Heim Blogg Side 13

Mållaget oppmodar om å markere nynorskdagen

0

Noregs Mållag og Norsk målungdom invitere alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket».

– Målet er å få sjå litt meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei sak på nettsidene til organisasjonen.

– Det er viktig å gjere det lett og artig å prøve seg på å skrive nynorsk. Sidan alle kjenner nynorsken frå skulen, kan det vere både dårlege og gode erfaringar med nynorsken. Vi ynskjer å utfordre dei som sjeldan eller aldri skriv nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Mållaget vil at dette skal vere ein dag der endå fleire får del i det flotte språket, og kanskje også verte kjende med Mållaget og Målungdomen på ein ny måte.

(©NPK)

Stadig fleire bedrifter nyttar nynorsk – og no har dei samla seg

Stadig fleire bedrifter, spesielt innan reiseliv, nyttar nynorsk i kommunikasjonen sin internt og i marknadsføringa mot den norske marknaden. No har nynorskbedriftene samla seg i ei eiga foreining.

Nynorsk bedriftsforum er ei samanslutning av ulike typar selskap som har det til felles at dei nyttar nynorsk. Eit landsdekkjande kontaktnett av og for nynorskbedrifter, som dei seier sjølve. Dagleg leiar Monika Haanes Waagan fortel at dei no har 25 medlemsbedrifter, og at det har kome nye til kvar månad sidan dei starta opp i november i fjor.

Tunge næringsaktørar på Sunnmøre, slik som Ulstein-gruppa og Mafoss (Maritim foreining for Søre Sunnmøre) var med på stiftinga av den nye organisasjonen. I styret, som blir leidd av Jan Thormodsæter frå Mafoss, er det også med folk frå Alti-kjøpesentera, Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Søkjemotoren Google

Haanes Waagan fortel at det er tre store utfordringar som nynorskbedrifter møter. Den første utfordringa er den største og viktigaste søkjemotoren på nettet, Google. For dei som hentar dei største kundegruppene sine frå marknadsføring på nettet, er det vanskeleg å bli synleg der. Det har med å gjere at nynorskord taper mot bokmålsord i kampen om å kome med i søket.

– Det er ikkje berre ei aktiv diskriminering av nynorske ord, men ei aktiv utsiling. No trur vi ikkje at dei gjer det for å diskriminere nynorsken, men praksisen gjer at det er det som skjer.

Kommunikasjonssjef Sondre Ronander i Google Noreg seier at dei heile tida jobbar med å forbetre systema sine, slik at dei lettare kan forstå og hjelpe alle med å finne det dei leiter etter, same kva språk dei brukar.

– For å få til dette vurderer systema ei rad faktorar, frå kva ord som blir vist på nettsida, kor ferskt innhaldet er og fleire ting, for å gi folk tilgang til dei mest relevante og beste søkjeresultata som er tilgjengelege. Kjernen av å levere relevant informasjon er evna vår til å forstå språk, og systema våre er ikkje perfekte. Kvart år gjer vi fleire tusen forbetringar i Google Søk. Vi testar desse for å sikre at dei verkeleg gjer opplevinga betre for dei milliardar av søk som blir gjort kvar dag, seier han til Nynorsk pressekontor.

Det andre problemet for mange nynorskbedrifter er kompetansen internt. Det er tilsette som ikkje kjenner seg trygge nok på språket til å bruke nynorsk, og det gjer kanskje at nøkkelpersonar internt må bruke mykje tid på språkvask eller rettleiing.

Tekniske løysingar

Det tredje problemet er ifølgje Haanes Waagan at det er vanskeleg å finne tekniske løysingar som støttar nynorsk. Bedriftene i dag nyttar svært mange ulike typar programvare og applikasjonar, og få er tilgjengelege på nynorsk. Det gjer at om ein ikkje ynskjer å gå inn eit kompromiss om språket, så må dei bruke pengar på å utvikle eigne løysingar.

