Heim Blogg Side 277

Hordaland Teater – gjerne i neonbokstavar

0

Draumen om ei eiga nynorskscene i Bergen sentrum er konkretisert: samarbeidspartnarane er på plass, politikarane er involverte, Jon Fosse er i støtet. Det einaste som manglar er huset.

– Mange foreldre er språkfiendar

0

 

Det sa leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, i leiartalen til årsmøtet fredag.

Målprisen 2011 til Yngvar Andersen

0

– Årets prisvinnar er kjend for å vere glad og positiv. Du har knapt sett han utan at eit varmt smil har lyst mot deg. Ein perfekt ambassadør for nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Prisdryss på landsmøte

0

Ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag på Sand fekk Jan Roar Leikvoll nynorsk litteraturpris, medan Vegard Markhus fekk den nynorske barnelitteraturprisen. Begge fekk prisane for si andre bok.

Folkehelsa på agendaen

0

Tjuefem studentar møttest i Otta i Sel kommune denne veka til den andre av tre samlingar, i eit studium som skal brøyte veg for folkehelsearbeidet i kommunene.

Vil ha betre kommunar

0

Kommunalminister Liv Signe Navarsete inviterer kommunane til å bli med i utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. Programmet skal støtte lokale tiltak retta mot redusert sjukefråver, mindre ufrivillig deltid, styrka kompetanse og betre omdømme.

Gode skular gir høge bustadprisar

0

Folk betaler meir for å bu i nærleiken av skular som kjem godt ut på statistikken, viser ein studie BI har gjort.

Kihl leiar språkåret

0

 

Jens Kihl (24) frå Oslo er tilsett som prosjektleiar for Språkåret 2013. Han lovar at det blir ei raus feiring av språket.

– Alle er tente med meir nynorsk

0

– Både elevar som har nynorsk som hovudmål og elevar med nynorsk som sidemål er tente med meir nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Norskfaget er tema når Mållaget samlast til landsmøte i helga.

På toppen

0

For meg er det viktig at nynorsk ikkje vert eit mål til bruk berre i poesi og 17-maitalar, seier Astrid Myran Aarvik (57). No er ho innstilt som ny styreleiar i LNK.

Opphavleg er ho frå Vinje i Telemark. Det kan ein framleis høyre. – Eg har budd utanfor Vinje i 45 år, og snakkar slik dei gjorde der på 60-talet. Eg har ikkje fått med meg endringane som naturleg endrar ein dialekt over tid.

Norsk Barneblad med jubileumsbok

0

Neste år fyller Norsk Barneblad 125 år. Det blir mellom anna markert med ei eiga jubileumsbok.

Trur på haldningsarbeid

0

Den nye direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, meiner ei av dei største utfordringane for nynorsken er dei sterke negative haldningane i nokre urbane bokmålsmiljø.