Vil ha meir nynorsk
Studentmållaget i Oslo oppmodar den nye samla studentorganisasjonen i Oslo til å ta nynorsken på alvor.
Variert program
Konsertar med Sigvart Dagsland, Steinar Albrigtsen og Valkyrien Allstars, sju arrangement om språk, åtte arrangement for born og dusinet fullt med forfattarar er litt av programmet for Dei nynorske festspela i juni.
– Kvifor skal me bry oss?
Tonje Madsen og fem andre jenter ved Bryne vgs vann Mot til å meina sin russekonkurranse om politisk engasjement.
– Kommunane bør ha eigarmelding
– Kommunane bør utvikla eigarmeldingar som viser kva selskap dei er involverte i. Det meiner kommuneorganisasjonen KS.
Ung til sinns blir Framtida.no
Ung til sinns skiftar namn. Framtida.no skal bli ein nettstad kor brukaren får vere med og styre.
Språkråd frå Språkrådet
Orddeling og særskriving
Ord må delast av og til, men ofte blir det feil.
Orddeling og særskriving minner om kvarandre, men i språklæra dreier det seg gjerne om to ulike ting.
Når det ikkje er plass til å skrive meir på ei linje, kan vi dele eit ord med bindestrek før vi skifter over til ny linje:
lin-
je
røyk-
fritt
Slik orddeling ved linjeskift er det reglar for. Det må vere minst to stavingar i eit ord for at vi kan dele det. Vi kan dele ordet ved å la éin konsonant og éin vokal gå over til neste linje (lin-je, hiks-ta, ek-sem-pel), eller vi kan dele mellom ledda i ordet (røyk-fritt, eks-emp-el).
Orddelingsfeil er t.d. «rik-savis», «hik-ste» og «ordd-eling».
Særskriving vil seie å skrive samansette ord i to eller fleire ord. Det er ein vanleg skrivefeil i dag at ord som skal skrivast i eitt, blir skrivne i to ord: «røyk fritt» i staden for «røykfritt», «kjempe bra» for «kjempebra».
Kan ein rapp bli ein hitt?
Om fornorsking og dobbel konsonant
Meininga med overskrifta er å minne om skrivemåten av to ord som har komme frå engelsk. Vi har fornorska skrivemåten slik at orda endar på dobbel konsonant, ikkje på enkel konsonant som i engelsk. Dermed kan «rapp» rime på «lapp» og «napp», mens «hitt» rimar på «litt» og «ditt».
«Rapp» er einaste offisielle skrivemåten i norsk av det engelske musikkordet «rap», mens ein del andre ord har valfri enkel og dobbel konsonant: «hit(t)», «bag(g)», «plot(t)», «handikap(p)». Du finn dei rette skrivemåtane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
Språkråda er henta frå www.sprakrad.no
Fleire bruker gratisprogram
Eit aukande tal mac- og pc-brukarar vel å bruke programvara OpenOffice.org, og stadig fleire lastar ned nynorskversjonen.
Færre les aviser – fleire les bøker
65 prosent av befolkninga las ei eller fleire papiraviser ein gjennomsnittsdag i 2009. Dette er ein nedgang frå 68 prosent året før og føyer seg inn i ein fallande trend frå tidlegare år.
Kommunane må tenkje nytt
Det er brei semje om at overføring av meir spesialiserte helseoppgåver til kommunane vil bli ei vanskeleg oppgåve med den kommunestrukturen vi har i dag.
For lite nynorsk i NRK Super
Trass i auka nynorsktilfang i NRK, er Kringkastingsringen uroa over at det er relativt lite nynorsk i barnekanalen NRK Super.
Solfrid Borge til Diktarvegen
Det er sett ned ei eiga prosjektgruppe for Diktarvegen. Gruppa vert leia av Solfrid Borge som er ordførar i Ullensvang herad og styremedlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

