– Noreg har dei siste åra hatt ei sterk satsing på dei store biblioteka i byane. No er det på tide å styrkja biblioteka på bygdene også, meiner bygdeforskar og biblioteksjef.
– Eg meiner det er behov for ei nærbibliotekrefom, seier bygdeforskar og biblioteksjef Maria Almli i Steigen kommune i Nordland til Nynorsk pressekontor.
I ein kronikk i Nationen denne veka peikar ho på den store kontrasten mellom biblioteksatsinga i norske byar og på bygdene. Medan nye bibliotek har «reist seg som lysfontener» i byane, ligg bygdebiblioteka tilbake i mørket, skriv ho.
Ho synest det er viktig og fint at mange byar og tettstader har fått oppgradert biblioteka sine, men reagerer på at bibliotek på bygdene ikkje har fått det same løftet.
Under press
Stadig strammare kommuneøkonomi gjer ifylgje Almli at mange kommunar skrellar bibliotektenesta ned til ei minimum. Mange stader er nærbiblioteket heilt borte.
– Berre sidan midten av 1980-talet og fram til 2000 blei ein tredel av norske bibliotekfilialar lagt ned, skriv ho i kronikken.
Få tilsette, små stillingsprosentar og kortare opningstider er andre døme på at nærbiblioteket er under press. Mange av biblioteka som er att, manglar pengar og ressursar til å fornya seg.
– Resultatet er at mange bibliotek på bygdene verkar ukule og uaktuelle, noko som igjen fører til at folk sluttar å gå dit. Når folk sluttar å gå på biblioteket, sit det langt inne for politikarane å løyva pengar. Dermed kjem ein lett inn i ein vond sirkel, forklarer ho.
– Demokratisk viktig
Dette meiner Almli er svært uheldig. Ho peikar på at utdanningsnivået i mindre folketette område har gått ned, gutane heng etter i lesing og mange bygder slit med fråflytting. I ein slik situasjon meiner ho det er ekstra viktig å satsa på nærbiblioteka.
– Når vi veit at utdanningsnivået til foreldra på bygdene er lågare enn i byane, må vi satsa desto meir på biblioteka for å jamna ut forskjellane, elles vil skilnadene berre bli forsterka. Biblioteka er ein viktig plass for å visa at kunnskap er viktig og kult, slår ho fast.
Som mangeårig bygdeforskar har Maria Almli gong på gong sett at kulturtilbodet i eit lokalsamfunn er viktig for at folk skal trivast. Ho er overtydd om at biblioteka kan spela ei viktig rolle for kva inntrykk folk får av eit lokalsamfunn og om dei får lyst til å busetja seg der.
Overraska
Sjølv har ho mange idear til korleis biblioteket kan gjerast meir attraktivt, men då ho tok til som biblioteksjef for eitt og eit halv år sidan, blei ho svært overraska kor vanskeleg det var å få tak i pengar.
– Eg var naiv nok til å tru at eg gjekk inn i ein bransje der eg slapp å søkja om midlar slik eg har gjort som forskar og alltid sprunge etter pengesekkar. Eg trudde biblioteka hadde eit romsleg rom til å gje folk ei lik teneste i landet overalt. Men eg oppdaga ganske fort at slik var det faktisk ikkje. Veldig mykje er kanalisert gjennom utlysing og pottar som du må søkja på. Men for å få tak i desse midlane, må du ha ein viss stillingsprosent slik at du har tid til å søkja på dei, seier Almli.
Sjølv er ho tilsett som biblioteksjef i 60 prosent og einaste bibliotektilsette i kommunen.
– Med ei så lita stilling er det ikkje rom for å driva noko utviklingsarbeid eller ha noko særleg arrangement, slik vi er pålagde etter den nye biblioteklova.
Meir folk, meir støtte
Biblioteksjefen fekk seg også ei overrasking då ho nyleg tenkte å søkja på midlar Nasjonalbiblioteket i desse dagar lyser ut til formidling for biblioteka.
