NRK-journalist Astrid Brekken meiner nyhende ikkje skal presenterast på dialekt. I dag fekk ho Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar.
– NRK har ein praksis med at det skal brukast nynorsk eller bokmål når ein presenterer nyhende. Eg meiner denne praksisen ikkje skal rokkast med. I andre program bør det og vere ein ver varsam-plakat for dialektar, sa Brekken i takketala si.
Journalisten sjølv er frå Lesja og er ein gjennomført dialektbrukar. Ho uttrykte glede over at det er stor aksept for dialektbruk her i landet, men peika på kor stort mangfald det er i dialektane våre og korleis dette kan gjere terskelen for forståing høgare.
– Vi treng at skriftspråka blir dyrka og brukt også munnleg, sa ho. Brekken føreslo å byte ut slagordet “Skriv nynorsk, snakk dialekt” med “Skriv nynorsk, snakk dialekt og nynorsk”.
Astrid Brekken har vore journalist i snart 40 år, og ho er kjend frå mellom anna Sånn er livet og På livet laus. Ho fekk i dag Kulturdepartementet sin årlege pris for nynorskjournalistar.
– Astrid Brekken har vore til stades i samfunnsdebatten i ein kvinnealder. Ho gjer lyttarane sine liv rikare gjennom undring, tanke og kunnskap, sa prisutdelar Olaug Nilssen i dag. Brekken har brukt nynorsk gjennom heile sitt virke, og prisutdelarane meiner ho har vore eit førebilete for sine yngre kolleger.
– NRK har ein praksis med at det skal brukast nynorsk eller bokmål når ein presenterer nyhende. Eg meiner denne praksisen ikkje skal rokkast med. I andre program bør det og vere ein ver varsam-plakat for dialektar, sa Brekken i takketala si.
Journalisten sjølv er frå Lesja og er ein gjennomført dialektbrukar. Ho uttrykte glede over at det er stor aksept for dialektbruk her i landet, men peika på kor stort mangfald det er i dialektane våre og korleis dette kan gjere terskelen for forståing høgare.
– Vi treng at skriftspråka blir dyrka og brukt også munnleg, sa ho. Brekken føreslo å byte ut slagordet “Skriv nynorsk, snakk dialekt” med “Skriv nynorsk, snakk dialekt og nynorsk”.
Astrid Brekken har vore journalist i snart 40 år, og ho er kjend frå mellom anna Sånn er livet og På livet laus. Ho fekk i dag Kulturdepartementet sin årlege pris for nynorskjournalistar.
– Astrid Brekken har vore til stades i samfunnsdebatten i ein kvinnealder. Ho gjer lyttarane sine liv rikare gjennom undering, tanke og kunnskap, sa prisutdelar Olaug Nilssen i dag. Brekken har brukt nynorsk gjennom heile sitt virke, og prisutdelarane meiner ho har vore eit førebilete for sine yngre kolleger.