Herdla naturreservat har fått skilt på bokmål, sjølv om fylkesmannen i Hordaland har nynorsk som administrasjonsspråk. No har dei fått klage, og den vil dei ta til følgje.
Store skilnader
Det kan vere store skilnader innanfor ein kommune når det gjeld tilgangen på kvalifisert personell. Der Bjoa slit med å finne høgt kvalifisert personell til skule og barnehage, har Skjold tjukke søknadsbunkar til sine stillingar innan same sektor.
– Me bør auke startløna
Avtroppande personalsjef i Vindafjord Kommune, Kristin Helle, hevdar at startløna hjå kommunetilsette kan vere ei hindring for å rekruttere høgt utdanna personell til kommunar i utkantstrok.
Nytt Norsk Ordbok-band klart til ski-VM
No er ordet ski og samansetningar som skiløype, skiutstyr og skiklede grundig registrert og ført i det nyaste bandet av Norsk Ordbok. Ski-ordsamlinga kjem for ordens skyld ut veka før ski-VM.
Norsk grammatikk på spansk
Mariano González Campo har skrive ei bok om norsk grammatikk for spanskspråklege som ønskjer å lære seg norsk, og boka tar for seg både nynorsk og bokmål.
Styrk fagmiljøa
LEIAR: Leiar i Akademikerne, Knut Aarbakke, meiner kommunane må byggje opp større fagmiljø for å sikre rekrutteringa av kompetent arbeidskraft i kommunane. Han har eit godt poeng.
Mange kommunar slit med å rekruttere alt frå sjukepleiarar, legar og førskulelærarar til juristar. Når kommunen ikkje klarer å halde oppe kompetansenivået, går det i neste omgang ut over tenestetilbodet og dermed innbyggjarane i kommunen. Dette kan fort bli ein vond sirkel; blir tenestetilbodet dårleg, kan det bli endå verre å få tak i dei rette fagpersonane. Då er gode råd dyre.
Me har sett det før. Kommunane set i gang rekrutteringstiltak som høgare startløn, tilbod om barnehageplass og bustad. Ein vil så gjerne at den nyutdanna legen skal søkje jobb i kommunen og ikkje minst bli der.
Ingen er i tvil om at det vil hjelpe å leggje til rette for at begge partar i eit forhold får seg jobb, at ein har ein plass å bu, og at minstemann får plass i barnehagen. I tillegg skal ein ha ei god fritid; får ein ikkje det, blir ein ikkje lenge. Men kan hende er det vel så viktig å styrkje fagmiljøa?
Kan hende er det minst like avgjerande at miljøet på jobb er stimulerande og utviklande? Kanskje bør kommunen i første omgang satse endå meir enn ein gjer i dag, på å byggje opp eit fagmiljø der kollegaene får midlar og tid til å utvikle seg saman. Truleg er dette lettare å gjennomføre dersom ein samarbeider med andre kommunar.
Og kanskje er det ikkje så langt frå fokuset på barnehageplass og bustad til stimulerande fagmiljø. Det handlar om trivsel.
Alltid i endring
Vi er alltid i endring. Samfunnet er i endring, vi sjølve endrar oss, kva som er rett og gale, endrar seg, motar og trendar. Og slik bør det vel vere. Men må vi gjere endringane meir aktive, og må vi alltid vere så målretta pådrivarar?
Vågå ønskjer å vere i front. Vere med og sette dagsorden. For at kommunen skal vere synleg, men ikkje minst for at næringslivet og innbyggjarane våre skal føle seg sedde, prioriterte, og at dei er i ein kommune som gjer det optimale for målgruppene sine.
Vi byggjer hus, skaffar oss kompetanse, gjer tiltak og etablerer møteplassar for at både unge, vaksne og eldre skal trivast og føle tryggleik og kvalitet. Vi innrettar oss etter nasjonale reformer, eige økonomisk handlingsrom og forventingar frå innbyggjarar. Iblant føler vi at vi har gjort noko riktig bra, andre gonger strakte ikkje ressursane til.
Men så skjer det. Vi ser oss rundt, vi les nye dokument, får tilsendt nye stortingsmeldingar om vedtekne reformer, les og høyrer frå media om nye trendar, forventingar og mulegheiter. Det vi nettopp har vedteke, skulebygningen vi tok i bruk sist haust, helsesenteret som vart opna førre veke, breibandnettet som nyleg er utbygt, kommuneplanen som nettopp vart vedteken. For GAMMALT. Utgått på dato!
Sjølvsagt er det ikkje slik, men eg føler det ofte slik. Alt skjer så fort, og endringane og forventingane blir stadig meir omfattande. Og vi som folkevalde ønskjer sjølvsagt å vere eit steg føre andre.
Men magekjensla kan også vere rett. Ikkje minst innan skulen. Stadig nye reformer stiller krav til storleiken på undervisingsromma, til utstyr, pedagogikk og arbeidsformer. Store rom skal bli mindre, små grupper skal bli større, meir einskildtilpassa framfor gruppeundervising.
Både tilsette, brukarar, vi som skal fatte vedtak, og dei mange tilsette treng likevel litt arbeidsro for å prøve ut, teste erfaringar og korrigere utifrå eigne opplevingar. Eg ønskjer meg litt reformpause eg nå. I alle fall innafor skuleverket.
Vågå skal etablere «Noregs beste skule». Andre kommunar kan også ha sine beste skular, men ingen skal kunne drifte og oppnå betre resultat enn det Vågå kommune sjølv skal gjere i Vågå. Alle elevane er ulike. Gode på noko, utrygge på noko anna. Men alle er gode på noko om dei får opptre på ein arena dei er trygge på. Vågå vil ha flest mogleg arenaer.
Ein glad, lærande og trygg elev gjev også trygge og stolte foreldre. Motiverte og engasjerte lærarar. Folk ønskjer å bu der ungane har det bra, der skulen leverer. Vågå vil vere ein slik kommune. Den store reforma gjer vi derfor lokalt, men vi ønskjer oss nok litt meir reformfri frå regjeringa vår ei tid framover. Vi skal derimot arbeide aktivt og gjere maksimalt ut frå gjeldande reformer og pålegg, for barn og unge skal ha det trygt og godt gjennom skulekvardagen. Og for at avgangsresultata i 10. klasse i snitt skal bli litt betre enn i fjor …
Rune Øygard er ordførar i Vågå kommune