– Der kan ein søkja i tre ulike kategoriar, ein kategori for folkebibliotek, ein for storbybibliotek og ein for fylkesbibliotek. Eg tenkte at her er det moglegheiter, men då eg finlas utlysinga, oppdaga eg at ein også i potten for folkebibliotek vil prioritera folketette kommunar. Då fell jo dei minste kommunane ut, seier Almli. Treng endring
For å unngå at ein forsterkar ulikskapane mellom små og store kommunar og for å sikra at folk har lik tilgang til bibliotektenester uansett kor dei bur, trengst det difor ei reform, meiner biblioteksjefen.
– Det kan ikkje vera slik at dette demokratiske grunnfundamentet i landet er basert på ekstrainnsatsen til dei som jobbar på ulike bibliotek, slår Almli fast.
Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune 2020. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
I år vil juryen prioritere kommunar eller fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.
– Språket bind samfunnet saman, og i krisetider er det ekstra viktig med klart og godt språk. Men det er òg viktig å syte for at mindretalsspråk ikkje kjem under press. Vi vil difor gjerne heidre kommunar og fylkeskommunar som gir klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes i ei pressemelding. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
I tillegg ynskjer juryen at kommunane kan vise til:
at dei nyttar og synleggjer nynorsk i kommunale planar, i utetterretta kommunikasjon og i kulturarbeidet i kommunen
at dei har retningsliner for nynorskbruk og nynorsk opplæringstilbod for tilsette i kommunen
at dei har tiltak for nynorsk i næringslivet
at innvandrarar og flyktningar får opplæring i og på nynorsk
at barn i barnehagar og barneskular får møte nynorsk tidleg
Kven som helst kan nominere
Alle som har late seg imponere av nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.
– I språknøytrale kommunar hamnar nynorsken ofte i ei utsett stilling. Nynorskbrukarar skal òg ha viktig informasjon på sitt eige språk, på same vis som bokmålsbrukarane. Nøytrale kommunar som fremjar nynorsk, fortener difor merksemd og påskjøning, seier Kvarenes.
LNK har fått seg nye nettsider, og håpar desse skal inspirera til meir og betre bruk av nynorsk.
Nye LNK.no har som mål å inspirera til meir bruk av nynorsk og visa fram meir av alt det digitale tilbodet til LNK.
– På nettsidene vil me skriva og presentera nyhende om viktige saker for nynorskkommunane. Me er veldig takknemlege for alle typar tips og innspel! seier redaktør Svein Olav B. Langåker.
– Nynorsk ressursbank er eit nytt tilbod der me etter kvart vil samla gode idear som me håpar kan inspirera til god bruk av nynorsk. Det kan vera digitale tilbod, kommunale språkplanar eller gode nynorsktiltak i skule eller samfunnet elles. Det finst mykje godt nynorskarbeid som bør få meir merksemd. Her håpar eg òg at me kan få tips og innspel!
LNK driv digitale tilbod som Magasinett, Pirion, Framtida.no, Lærarrommet og Framtida Junior. På nye LNK.no finn du siste nyhende frå Framtida Junior og Framtida.no – og det skal vera lettare å navigera til alle dei digitale tilboda til LNK.
Lesarbrev, kommentarar og kronikkar blir presentert under fana Innspel.
Send tips og lesarbrev, kronikk og kommentarar til svein(a)framtida.no!
Vi som har valt å arbeide med språk, kan kanskje seiast å ha språk på hjernen. «Å ha noko på hjernen» er ein såkalla metafor, det vil seie eit ord eller uttrykk som ein bruker i overført tyding. Sjølvsagt har ein ikkje språk på hjernen. På hjernen har ein eventuelt væske og hjernehinna og hovudskallen utanpå. Dei fleste av oss har derimot språk i hjernen.
John Locke førestilte seg på 1600-talet at hjernen i utgangspunktet var tom (tabula rasa) og dermed kunne fyllast med innhald gjennom ytre påverknader som sanseinntrykk og erfaringar. Dette synet blei vidareført i åtferdsstyrte (behavioristiske) tilnærmingar på starten av 1900-talet, der blant anna B.F. Skinner var oppteken av språkleg åtferd.
