Heim Blogg Side 32

Millionar til nynorskrobot og fleire språktiltak

Kulturminister Abid Q. Raja føreslår å støtta Nynorskroboten med to millionar kroner til neste år.

Våren 2020 la regjeringa fram forslag til ei heilskapleg språklov, og følgjer no opp med ei satsing med 11,5 millionar kroner meir til språk. Dette kjem i tillegg til dei 9,3 millionane som kom i fjor.

– Språket er den fremste kulturberaren me har. Med språket kan me diskutera og argumentera, men òg samlast og bygga verdifellesskap uavhengig av kven me er, kor me kjem frå og kor me bur i landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.

Språkrådet får ein auke i løyvinga på tre millionar kroner, og Nynorsk pressekontor får to millionar kroner til Nynorskroboten. Denne roboten skal hjelpa til med automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk.

Får skryt frå Mållaget

Leiar i Noregs Mållag, Peder Loftnes Hauge, meiner støtta til nynorskroboten som Nynorsk Pressekontor utviklar, kan få svært mykje å seia for nynorsk i pressa i åra framover.

– Det er utruleg viktig at kulturminister Abid Raja satsar vidare på språkpolitikk, og for nynorsken satsar han på konkrete tiltak, seier han i ei pressemelding.

Peder Lofnes Hauge er leiar av Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag

I tillegg får Det Norske Samlaget og Nynorsk avissenter ekstra støtte, saman med Teater Vestland som arbeider med å få til eit Nynorskhus i Førde.

Kulturdepartementet har også funne plass til ei løyving til Vinjesenteret i Vinje.

Peder Lofnes Hauge er også nøgd med at Noregs Mållag får 200 000 kroner til på nynorskstafetten neste år.

– Trong for ekstra løft for nynorskelevane

Noregs Mållag er ikkje like nøgde med budsjettet til kunnskapsminister Guri Melby.

– Mållaget er skuffa over at regjeringa heller ikkje denne gongen kjem med det ekstra løftet i grunnskulen som nynorskelevane verkeleg treng. Særleg er me uroa for at det ikkje ligg inne pengar til språkdelte ungdomsskular i budsjettet frå Kunnskapsdepartementet, seier Peder Lofnes Hauge i pressemeldinga.

Desse får auka støtte i 2021:

  • Språkrådet, 3 millionar kroner
  • Nynorsk pressekontor – «Nynorskroboten», 2 millionar kroner
  • Kainun institutti – Kvensk instutt, 500.000 kroner
  • Norges Døveforbund, 500.000 kroner
  • Det Norske Samlaget, 200.000 kroner
  • Nynorsk avissenter, 200.000 kroner
  • Noregs Mållag, 200.000 kroner
  • Teater Vestland – Nynorskhuset i Førde, 600.000 kroner. Auken kjem i tillegg til 1 million kroner som regjeringa la inn til prosjektet i 2020, og som blir vidareført i 2021.
  • Standard Norge – terminologiarbeid, 2 millionar kroner
  • Universitetet i Bergen – Termportalen, 4 millionar kroner.

– Venstrehandsarbeid om nynorsk

Språkpolitikken i Venstre sitt førsteutkast til stortingsvalprogram er syltynn og ei klar svekking av partiets nynorskpolitikk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Sveinung Rotevatn la torsdag fram Venstre sitt førsteutkast til stortingsvalprogram. Noregs Mållag er skuffa over eit lite konkret og svært mangefullt program for nynorsk.

– Eit program med tittelen «Frihet og muligheter for alle» bør ta sikte på å gje fridom og moglegheiter også for nynorskelevane. Her må Sveinung Rotevatn som har tatt over leiinga av programarbeidet, gjere ein jobb fram mot andreutkastet, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Trong for meir nynorsk i skulen

Peder Lofnes Hauge saknar ein tydeleg ambisjon for nynorsken, særleg i skulen.

– Venstre må gå til val på å halde på og styrkje sidemålsordninga, med eigen karakter og eksamen. Nynorskelevane må få rett til å gå i eigne nynorskklasser også på ungdomsskulen, og dei må få lik rett til og tilgang på digitale læremiddel på nynorsk, seier han.

– Mindre ambisiøs enn regjeringa

Han meiner førsteutkastet ikkje følgjer opp viktige målsettingar om at det skal vere like enkelt å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i samfunnet, og er redd nynorskelevane får ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane.

