Heim Nyhende Sentralisering av kompetanse

Sentralisering av kompetanse

Seniorrådgjevar Helge Røed ved Agderforskning legg vekt på at ein sterk konsentrasjon av kunnskapsarbeidsplassar påverkar busetjingsmønsteret vårt.

– Den største delen av befolkningsveksten vår er konsentrert rundt den store Oslo-regionen. Det einaste området som kan matche den veksten, er Stor-Stavanger. Andre storbyregionar som Tromsø, Trondheim eller til dømes Kristiansand klarer ikkje det, men dei kan vere med og stabilisere busetjinga i regionen, slår Røed fast.

– Me har heilt klart ei ubalansert befolkningsutvikling.

Han meiner mykje av grunnen til den sterke konsentrasjonen er at kunnskapsnæringane og kompetansearbeidsplassane vert samla og sentralisert rundt Oslo-regionen.

– Det er ein stor arbeidsmarknad som tiltrekk seg ungdom med høg utdanning, og der begge ektefellane kan få attraktive jobbar, meiner han og viser til artikkelen Globalisering og omstilling, som tidlegare arbeids- og administrasjonsminister og professor i samfunnsøkonomi, Victor Norman og professor Karen Helene Ulltveit-Moe la fram i 2008. Her skildrar Norman og Ulltveit-Moe ein klyngjemekanisme der konsentrasjonen av kunnskapsbedrifter vil auke der den allereie er stor, med andre ord i Oslofjord-området. Dei hevdar vidare at dette kan føre til ei økonomisk kostbar og uheldig todeling av landet.

Store utfordringar

Helge Røed legg vekt på at denne konsentrasjonen ikkje minst gjeld helse og medisin, finansnæringa, forsking og høgare utdanning, kultur, media og internasjonale verksemder. Skal ein til dømes rekne med ein karriere innan media, må ein nesten til hovudstaden dersom ein ikkje vil vere bunden til ei avis eller ein tv-stasjon resten av tida i arbeidslivet.

– Det er bra at kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) vil vere med og bidra til ein diskusjon om korleis ein kan få til ei betre fordeling av kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

Likevel forstår han at mange i det sentrale Oslo-området no er provoserte av utspela frå kommunal- og regionalministeren.

– Sjølv om det er her den sterkaste konsentrasjonen av kompetansearbeidsplassane er, er det også her ein har dei største levekårsutfordringane. Og det største sosiale skiljet mellom ulike bydelar. Oslo har ein stor jobb å gjere her, slår Helge Røed fast.

– Staten må ikkje bli oppfatta slik at dei utfordringane Oslo slit med, ikkje er viktige.

Vil ha tydeleg politikk

Ein parallell diskusjon om fordelinga av kunnskapsarbeidsplassane pågår no både i Danmark og i Storbritannia.

– Dette er ein tung trend det skal sterke motkrefter til for å klare å påverke. Ta finansnæringa til dømes, den er nesten utelukkande etablert i Oslo-området. Me treng ein tydelegare regionalpolitikk dersom ein skal oppnå noko. Tidlegare såg me ei sterkare desentralisering av ein del store og statlege verksemder. Det er det mindre av no, meiner Røed, som også legg vekt på at det no ser ut som at alt styret rundt desse flyttingane har roa seg.

Det er synd for Noreg dersom sysselsetjingsmoglegheitene for ungdom med høgare utdanning framleis vil bli konsentrerte rundt Oslo-området, påpeikar han.

– Kvifor trur du ikkje media fanga denne saka i særleg grad før Liv Signe Navarsete inviterte til Motmakt-møte i Oslo?

– Det er jo typisk for mediesituasjonen vår. Media i Oslo er ikkje riksmedia sjølv om dei gjerne vil framstå som det. Det er ingen av dei som har tatt den rolla skikkeleg, difor konsentrerer dei seg om det som skjer i Oslo-området.

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...