Etter kvart som hjerneforskinga utvikla seg, blei det derimot vanskelegare og vanskelegare å tru på at ein lærte språk berre gjennom ytre påverknader. I 1957 gjekk Noam Chomsky til åtak på Skinner sitt språksyn, og sidan då har språkforskinga gjort kvantesprang, som er ein annan kjend metafor. Med Chomsky fekk ein eit såkalla nativistisk syn på språk, der ein går ut ifrå at ein del av språket sit i hjernen frå fødselen av. Sjølv om ein ikkje har språk på hjernen, har ein altså språk i hjernen.
Ein kan tru at småbarn lærer ord som «mamma» og «pappa» først fordi dei blir eksponerte for desse orda. Men dei blir også eksponerte for mange andre ord heilt frå fødselen av, men som dei lærer å uttale og bruke mykje seinare. «Mamma» og «pappa» er derimot lydkombinasjonar som er relativt lette å meistre for menneskebarn som har hatt lang øving i å sutte og smatte, dvs. bruke begge leppene aktivt.
Det som er enda meir spennande, er at barn kan lage ord eller setningar som ingen har laga før dei, det vil seie som ingen kan ha putta i hjernen på dei. Dette er mogleg fordi hjernen allereie frå fødselen av har evna til å lage språklege strukturar og reglar som kan brukast til å kommunisere med andre menneske.
Sjukdommar og skadar som rammar hjernen, gjev oss innblikk i at ulike delar av hjernen handterer ulike delar av språksystemet. Dessverre er det mange som får afasi, det vil seie språkvanskar etter skadar på hjernen. Nokre kan slite med å uttrykkje seg etter ein skade, og andre kan ha problem med å forstå. Legane Broca og Wernicke identifiserte allereie på 1800-talet ulike område i hjernen som har mest ansvar for produksjonen og forståinga av språk.
Tradisjonen etter Chomsky er også relevant for datakommunikasjon og utviklinga av kunstig intelligens. Men sjølv om ein har klart å lage svært avanserte datamaskiner, er det per i dag framleis menneskehjernen som er best på språk. Hugs på det neste gong du er ueinig med stavekontrollen.
Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som redaktør i Syn og Segn. Ho er utdanna historikar og kjem frå ei stilling i Nationen.
Dypvik har brei redaksjonell erfaring frå fleire nasjonale aviser, i tillegg til eit prislønt forfattarskap.
– Syn og Segn er ein viktig arena for å få nye stemmer og nye tema ut i offentlegheita. Eg har eit stort engasjement for gode debattar og for nynorsk, og ser fram til å byrje i jobben, seier Dypvik i ei pressemelding.
Syn og Segn er eit tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Tidsskriftet har 2500 abonnentar og kjem i fire utgivingar i året.
Høyringsrunde for språkbruksplan i Ålesund kommune.
Arbeidsutvalet som har jobba fram språkbruksplanen er leia av Kari Grindvik (V). Nora Morken Farstad (Ap), Arnt-Ove Tenfjord (KrF) og Preben Dimmen (Uavh.) har òg vore med i utvalet.
Til grunn for forslaget til Språkbruksplan, ligg kommunestyret sitt vedtak frå desember 2019.
Her heiter det:
Ålesund kommune krev med heimel i mållova § 5, første ledd, nynorsk i skriv frå statsorgan til kommunen.
Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av internett-ogintranettsidene, informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningsliner.
Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, slik det går fram av mållova § 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, kan den tilsette velje sjølv.
Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes i referat, notat og rapportar, samt i skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform.
Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet nye Ålesund kommune trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.
LNK er spesielt invitert til å kome med innspel og kommentarar til ny Språkbruksplan for Ålesund kommune, og vil koma med dette i løpet av ei vekes tid.
Komitè for kultur og medborgarska har sendt ut forslaget til språkbruksplan ut på høyring. Fristen for å kome med innspel er 8. september.
26. oktober skal komiteen for kultur og medborgarskap komme med si endelege innstilling til språkbruksplan og 5. november skal kommunestyre gjere det endelege vedtaket.
Framtida.no er det viktigaste som har skjedd for nynorsk nettjournalistikk sidan år 2000, ifølgje Språkfakta. Her er historia om korleis det vart til.
For min del starta det heile med ei feiloppringing.
