Ungdommar vil bli spurde
36 norske jenter og gutar mellom 14 og 18 år meiner lokalavisa spør dei for lite i saker som gjeld ungdommar.
Vil ha samarbeid om kvalitetsinformasjon på nett
Professor Terje Rasmussen meiner nettversjonen av Store Norsk Leksikon burde ha inngått samarbeid med verdas største leksikon på nett, Wikipedia, for lenge sidan.
Held fram med brunost
Etter fem år med utgreiing og vurdering har Tine bestemt seg for å halde på produksjonen av raudosten i Ørsta, Skjåk og Lom.
Gåte-vokalist til festspela
Tidlegare Gåte-vokalist Gunnhild Sundli skal spele på utescena på Aasentunet under Dei nynorske festspela 23. – 26. juni.
Nordsjøturnus gir effekt
Forsøk i Bergen kommune med såkalla «Nordsjøturnus» med lange vakter og lengre friperiodar reduserer ufrivillig deltid i omsorgstenesta.
Forlag vil ikkje vere med på e-bokløysinga
Mange forlag kjem ikkje til å vere med når bokbransjen 4. april lanserer den felles e-bokløysinga Bokskya.
Tar attval
Håvard B. Øvregård tar attval som leiar i Noregs Mållag. Øvregård har vore leiar i Mållaget dei siste to åra. Før det var han nestleiar i fleire år.

