ein ide kan gjennomførast. Enno verre er det om motivasjonen berre er pengar.

– Då kan ein heller gå til NAV, seier han. Den gode ideen, derimot, har eit langsiktig perspektiv og fører til endring.

Brysame bompengar

Med Haugesund og Bergen som eit like naturleg nedslagsfelt som Bømlo blir det få arbeidsdagar han sit heime på kontoret.

– Det blir mykje reising, både med bil, båt og fly. Det har òg sin pris.

Gründeren siktar til passeringa av Trekantsambandet, det vil seie bruene om knyter Stord og Bømlo til fastlandet. Bruene er bompengefinansierte, og sjølv om Spissøy er svært positiv til å ha fastlandssamband, er han skeptisk til kommunen sine planar om ei bompengefinansiert vegopprusting i stor skala.

Glede i bygda

Spissøy er oppteken av å skape eit levedyktig lokalsamfunn. Korleis det kjennest å bu der ein bur, er vel så viktig som kva som finst der av butikkar og offentlege kontor, meiner han. På Bømlo er det 15 bygder, og for dei som bur der, er det avgjerande at bygda er levande, at folk gjer noko saman.

– Det er til tider mykje fokus på store reiseavstandar på bygdene. Men vi må nesten alltid i bil uansett kor vi skal. Eg trur ikkje det speler så stor rolle om eg har kort eller lang veg til butikk eller kommunehuset. Det er viktigare at samhaldet mellom folk i bygda mi er godt.

Skulle kommunen hans vekse seg større og vekse seg ut over grensene, så er han heller ikkje redd for at avstanden til makthavarane blir for stor.

– I eit system er ein heilt nøydd til å ha folk som kjenner det lokale, uavhengig av om kommunen er stor eller liten.

Førre artikkelRustar opp vegnettet
Neste artikkelLever ut ein draum

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...