Det er hausten 2009 og eg er på veg mot kassa på Rema 1000 Bjelland på Stord då telefonen ringer.
I andre enden er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vidar Høviskeland. Han ringde feil, og trudde han var kome til fylkesordføraren i Sogn og Fjordane, og ikkje meg, som hadde intervjua han eit par veker tidlegare.
«Ung til sinns»
Same dag hadde eg lese i Journalisten at Bladet Sunnhordland, der eg var nettansvarleg då, skulle vera med på å laga ei nettsatsing for ungdom saman med ti andre lokalaviser, ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Landslaget for lokalaviser (LLA).
Eg nytta høvet til å spørja om jobben, som seinare skulle visa seg å bli Framtida.no.
På det tidspunktet hadde prosjektet arbeidsnamnet «Ung til sinns». Kanskje ikkje det mest ungdommelege namnet, tenkte eg, men søkte likevel.
ABC for Framtida
Det byrja i det små med meg åleine som både prosjektleiar og journalist. I løpet av dei ti åra Framtida.no har vore på nett, har me utvida redaksjonen i fleire omgongar.
Me har hatt ein stor auke i talet på lesarar. I fjor sette me ny rekord med over 960.000 brukarar innom sidene i løpet av året.
Men tilbake til soga om korleis Framtida.no vart Framtida.no.
Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, og nynorskkommunane i LNK og den korsyngande og kulturinteresserte toppsjefen i ABC Startsiden, Espen Udland, hadde allereie funne saman i fleire andre tidlegare nynorskprosjekt. Denne gongen var også lokalavisene i LLA med – og Kulturdepartementet og Garborgsenteret støtta satsinga.
Eg starta i jobben som prosjektleiar og journalist 1. mars 2010 på kontoret til ABC Startsiden i Oslo. Stillinga innebar å vera innhaldsansvarleg for Startsida.no, nynorskversjonen av Startsiden.no, og å finna ut kva for ei nynorsksatsing prosjektet skulle vera.
Domenekupp
Ideen til namnet Framtida.no kom frå eit leiarutviklingskurs der eg blei utfordra til å skriva ned eitt ord om kva som motiverte og dreiv meg i jobben. Eg landa på ordet «framtida».
Domenet Framtida.no var ikkje ledig. Det eigde dåverande ordførar i Grimstad, Hans Antonsen. Han hadde først kjøpt det for å bruka det i Venstre-samanheng, men han var heldigvis ikkje vanskeleg å be når det skulle gå til eit nynorskprosjekt for unge.
I løpet av seks intense veker laga utviklarane til ABC Startsiden Framtida.no.
Me har dessverre ikkje klart å finna den første framsida vår, men dette er framsida då me var eitt år.
I fotspora til Vinje
Målet med Framtida.no har heilt sidan starten vore å visa fram og styrka engasjementet til unge, og å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett.
Filosofien vår har vore å snakka MED ungdom, og ikkje berre TIL dei. Derfor har det vore viktig å rekruttera nye unge skribentar og å snakka med unge kjelder om saker som er relevante for ungdom over heile landet.
Framtida.no starta både som eit nynorsk-prosjekt og eit demokrati-prosjekt. Målet har sidan starten vore å visa fram og styrkja engasjementet til ungdom og styrkja nynorsken.
Debatt har vore viktig for Framtida.no heilt sidan starten. Me har hatt både leiarar av ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar og heilt vanlege ungdommar mellom dei som har skrive meiningsinnlegg for oss.
I løpet av dei ti første åra har Framtida.no kursa over 2000 ungdommar i å leia og arrangera debattar, bokbad og andre arrangement i bibliotek og skular.
Nokre milepålar frå ti år med Framtida.no:
2011: Stemmerett
2011 var det første året det var forsøk med stemmerett for 16-åringar ved lokalval, og det var difor naturleg å snakka med dei unge førstegongsveljarane som deltok i forsøket.
Same året råka terroren Noreg og ungdomspolitikken hardt. 22. juli mista fleire engasjerte AUF-arar livet i terrotåtaket på Utøya og i Oslo.