– Vi ser også at selskap som er med i ei kjede, slik som mange hotell, kan ha problem med kommunikasjonen med systema til kjeda, som gjerne berre nyttar bokmål, seier ho.

Ho er også uroa over tendensen i samfunnet, ikkje minst i akademia, til at stadig meir går føre seg på engelsk. Og i den kampen står nynorsk mykje svakare enn bokmål.

– Trass i alle problema, så er det mange som vil bruke nynorsk. Hovudmotivasjonen er at det er vårt språk, og det handlar om identitet, stoltheit og samfunnsansvar. Nyleg var det ei handverksbedrift som melde seg inn, og leiaren gjorde det klart at han var villig til «å gå ei ekstra mil» for å kunne bruket språket sitt.

Monika Haanes Waagan seier at Nynorsk bedriftsforum ikkje skal vere moralistar og misjonærar for å få bedrifter til å bruke nynorsk, men at dei skal støtte og hjelpe dei som alt har teke eit val om å bruke nynorsk. Men ho ynskjer seg fleire medlemer forumet.

Det er tydeleg at stadig fleire reiselivsbedrifter i typiske nynorskområde på Vestlandet tek i bruk nynorsk som språk i marknadsføringa. Store hotell som Hotell Union i Geiranger på Sunnmøre og Hotell Alexandra i Loen i Nordfjord brukar berre nynorsk på dei norske sidene sine.

Historieforteljing

Tradisjonsrike Hotell Union på Øye i Nordangsdalen på Sunnmøre har også gått over til berre å bruke nynorsk på dei norske nettsidene sine.

– Det er heilt logisk for oss. Vi ligg midt i nynorskområdet, der historieforteljing er ein viktig del av verksemda vår. Dessutan er nynorsk eit mykje betre og rikare språk enn bokmål, seier dagleg leiar Mariann Øye.

Ho fortel at dei berre har fått positive tilbakemeldingar på at alt skriftleg som kjem frå hotellet, både i sosiale medium og på nettsidene, er på nynorsk. Det einaste problemet for dei har vore at ein del tilsette har hatt problem med språket i starten, men at dette har gått seg til fint.

Vidkjende hotell som Kviknes i Balestrand i Sogn nyttar også nynorsk. Det same er gjer Hofslund Fjordhotell i Sogndal. Medan hotell som er med i kjeder har nettsider på bokmål

Gamle og ærverdige Fleischers Hotell på Voss brukar rett nok bokmål, men konkurrenten Park Hotell Vossevangen nyttar utelukkande nynorsk.

Hotell Ullensvang i Hardanger har valt å bruke bokmål på dei norske nettsidene sine, og det same gjer Hotell Dalen i Telemark, sjølv om hotellet ligg i nynorskkommunen Tokke. Så det er blanda korleis bedriftene marknadsfører seg språkleg mot den norske marknaden.

Elles har mange av hotella engelske og tyske versjonar av nettsidene sine.

Nynorsk finansspråk

Tre sparebankar er også med i samanslutninga av nynorskbedrifter, Sparebanken Sogn og Fjordane, Luster Sparebank og Voss Sparebank. Sparebanken Møre og Sparebank 1 Søre Sunnmøre nyttar også mykje nynorsk, men er ikkje medlem av samanslutninga.

Kommunikasjonsdirektør Johanne Viken Sandnes i Sparebanken Sogn og Fjordane fortel at dei er klare på at nynorsk er forretningsspråket deira og ein del av identiteten og merkevara deira.

– Det er naturleg at vi som regionalbank nyttar nynorsk i den skriftlege kommunikasjonen vår, og vi brukar nynorsk uansett kvar vi annonserer, om det er i Oslo, Førde eller Bergen, seier ho til NPK.

Sandnes seier at dei generelt får få klagar på språkbruken, trass i at dei har veldig mange kundar utanfor Sogn og Fjordane. I all hovudsak er tilbakemeldingane på språket positive.

