Heim Blogg Side 218

Moldejazzen startar i dag

0

I dag brakar det laus med Moldejazz. Klokka 12 opnar Eldbjørg Raknes festivalen og leier an i paraden gjennom Storgata i Molde.

– Varar heile sommaren

0

Den japanske forfattaren Haruki Murakami vil Helge Torvund anbefala deg å lese noko av i sommar.

Pasientar frå små kommunar kjem fortare heim

0

Statistikk frå Helsedirektoratet viser at pasientar frå små kommunar kjem raskare heim frå sjukehus enn pasientar i større kommunar.

Pondus legg om til dialekt

0

I sommar kjem Pondus-utgåvene som forlaget meiner hadde fått Ivar Aasen til å spinne i grava av glede. Blant fleire dialektar møter ein Pondus mellom anna som bergensar, Beate snakkar romsdaling og Jokke ålesundar.

På toppen

0

Norsk Fjellfestival har turar både for den ivrigaste fjellklatraren og for barnefamilien.

Nynorskelevane gjer det betre

0

Dei flinkaste nynorskelevane finn vi i Hordaland, og dei gjer det jamt over betre enn bokmålselevane på mange område, melder Framtida.no.

Kontakt LNK

0

Dagleg leiar: Vidar Høviskeland

Postboks 7044 St. Olavs plass
0130 OSLO

post@LNK.no

Tlf: 22 33 14 00 / 905 06 617

LNK.no og Framtida.no-redaksjonen:

Svein Olav Langåker
94 87 53 65

Sommarsnakk med Vebjørn Sture

0

Vebjørn Sture trur dei komande månadane blir eit målpolitisk maratonløp.

– Ei av dei største leseopplevingane

0

Kvar fredag i sommar får du med deg eit eller fleire tips om god sommarlektyre. I dag er det Terje Torkildsen som anbefalar ei bok.

tiller Komikar og forfattar Terje Torkildsen anbefalar boka Skråninga av Carl Frode Tiller

– Kva er det med denne boka som gjer at du vil anbefale ho?

– Eg las Skråninga ein gong eg budde nokre dagar på Sokndalstrand kulturhotell og det er ei av dei største leseopplevingane eg har hatt nokon sinne. Fantastiske Sokndalstrand skal nok ha litt av fortenesta, men eg er ikkje i tvil om at denne boka er ei av dei beste romandebutane i norsk litteratur.

– Skråninga er ei historie om ein ung, psykotisk mann og kvifor ting blei som dei blei. Rett og slett ei knallgod bok som fortener å bli lesen på ein vakker stad ein stille sommardag, fortel Torkildsen.

Foto: Marius Vervik

Les også: Uprisen til Torkildsen

LNK tilbyr

0
  • «På saklista» – kurs i språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga
  • «På saklista» – nynorsk språkbruk i statsforvaltninga
  • Kurs og materiell til bruk i norskundervisninga
  • Informasjons- og rettleiingstenester
  • Oversikt over nynorsk materiell til offentleg administrasjon, skule, barnehagar o a
  • Meldingsbladet LNK-avisa: kjem ut med fire til seks utgåver i året og vert sendt til alle medlemene våre og ei rekkje andre samarbeidspartar/interesserte. Be om å få tilsendt siste nummer
  • Seminar og konferansar om språk og språkpolitikk – med særskild relevans for tilsette i stat og kommunar