– Nynorsbrukarane må møte meir nynorsk og sikrast språkmektige lærarar gjennom heile studieløpet, frå barnehagen og til høgare utdanning. Paradoksalt nok er dette programmet mindre ambisiøst enn den nynorskpolitikken Venstre sine statsrådar kjempar for i regjering. Partiet som har lagt fram ei historisk språklov, kan ikkje gå til val med eit program blotta for konkrete nynorsktiltak, seier Peder Lofnes Hauge.

Språkpolitikken og språkvala ved Høgskulen på Vestlandet er studert i ny doktorgrad

0

Nokre utdanningsinstitusjonar vel medvitne samisk eller nynorsk som hovudspråk i ei tid då bruken av engelsk i akademia er aukande. Eit doktorgradsarbeid tek føre seg slike «uvanlege» språkval.

I doktorgradsavhandlinga si «Å velje minoriserte språk. Språkpolitikk og språkval i akademia» undersøkjer Jorunn Simonsen Thingnes språkpolitikk og språkval ved Samisk høgskule og Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Jorunn Simonsen Thingnes
har studert språkpolitikk
og språkval i akademia.
Foto: UiO

– Eg finn at valet av nynorsk, til liks med nordsamisk, stadig må forklarast og forsvarast, og eg argumenterer for at også nynorsk er eit minorisert språk, seier Thingnes i ei pressemelding.

Språkpolitikkane ved både Samisk høgskule og HVL går inn for å endre eller vege opp for det ujamne maktforholdet mellom språk. Samstundes finn Thingnes at diskusjonane kring språk ved HVL kan vere med på å gjenskape eit bilde av nynorsk som brukarane av språket ikkje er tent med.

I granskinga av desse institusjonane utfordrar Thingnes allereie etablerte sanningar og utvidar perspektiva ein har på språkpolitikk og språkval i akademia.

Jorunn Simonsen Thingnes disputerer 9. oktober. (©NPK)

Geir Sverre Braut er Årets nynorskbrukar 2020

Geir Sverre Braut er kåra til Årets nynorskbrukar 2020. – Han får prisen for å gjere nynorsk sjølvsagt i helse- og tryggleiksfag, seier styret i Nynorsk kultursentrum.

– Dette var svært overraskande og ikkje minst ærefullt, seier Geir Sverre Braut.

– Innanfor mitt fagfelt er det få som nyttar nynorsk. Det er kjekt at Nynorsk kultursentrum har lagt merke til arbeidet mitt, og prisen inspirerer til vidare arbeid.

Prisen er på 100 000 kroner og eit diplom som blir delt ut av styreleiaren i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i Ivar Aasen-tunet tysdag 13. oktober kl. 12.00. Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark skal leie ein samtale med prisvinnaren.

– Det er viktig at eit skriftspråk står sterkt på alle område folk snakkar og skriv om. Derfor er det avgjerande at vi har norsk fagspråk på alle område. Innsatsen Braut gjer for helsefaga, er eit døme til etterfølging, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm.

Fagspråk på nynorsk

Braut er lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og sit i koronakommisjonen. Han har vore assisterande direktør i Statens helsetilsyn, fylkeslege i Rogaland, seniorrådigvar og professor i samfunnstryggleik ved Stavanger universitetssjukehus. I 2020 gir han ut boka Det norske helsesystemet: ei innføring i organisering, styring og politikk saman med Kjell Arne Aarheim, og han har skrive nynorske artiklar i fagtidsskrift og rikspresse om helseemne.

– Når Stortinget handsamar språkmeldinga i haust, er det viktig at dei har fagspråket og folk som Braut i tankane. Det er viktig at fagfolk i framtida kan kommunisere forståeleg om epidemiar og alt anna på norsk. Då treng vi fagfolk som skriv lærebøker, deltek i debattar og formidlar godt, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Vurderte 21 kandidatar

Det er 20. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. Styret vedtok prisen i februar.

Tradisjonelt sett blir prisen delt ut under Dei nynorsk festspela. Koronaepidemien har gjort at offentleggjeringa og utdelinga i år har blitt utsett.

Alle som vil, kan føreslå kandidatar til Årets nynorskbrukar. I år hadde styret i Nynorsk kultursentrum som skulle ta avgjerda, 21 sterke kandidatar å velje mellom. – Den store interessa blant publikum syner at prisen er viktig og engasjerer mange, avsluttar direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Historisk godt Ap-program for nynorsken

– Partileiar Jonas Gahr Støre har i dag lagt fram det som må vere eit historisk godt Ap-program for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Ap la i dag fram sitt fyrste framlegg til nytt stortingsvalprogram. Her ynskjer Ap å gå til val på å styrkje nynorskkompetansen i lærarutdanningane, betre sidemålsundervisinga og sørgje for fleire digitale læremiddel på nynorsk. Dei er også positive til å utgreie retten til å gå i eigne nynorskklasser ut heile grunnskulen.