Når det gjeld problema med å nå fram i søkjemotoren Google, har ho ikkje inntrykk av at det er eit problem for dei.

– Det er nokre få søkjeord som ikkje harmonerer like godt, men vi jobbar stadig med å vere synlege, og vi opplever at vi viser godt igjen, seier kommunikasjonsdirektøren.

(©NPK)

Ny opplæringslov heng ikkje med i tida

Framlegget til ny opplæringslov stiller krav om at skriveprogram i skulen skal fungera like godt på nynorsk og bokmål. Men kvifor er det framleis lov å utvikla og kjøpa inn anna digitalt innhald, laga til bruk i skulen, berre på bokmål? Det tener korkje nynorskelevar eller bokmålselevar på, seier Språkrådet.

Språkrådet ropar hurra for lovfesting av krav til skriveprogram på begge skriftspråka og med korrekt rettskriving. Men departementet vidarefører i framlegget ein gammaldags definisjon av læremiddel som gjer at mykje av det digitale innhaldet som er utvikla til bruk i skulen, kan halda fram med å vera berre på bokmål eller på dårleg nynorsk. Det vil gjera det vanskeleg å nå målet om likeverdig språkopplæring.

Det såkalla parallellitetskravet i opplæringslova krev at alle læremiddel skal vera tilgjengelege både på bokmål og nynorsk til same tid og pris. I framlegget til ny opplæringslov står det: «Med «læremiddel» siktar ein til alle trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast regelmessig og dekkjer dei vesentlege delane av kompetansemåla eller er viktige for dei grunnleggjande ferdigheitene.»

Kunstig skilje

Men skulen brukar svært mange læringsressursar som ikkje fell inn under denne tronge definisjonen av læremiddel. Fleire av læringsressursane som er utvikla til bruk i skulen, slepp unna parallellitetskravet. Det skiljet departementet har laga mellom læremiddel og læringsressursar, opnar eit smotthol som kanskje er lønsamt for produsentar og kommunar, men for elevane blir det kostbart. Dei får ikkje møta og bruka dei norske språka i opplæringa.

– Målet er at alle barn i den norske skulen skal bli trygge brukarar av sitt eige språk. Då må regelverket løfta fram tydelege språkkrav til alle typar digitale ressursar som er utvikla til bruk i skuleverket, og som elevane faktisk møter i skulekvardagen, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås, i ei pressemelding.

Det finst òg læringsportalar og -plattformer som er utvikla til bruk i skulen, og som er like mykje brukte som skriveprogramma, men dei finst det ingen reglar for. Kvifor er det slik?

Lovkrav verkar

«Om det blir strengare språkkrav i skulen, vil ein av to ting skje: Anten må vi forbetre produktet, eller så vil vi tapa anboda», sa Sondre Ronander, PR-ansvarleg i Google, på eit seminar i regi av Nordisk ministerråd og Språkrådet i fjor haust. Diskusjonen gjaldt skriveprogrammet i Google Chromebook, som mange skular brukar, men som ikkje har korrekt stavekontroll for nynorsk. Med det nye kravet til skriveprogram i framlegget til ny opplæringslov er lovkravet no på plass.

Marknaden rår. Det er all grunn til å venta at produsentar kjem til å utvikla nynorskversjonar av populære og gode læringsressursar dersom skulen ikkje lenger kan kjøpa inn produkt som berre er tilgjengelege på eitt av dei to likestilte norske skriftspråka.
Språkrådet meiner det er naudsynt å lovfesta eit krav om at digitale læringsressursar som er utvikla med skulen som primærmålgruppe, skal finnast både på nynorsk og bokmål.

Lovkravet bør òg omfatta læringsportalane og -plattformene. Berre med desse endringane vil Stortinget kunne sikra nynorskelevane og bokmålselevane ei likeverdig opplæring.

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom.

Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit læremiddel var éi fysisk bok i kvart fag, er forbi. Penn og papir blir bytte ut med PC og padde, og skjermtida aukar. I løpet av ein skuledag er elevane innom ei lang rekkje digitale læremiddel, læringsressursar, appar og verktøy – og berre eit fåtal finst på nynorsk.

Noregs Mållag meiner Stortinget må lovfeste krav om nynorskversjonar av alle  læringsressursar som er laga for å bli brukte i opplæring. Berre slik kan vi sikre nynorskelevane ei like god opplæring som bokmålselevane.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og regjeringa meiner det er eit urimeleg krav. Anten forstår ho ikkje kva det dreier seg om, eller så vil ho ikkje forstå. Konsekvensen er uansett at nynorskelevane blir tvinga til ei opplæring på feil språk.

Regjeringa lèt igjen øyra for det fortvilte ropet frå elevar, foreldre, lærarar og rektorar i nynorskkommunane. Som leiar i Mållaget blir eg ikkje berre fortvila, eg er forbanna rasande! Det er offisiell norsk språkpolitikk at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk. Det minst brukte språket må bli favorisert for å jamne ut dei skeive tilhøva mellom språka våre. Men her ber vi ikkje om særtiltak. Vi ber om likeverd.

Nynorskelevane er ikkje andrerangs elevar, men styresmaktene vil ikkje gje dei like kår. Argumentasjonen deira er både lettbeint og vikarierande, og full av logiske brestar. Det er som dei ikkje veit kva dei snakkar om.

Eg kan forklare:

Eit nynorskkrav til digitale læringsressursar som er laga for skulen, vil utfordre “skolenes pedagogiske og faglege handlingsrom”, seier dei. Nynorskskulane har ikkje dette handlingsrommet i dag, dei er stort sett tvinga til å velje bokmål. Ingen vil misse noko valfridom av å kunne velje mellom språka. Dei som lagar desse appane og programma, bryr seg ikkje om nynorsk, men om pengar. Dei utnyttar den utydelege skilnaden mellom læremiddel og læringsressurs for å unngå nynorsk. Med lovkrav må dei lage nynorskversjonar for å kunne selje produkta sine til norske skular. Det er teknisk gjennomførbart, og kostar ikkje staten ei krone.

Regjeringa hevdar vidare kor urimeleg det ville vore om alle avisartiklar, leksikon eller kjelder på internett skulle ha nynorskkrav på seg for å bli brukte i klasserommet. Men det er ikkje det vi ber om! Departementet seier i klartekst at ein læringsressurs har faglig innhald, gjerne i mindre omfang [enn læremiddel, min merknad] og i avgrensa emne og tema. Regjeringa skil altså mellom generelle ressursar og læringsressursar som er utvikla for bruk i opplæring.

Men når dei brukar døme (avisartiklar, leksikon og kjelder på internett) frå den første kategorien som argument mot nynorskkrav for den andre kategorien, heng ikkje logikken deira på greip. Det er departementalt juks og grenselaust provoserande.

Vi og nynorskelevane har massiv støtte bak krava, frå norske kommunar, organisasjonar som Utdanningsforbundet og statens eige fagorgan for språkspørsmål, Språkrådet. Men mest interessant er den mobiliseringa vi ser på grasrota i regjeringspartia. Lokal- og fylkeslag i Arbeidarpartiet og Senterpartiet krev at regjeringa si vedtek endringa vi føreslår. Alle stortingsrepresentantane som snakka om lova då ho kom, understreka at ein ikkje har kome i mål. Det blei altså opna for endringar allereie før lovforslaget var éin time gamalt.

Det er det gode grunnar til: No er det Stortinget som har ansvaret for korleis lova blir. Og stortingsrepresentantane som vedtek lova i juni, skal sjå foreldra til nynorskelevane i auga og be om attval om to år.

