Heim Nyhende Målskifte for barneskulen i Hjartdal

Målskifte for barneskulen i Hjartdal

Onsdag sist veke vart det avgjord i kommunestyret at Hjartdal ungdomsskule byter frå nynorsk til bokmål.

Elevane i Hjartdal kommune har hatt nynorsk som hovudmål til og med ungdomsskulen. Det blir det ein slutt på frå hausten.

Onsdag avgjorde nemleg eit knapt fleirtal i kommunestyret at skulen skal gå over til bokmål.

Målforma har lenge vore eit heitt tema i kommunen.

Ei undersøking i regi av FAU på skulen tidlegare i år, viste at 85 prosent av foreldra og 77 prosent av elevane ønskte å byte ut nynorsken. Fleire elevar har valt å byte til bokmål då dei byrja på ungdomsskulen, ifølgje NRK.

I mars gjennomførte kommunen ei rådgivande folkeavstemming for å høyre kva bygdefolket meinte om saka. Den viste at eit lite fleirtal framleis ville behalde nynorsk som hovudmål.

Onsdag var det kommunepolitikarane som skulle ta den endelege avgjerda. Etter ein lang debatt stemde ni av representantane for å byte, medan åtte ville behalde nynorsk som hovudmål.

Ordførar Bengt Halvard Odden (Ap) stemde sjølv for bokmål, og er dermed nøgd med resultatet.

– Det er ei stor overvekt av elevar ved skulen som har søkt om og fått innvilga undervisning på bokmål. Det vi gjer no er eigentleg å tilpasse hovudregelen for opplæring i tråd med det elevane faktisk har hatt, kommenterer Odden til NRK. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...