Der Ap dei siste vala knapt har hatt ei formulering om språkpolitikk eller nynorsk i programmet sitt, tek dei no til orde for fleire verkemiddel som vil betre stoda for nynorskelevane. Dei omtalar fleire av Mållaget sine viktigaste krav.

No er det opp til heile partiet å spisse og forplikte desse formuleringane endå meir og å sikre at elevane får karakter i sidemål.

– Eg håpar at delegatane som reiser på landsmøtet i Arbeidarpartiet neste år også slår fast at elevane skal ha vurdering i skriftleg sidemål i ungdomsskulen og på vidaregåande. I ein karakterstyrt skule må elevane sin kompetanse i begge dei to offisielle skriftspråka synleggjerast på vitnemålet, seier Lofnes Hauge i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Han meiner det er positivt at det største partiet som ynskjer å ta over makta etter neste val, ser ut til å bli eit parti som går til val med ein faktisk språkpolitikk.

Kommunar slit økonomisk etter samanslåing

0

Fleire samanslåtte kommunar har store økonomiske problem som følgje av gjeld kommunane hadde før dei slo seg saman. Det kan bety kutt i essensielle tenester for fleire.

Det skriv NRK.

Ei oversikt frå KS basert på rekneskapstal frå 60 kommunar i februar syner at åtte av ti kommunar som skulle bli samanslåtte, fekk eit svekt netto driftsresultat frå 2018 til 2019. Berre åtte kommunar fekk eit nettoresultat over dei tilrådde 1,75 prosentane av inntektene.

Ein av kommunane som slit er Alver i Vestland. Kommunen, som er slått saman av dei tidlegare kommunane Lindås, Radøy og Meland. Årsaka er at dei tre tidlegare kommunane auka pengebruken før samanslåinga, mellom anna for å bygge nye skular og barnehagar. No vurderer kommunen å redusere mattilbodet til eldre for å spare pengar.

– Det er ikkje dei eldre som skal betale for at Alver kommune ikkje får til økonomien sin. Det synest eg blir heilt feil, seier ein av innbyggjarane i kommunen, Gry Kjersti Birkeland, til statskanalen. (©NPK)

– Noreg treng ei reform for bibliotek på bygdene

– Noreg har dei siste åra hatt ei sterk satsing på dei store biblioteka i byane. No er det på tide å styrkja biblioteka på bygdene også, meiner bygdeforskar og biblioteksjef.

– Eg meiner det er behov for ei nærbibliotekrefom, seier bygdeforskar og biblioteksjef Maria Almli i Steigen kommune i Nordland til Nynorsk pressekontor.

I ein kronikk i Nationen denne veka peikar ho på den store kontrasten mellom biblioteksatsinga i norske byar og på bygdene. Medan nye bibliotek har «reist seg som lysfontener» i byane, ligg bygdebiblioteka tilbake i mørket, skriv ho.

Ho synest det er viktig og fint at mange byar og tettstader har fått oppgradert biblioteka sine, men reagerer på at bibliotek på bygdene ikkje har fått det same løftet.

Under press

Stadig strammare kommuneøkonomi gjer ifylgje Almli at mange kommunar skrellar bibliotektenesta ned til ei minimum. Mange stader er nærbiblioteket heilt borte.

– Berre sidan midten av 1980-talet og fram til 2000 blei ein tredel av norske bibliotekfilialar lagt ned, skriv ho i kronikken.

Få tilsette, små stillingsprosentar og kortare opningstider er andre døme på at nærbiblioteket er under press. Mange av biblioteka som er att, manglar pengar og ressursar til å fornya seg.

– Resultatet er at mange bibliotek på bygdene verkar ukule og uaktuelle, noko som igjen fører til at folk sluttar å gå dit. Når folk sluttar å gå på biblioteket, sit det langt inne for politikarane å løyva pengar. Dermed kjem ein lett inn i ein vond sirkel, forklarer ho.

MEIR ENN BØKER: Løyvingane til biblioteka skal både setja dei betre i stand til å formidla kunnskap i ei digital tid og leggja til rette for at biblioteka kan bli viktige møteplassar. Foto: Thomas Brun / NTB / NPK

– Demokratisk viktig

Dette meiner Almli er svært uheldig. Ho peikar på at utdanningsnivået i mindre folketette område har gått ned, gutane heng etter i lesing og mange bygder slit med fråflytting. I ein slik situasjon meiner ho det er ekstra viktig å satsa på nærbiblioteka.