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal Hotell 1. og 2. juni.
Landstinget er ein viktig møteplass for dei over 100 medlemmane våre, og me håpar de har høve til å koma slik at kommunen din blir representert. Målet vårt er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.
Tema for konferansen er mellom anna:

• Robotane er her! Korleis kan språkteknologi hjelpa nynorskkommunane?
• Korleis kan kommunane nå dei unge?
• Identitetsskapande merkevarebygging
• Språkpolitikk og innkjøpsmakt i kommunane
• Nynorsk inspirasjon

Under landstinget vert det høve til å møta medlemene våre, ei rekkje deltakarar frå andre kommunar og bedrifter, samarbeidspartnarane våre og fleire interessante utstillarar.
Det vert som vanleg lagt stor vekt på ein god balanse mellom det faglege og det sosiale under konferansen. 1. juni inviterer me til festkveld med konsert med Stig Ulv.
Melder de dykk på innan 1. mai, så er kommunen med i trekkinga av abonnement på to klassesett av Framtida Junior i eit halvt år til ein verdi av 15000 kroner!
Me ønskjer dykk hjarteleg velkomen til landsting og 30-årsjubileum!

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at det viktigaste manglar i innspurten.

– Definisjonen på læremiddel i forslaget femnar om for lite. Det er ikkje nok med berre dei få og store læremidla. Opplæringslova må få med digitale læringsressursar, appar, plattformer og verktøy som faktisk blir brukt i skulen. Når skulen blir meir og meir digitalisert, gjer i praksis forslaget at nynorskelevane får sjå språket sitt mindre og mindre, seier Tobias Christensen Eikeland, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

– Tiltaka må komma med opplæringslova, elles kjem nynorskelevane til å liggje bakpå i tiåra som kjem, legg Eikeland til.

Den noverande opplæringslova vart vedteken for 25 år sidan.

Samstundes er det ikkje berre grått, meiner leiaren i Norsk Målungdom:

– Me er svært nøgde med at det blir språkdelt ungdomsskule. At elevane kan gå i klassar der hovudmålet deira er undervisningsspråket ut heile grunnskulen, er eit viktig og naudsynt tiltak for å skape trygge språkbrukarar, også i randsonene. Det blir også eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen skal stø nynorsk fullt ut. Dette har me jobba for lenge, og gjer at store selskap som Google ikkje lenger kan sova i timen.

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står Eva Vinje Aurdal som ei raud Ap-rose. Ho la hovudet på blokka for eit tospråkleg Ålesund, og sigra, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Laurdag fekk ordførar Eva Vinje Aurdal tildelt Målblome av Mållaget som takk for hennar viktige arbeid for nynorsken i Ålesund.

– Aurdal har bidrege til å auke statusen til nynorsken, løfta han fram og gjort det litt enklare å vere nynorskbrukar i ein kvardag dominert av bokmålet, sa mållagsleiaren, under utdelinga på vårseminaret til Noregs Mållag, der Eva Vinje Aurdal fekk ståande applaus.

– Nynorsken har vind i segla i fleire av dei største byane i Noreg. Det har vi sett i både Bergen, Oslo og Stavanger dei siste åra. Eva Vinje Aurdal opna vindauga og let vinden blåse inn også på rådhuset i Ålesund, sa Hauge.

Under utdelinga framheva Aurdal kor viktig likestillinga mellom språka er.

– Skal nynorsk bli likestilt med bokmål må vi bade i språket. Det er rettferdig, sa ordføraren.

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å gi nynorskelevane rett til læringsressursar på nynorsk.

– Skulen er ein heilt annan i dag enn då opplæringslova sist blei oppdatert. I den digitale skulen sit over 73000 nynorskelevar og må bruka verktøy og læringsressursar på feil språk, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad.

LNK meiner læremiddelsituasjonen må bli tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy.