– Det er mange, men ikkje alle ungdommane som er medlem i AUF, fortalde Viljar Hanssen, dåverande leiar i Svalbard til AUF til Framtida.no i mars 2011.
Dette året var det 200 år sidan sjølvaste Ivar Aasen vart fødd. Nokre månader før jubileet vart Andrea Rygg Nøttveit tilsett som språkjournalist, som ein av få i Noreg.
Men har vore opptatt av å skriva om meir enn berre nytt om nynorsken.
Sommaren 2014 flytta eg til Vestlandet, og starta vestlandskontor på Stord i lokala til lokalavisa Sunnhordland på Stord, som då enno var verdas største nynorskby. På denne måten kom me oss nærmare ungdom i kjerneområdet til nynorsken.
Same året starta me på eit stort debattprosjekt der me kursa ungdommar i debatt.
17. oktober 2017 starta Framtida.no-redaksjonen Framtidajunior.no, ei splitter ny nettavis for barn mellom 7 og 13 år. Christian Wiik Gjerde og Janne Nerheim byrja som journalistar.
2018: Jordbærrepublikken
Framtida.no har blikket vendt mot det som skjer i ute i verda, men med små ressursar har me ikkje hatt høve til å reisa på mange reportasjeturar. Me har likevel vore i Barcelona, Belgia og Paris og fleire gonger til Sverige på reportasjeturar.
Og vinteren 2018 samarbeidde dåverande Framtida.no-journalist Ragnhild Sofie Selstø og Universitas-fotograf Amanda O. Berg om ein reportasjetur til Taiwan med støtte frå Fritt Ord.
Framtida.no har samarbeidd med fleire skular og lokalaviser om å setja klima og berekraft på dagsorden. I 2019 leia Framtida.no eit stort prosjekt for å setja klimarisiko og klimaløysingar i lokalvalet. Artikkelseriane fekk nærmare éin million lesarar både på Framtida.no og ei rekkje lokalaviser og hos ABC Startsiden og i tidsskriftet Energi og Klima.
– Eg åt ei ferdigsuppe frå Rema 1000 som hadde gått ut for to veker sidan. Det gjekk heilt fint, fortalde Marius Hammersland Loureiro i fjor.
Framtida.no har mål om å ta generasjon alvor på alvor. Då har det vore naturleg med ei brei dekning av skulestreikane for klima, både i Oslo og andre stader.
Og på den andre skulestreiken fekk vår dyktige arbeidsvekereporter setje statsminister Erna Solberg til veggs.
Me har fleire prosjekt på gang. Akkurat no skriv me om korleis demokratiet vårt blir utfordra og korleis det kan utviklast vidare og utvidast i serien «Slutten på demokratiet?». Me har òg akkurat starta serien «Nesten vaksen» der me skriv om alt som er lurt å vita noko om for deg som held på å bli vaksen.
Titusen takk for at du les Framtida.no – og titusenar av takk til alle som har bidratt til den avisa me er i dag! Me håpar du vil følgja med oss vidare!
Datagiganten Microsofts avgjerd om å fjerne 27 språk, mellom dei nynorsk, frå Outlook-appen, gjer at regjeringa kallar selskapet inn til eit møte.
Brevet med invitasjonen til møtet vart sendt fredag og er underteikna av kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).
– Er ein eit stort teknologiselskap har ein òg mykje makt. Microsofts avgjerd om å fjerne nynorsk frå Outlook for Iphone og Ipad er ei avgjerd som vil få store konsekvensar. Språk er ein del av kulturarven og identiteten vår. Det er ikkje mange månadene sidan eg la fram ei språklov der eg slo fast at norsk språk skal styrkjast, og då er opplæringssektoren, medie- og kultursektoren og IKT-politikken heilt avgjerande, seier Raja.
Raja og Helleland har innkalla til møtet for å snakke om korleis Microsoft ser på rolla si i å sikre posisjonen til norsk og samiske språk.
– Det er oppgåva vår å ta vare på, utvikle og styrkje språka våre, understrekar Raja.
Samtidig med at brevet blir sendt legg regjeringa òg fram ei stortingsmelding som peikar på kva moglegheiter digitalisering kan gi for samiske språkbrukarar.