– Framlegget til opplæringslov strammar ikkje godt nok inn definisjonen av eit læremiddel. Dermed er framleis like mange digitale læremiddel i ei gråsone, og praksisen med å tilby bokmålsversjonar til nynorskelevar kan halda fram, seier styreleiaren i LNK, og legg til:

– Dette set skuleeigar og dermed kommunane i ein vanskeleg situasjon som innkjøparar med uklare reglar å halda seg til. Dette er det fort nynorskelevane som taper på. Me håpar Stortinget vedtek ei ny opplæringslov som er klokkeklar i kravet til læremiddel og læringsverktøyprodusentane. Skal dei få innpass i skulen, må dei levera produkt på både nynorsk og bokmål.

Nøgd med krav til skriveprogram

For heile nynorskrørsla har det vore eit viktig krav å få inn eit absolutt krav til at skriveprogramma som blir brukte i skulen skal støtta både nynorsk og bokmål.

– Det er godt at regjeringa har lytta til dette. Slik situasjonen er i dag, så er det direkte skadeleg for elevane som skal læra å skriva nynorsk i skulen. I skriveprogramma til Google og Apple kan elevane få raude strekar under korrekt nynorsk og ingen raude strekar under det som er feil, fortel Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar i LNK.

Ei undersøking LNK gjennomførte i fjor, viste at 30 prosent av skulane med nynorskelevar brukte skriveprogram utan godkjend nynorsk retteprogram. Frå 2024 blir det no forbode å bruka slike skriveprogram i skulen.

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I dag la kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fram regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.

– Utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til ei større digital læremiddelkrise for nynorskelevane, seier leiaren i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Svært skuffa

Mållagsleiaren er svært skuffa over at regjeringa ikkje viser vilje til å sikre nynorskelevane den same tilgangen på og retten til digitale læremiddel og læringsressursar som dei andre elevane har.

– Det hjelper lite med eit nynorskkrav til berre nokre få, store læremiddel når kravet ikkje treffer alle dei digitale læringsressursane, appane, plattformene og verktøya som faktisk finst på marknaden og blir brukte i skulen, seier Peder Lofnes Hauge.

Han meiner styresmaktene overlet styringa av skulen til private aktørar.

– Departementet har laga eit kunstig skilje mellom «læremiddel» og «læringsressursar».

– Utnyttar smotthol

Produsentane utnyttar dette smottholet i lova og lagar produkt som ikkje har nynorskversjon. Dette må Stortinget stogge med eit tydeleg lovkrav.

– Vi merkar oss at grasrota i både Ap og Sp no mobiliserer for våre krav. Det vil vere oppsiktsvekkande om regjeringspartia ikkje vil sikre nynorskelevane ein reell rett til digitale læremiddel på språket sitt.

Sjølv om Noregs Mållag bur seg på kamp i Stortinget, gler Peder Lofnes Hauge seg over at språkdelte ungdomsskular framleis ligg inne i lovforslaget, og at det no blir eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen må kunne nynorsk.

– Likevel vil ikkje denne lova gje nynorskelevane dei same rettane som bokmålselevane har. Det er dramatisk for nynorsken i skulen.

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane.

Departementet føreslår blant anna:

  • å vidareføra at kommunen skal gi forskrift om det er bokmål eller nynorsk som skal vere hovudmålet ved kvar skole, og lovfeste det same for fylkeskommunen.
  • å vidareføra kravet om rådgivande røysting ved skifte av skriftspråk i grunnskolen, men slik at kven som har røysterett, blir regulert i forskrift.
  • å vidareføra rettane til å velja bokmål eller nynorsk i skriftlege arbeid og i læremiddel.
  • å lovfesta rett til opplæring i ei eiga gruppe på barne- og ungdomstrinnet på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, men slik at det er kommunen som avgjer kva skole som skal gi tilbodet når elevane er spreidde på fleire skolar.
  • å vidareføra retten for elevar som må overførast til ein skole med eit anna skriftspråk enn det dei hadde på 1. til 4. trinn, til å bruke og få opplæring på det skriftspråket dei hadde, og til å få opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe.
  • å vidareføra at departementet kan gi forskrift om fritak for opplæring i eitt av dei norske skriftspråka for enkelte elevgrupper.
  • å lovfesta eit generelt krav om opplæring i begge skriftspråka.

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

0

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste Vangsgutane-lesarar lurer på om Sigrid Vangen er klar for å gifte seg med Sterk-Ola Bakken …

I juleheftet Vangsgutane for 2022 skjedde det som mange seier dei har venta på i mange år, medan andre igjen reagerte med vantru. Sterk-Ola Bakken gjekk ned på kne og fridde til Sigrid Vangen.

Tekstforfattar Kjartan Helleve, som også eig og driv Fonna Forlag, seier at han har fått mange tilbakemeldingar på frieriet, og at dei aller fleste er positive. Mange har gitt uttrykk for at det har lege i lufta lenge, seier han til Nynorsk pressekontor.

Vangsgutane er historia om Sigrid Vangen, som vart enkje i ung alder og som sat att på småbruket med gutane Steinar og Kåre, og folk rundt dei i Todalen på Nordmøre. Teikneserien om dei farlause, men snille og hjelpsame gutane frå Vangen har vore folkelesnad her i landet sidan 1941.

Eigar av Fonna forlag og utgivar av Vangsgutane Kjartan Helleve. Han meiner Larris har vore misforstått. Foto: Erik Grov

Nytt og gammalt

Fonna gir ut juleheftet kvar jul, og dei siste rundt 20 åra har det vore ei blanding av opptrykk av gamle historier og nyskrivne og nyteikna soger. Og det har skjedd ein god del med figurane som Leif Halse skapte som ei motvekt til den amerikanske teikneserien Knoll og Tott.

Læraren og forfattaren Leif Halse meinte dei rampete amerikanske tvillingane hadde dårleg innverknad på den oppveksande slekt i Noreg etter krigen, og han ville skape eit univers der det å vere snill, arbeidsam og hjelpsam var dei viktigaste verdiane.

Steinar og Kåre Vangen var uendeleg gode, medan motsatsen Larris Skjorhagen var den ultimate dritsekken. Og ikkje minst den slaskete faren hans, Martin. Enkja Sigrid var sterkt bunden til heimegarden og gutane sine, medan ungkaren Sterk-Ola Bakken var den gode hjelparen frå nabogarden. Og Steinar og Kåre hamna på stadig nye eventyr, både frivillig og ufrivillig. Larris var ugagnskråka i bygdeidyllen.

– Men etter kvart så ser vi at Halse også gjer Vangsgutane litt mindre prektige og Larris litt mindre fæl. Og den utviklinga har halde fram også i dei nye historiene. Vi ser at Larris seinare også har vore tolka som eit offer, i alle fall at han er misforstått, fortel Kjartan Helleve.

Han gjer det klart at det er mange klassiske historier å ta av, slik at dei mange trufaste lesarane av Vangsgutane får glede av dei gamle sogene i mange år framover.

Dei siste åra har Ivan Andreassen stått for teikningane, medan det har vore ulike forteljarar. Nils Nordberg skreiv teksten i fleire år, men no har Kjartan Helleve teke over som forteljar. I dei gamle historiene var Jens R. Nilssen teiknar, medan Leif Halse var forteljar.

Framsida av Vangsgutane jula 2022. Teikning Ivan Andreassen. Foto: NPK

Vangsgutane på sokkel

– Hendingane gjekk i stor grad føre seg i Todalen, men det vart eigentleg meir skildring av eit bygdemiljø enn berre historier frå Todalen. Teiknaren Jens R. Nilssen vitja faktisk aldri nordmørsbygda, seier Helleve.

Like fullt står Vangsgutane sterkt i Todalen, og Steinar og Kåre Vangen har hamna på sokkel i bygda.

Helleve fortel at dei sel tett opp under 20.000 hefte av Vangsgutane kvar jul, men at han enno ikkje har fått dei endelege tala for 2022. Og det artige er at dei ikkje sel godt berre i nynorsk område, men faktisk stort sett over heile landet.