Meldinga omtaler utviklingstrekk og utfordringar for samisk språk, kultur og samfunnsliv, og tenestetilbodet til samiske innbyggjarar. Årets tema er nettopp digitalisering
Statsråd Helleland understrekar at regjeringa er oppteken av at samar skal kunne bruke språka sine på digitale flater utan hindringar.
– Eg fryktar at urfolksspråk vil døy ut dersom vi ikkje får med tech-selskapa på denne språkdugnaden. Vi har eit ansvar for å ta vare på dei samiske språka, seier ho.
Éi av verdas mest selde og omsette bøker kjem endeleg på nynorsk.
Antoine de Saint-Exupérys berømte barnebokklassikar, «Le Petit Prince», er ei av verdas mest omsette og lesne bøker.
Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjølv om det er ei barnebok, er ho like høgt elska av vaksne lesarar.
No kjem boka endeleg på nynorsk, omsett av Jon Fosse og med originalteikningar av Antoine de Saint-Exupéry.
– Vakkert trist
På spørsmål om kvifor han ønska å omsette Den vesle prinsen svarar Jon Fosse:
– Eg har lese at Den vesle prinsen er den boka som er mest omsett nest etter Bibelen. Men boka var av ein eller annan grunn ikkje omsett til nynorsk. Difor bestemte eg meg for å gjera det. Dessutan er det ei vakkert trist forteljing, seier Fosse i ei pressemelding.
Poetisk og filosofisk
Antoine de Saint-Exupéry (1900–1944) var ein fransk flygar og prislønt forfattar. Hans mest kjende verk, Den vesle prinsen, kom ut i 1943 med hans eigne teikningar.
I Den vesle prinsen naudlandar de Saint-Exupéry med flyet sitt i Sahara, der den vesle prinsen plutseleg dukkar opp.
Gjennom ein poetisk og filosofisk samtale fortel prinsen om planeten han kjem frå, og reisa på veg til jorda. På ferda har han vore innom ulike planetar, der det blant anna har budd kongar utan undersåttar, ein drankar og ein forretningsmann. Gjennom samtalen med den vesle prinsen går det opp for forfattaren kva som eigentleg er viktig her i livet.
Den nynorske omsetjinga til Jon Fosse tar utgangspunktet i originalverket.
Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman. Frå 2021 skal det bli meir leksikoninnhald på nynorsk. Nynorsk Pressekontormåndag 24. august 2020 12.17
Nynorsk kultursentrum har sidan 2008 arbeidd saman med ulike samarbeidspartnarar for å byggje eit nynorsk oppslagsverk. No skal det nynorske nettleksikonet Allkunne integrerast i Store norske leksikon.
– Store norske leksikon styrkjer seg med dette som nasjonalt leksikon. Det er sjølvsagt for oss og medlemane våre at begge dei norske skriftspråka blir styrkte som fagspråk, og vi er glade for å gi dei mange lesarane av Store norske leksikon meir nynorsk, seier styreleiar Knut Olav Åmås i Store norske leksikon i ei pressemelding.
I staden for å konkurrere har dei to institusjonane som mål om å styrkje norsk fagspråk. Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum seier avtalen gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie.
– Det er ressurskrevjande å konkurrere. Derfor vel vi i staden å gå i lag med ein større aktør som når fleire lesarar i same målgrupper som oss, for at innhaldet skal nå fleire, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Det vil framleis vere to årsverk som skal arbeide med leksikon i Hovdebygda. Nynorsk kultursentrum skal bidra med same økonomiske bidrag, samstundes skal Store norske leksikon bruke meir tid og ressursar på nynorsk.
Store norske har artiklar på både bokmål og nynorsk frå før, men med dette samarbeidet skal endå fleire artiklar vere på nynorsk. I tillegg skal nye emne og personar som ikkje har hatt artiklar på Store norske, bli dekte.
– Vi er glade for å kunne gjere mykje av det kvalitetsinnhaldet som har vore på Allkunne, tilgjengeleg for eit breiare publikum, seier sjefredaktør Erik Bolstad i Store norske leksikon i pressemeldinga.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt.
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.