– Staden vi selde flest julehefte i 2021 var i Obs-butikken på City Syd i Trondheim. Vi har også svært gode tal frå den største bokhandelen i landet, Tanum på Karl Johans gate i Oslo. Eg trur det er rom for vekst i åra som kjem. Tanken er at vi skal få endå fleire salsstader i tillegg til juleheftehyllene i butikkar og kioskar. I 2022 distribuerte vi blant anna mange hefte gjennom bokhandlane, seier Helleve.

Han ser ikkje bort frå at det blir aktuelt å ta opp att den gamle tradisjonen med å selje julehefte på dørene.

Det var overraskande for Helleve at Vangsgutane står såpass sterkt i Trøndelag, eit fylke som i dag ikkje har ein einaste kommune med nynorsk som opplæringsmål.

Sterk lojalitet

– Det er tydeleg at lojaliteten til Vangsgutane er sterkare enn motstanden mot nynorsk, skyt han inn. Helleve fortel at han først trudde Vangsgutane var eit vestlandsfenomen, men at det har vist seg at dei har lesarar over heile landet.

Men tilbake til det overraskande frieriet i juleheftet for 2022. Faste Vangsgutane-lesarar lurer på om Sigrid Vangen er klar for å gifte seg med Sterk-Ola Bakken.

– Eg må vedgå at eg har fått litt kalde føter, og det er slett ikkje sikkert at Sigrid sitt svar kjem alt i år. Det blir i alle fall ikkje bryllaup i 2023. Det er slik i teikneseriar. Det har vore uavklart lenge mellom Donald og Dolly også, til dømes, seier Kjartan Helleve.

Det er mange uavklarte spørsmål også i Vangsgutane. Er Sigrid Vangen i fertil alder? Kan Steinar og Kåre få småsysken? Blir det samanslåing av smågardane Bakken og Vangen? Vil Breiset-gubben framleis vere patriarken i bygda?

Korleis blir det med den reiseglade fotografen og journalisten Tarald Turist? Eller med dei to halvkylpertane Kure og Klomp? Eller påskegjesten Flirop? Eller kva med lokaloppgjeret i fotball mellom Tov og Søya?

Vangsgutane vil nok halde oss i ande i jula i mange år framover. Det er nok å ta av.

Fakta om Vangsgutane

* Norsk teikneserie, først på trykk i Nynorsk Vekeblad 5. oktober 1940.

* Har kome som julehefte sidan 1941.

* Forlagssjef Hans Aarnes i Fonna Forlag bad lærar og forfattar Leif Halse om å skape eit bygdeunivers med figurar som kunne vere ei motvekt til Knoll og Tott.

* Har vorte ein norsk klassikar med både spenning og humor. (Kjelde nsl.no)

(©NPK)

Gratis nettseminar: Korleis kan me hindra språkbyte i vidaregåande skule?

Torsdag 23. mars arrangerer Nynorsksenteret eit gratis nettseminar om korleis ein kan hindra at elevar skiftar frå nynorsk til bokmål.

Molde vidaregåande har teke nokre strukturelle grep for å gjera det enklare og kjekkare for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt.

Torsdag 23. mars frå kl. 14.30–15.00 kan du møta Celia Berg (t.v) og Marianne Anderson som arbeider ved Molde vidaregåande. Grepa skulen har tatt, er verken dyre eller omfattande, men vitnar om ei leiing som er medviten ansvaret dei har for å gje elevane gode vilkår til å halda fram som nynorskbrukarar.

Nettseminaret er gratis, og du kan melda deg på her: https://nettskjema.no/a/325902

Ein ny rapport om språkbyte har samla funn frå ei rekkje nyare studiar om språkbyte frå nynorsk til bokmål. Funna frå studiane viser at det ofte er manglande struktur og tilrettelegging som gjer at nynorskelevane vel å byta språk når dei kjem til ein vidaregåande skule der dei er i språkleg mindretal.

Les meir om grepa Molde vidaregåande har gjort her!