– Når vi veit at utdanningsnivået til foreldra på bygdene er lågare enn i byane, må vi satsa desto meir på biblioteka for å jamna ut forskjellane, elles vil skilnadene berre bli forsterka. Biblioteka er ein viktig plass for å visa at kunnskap er viktig og kult, slår ho fast.

Som mangeårig bygdeforskar har Maria Almli gong på gong sett at kulturtilbodet i eit lokalsamfunn er viktig for at folk skal trivast. Ho er overtydd om at biblioteka kan spela ei viktig rolle for kva inntrykk folk får av eit lokalsamfunn og om dei får lyst til å busetja seg der.

Overraska

Sjølv har ho mange idear til korleis biblioteket kan gjerast meir attraktivt, men då ho tok til som biblioteksjef for eitt og eit halv år sidan, blei ho svært overraska kor vanskeleg det var å få tak i pengar.

– Eg var naiv nok til å tru at eg gjekk inn i ein bransje der eg slapp å søkja om midlar slik eg har gjort som forskar og alltid sprunge etter pengesekkar. Eg trudde biblioteka hadde eit romsleg rom til å gje folk ei lik teneste i landet overalt. Men eg oppdaga ganske fort at slik var det faktisk ikkje. Veldig mykje er kanalisert gjennom utlysing og pottar som du må søkja på. Men for å få tak i desse midlane, må du ha ein viss stillingsprosent slik at du har tid til å søkja på dei, seier Almli.

Sjølv er ho tilsett som biblioteksjef i 60 prosent og einaste bibliotektilsette i kommunen.

– Med ei så lita stilling er det ikkje rom for å driva noko utviklingsarbeid eller ha noko særleg arrangement, slik vi er pålagde etter den nye biblioteklova.

Meir folk, meir støtte

Biblioteksjefen fekk seg også ei overrasking då ho nyleg tenkte å søkja på midlar Nasjonalbiblioteket i desse dagar lyser ut til formidling for biblioteka.

– Der kan ein søkja i tre ulike kategoriar, ein kategori for folkebibliotek, ein for storbybibliotek og ein for fylkesbibliotek. Eg tenkte at her er det moglegheiter, men då eg finlas utlysinga, oppdaga eg at ein også i potten for folkebibliotek vil prioritera folketette kommunar. Då fell jo dei minste kommunane ut, seier Almli. Treng endring

For å unngå at ein forsterkar ulikskapane mellom små og store kommunar og for å sikra at folk har lik tilgang til bibliotektenester uansett kor dei bur, trengst det difor ei reform, meiner biblioteksjefen.

– Det kan ikkje vera slik at dette demokratiske grunnfundamentet i landet er basert på ekstrainnsatsen til dei som jobbar på ulike bibliotek, slår Almli fast.

(©NPK)

Ber om forslag til Årets nynorskkommune – kven er best på nynorsk i koronatida?

Kulturdepartementet skal kåre årets nynorskkommune 2020. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

I år vil juryen prioritere kommunar eller fylkeskommunar som har brukt nynorsken godt i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet under koronakrisa.

– Språket bind samfunnet saman, og i krisetider er det ekstra viktig med klart og godt språk. Men det er òg viktig å syte for at mindretalsspråk ikkje kjem under press. Vi vil difor gjerne heidre kommunar og fylkeskommunar som gir klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes i ei pressemelding. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet. Foto: Moment Studio

I tillegg ynskjer juryen at kommunane kan vise til:

  • at dei nyttar og synleggjer nynorsk i kommunale planar, i utetterretta kommunikasjon og i kulturarbeidet i kommunen
  • at dei har retningsliner for nynorskbruk og nynorsk opplæringstilbod for tilsette i kommunen
  • at dei har tiltak for nynorsk i næringslivet
  • at innvandrarar og flyktningar får opplæring i og på nynorsk
  • at barn i barnehagar og barneskular får møte nynorsk tidleg

Kven som helst kan nominere

Alle som har late seg imponere av nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.

– I språknøytrale kommunar hamnar nynorsken ofte i ei utsett stilling. Nynorskbrukarar skal òg ha viktig informasjon på sitt eige språk, på same vis som bokmålsbrukarane. Nøytrale kommunar som fremjar nynorsk, fortener difor merksemd og påskjøning, seier Kvarenes.

I fjor var det Ålesund kommune som stakk av med prisen.

– Ålesund går føre som eit godt eksempel og viser at alle kommunar kan få til godt nynorskarbeid, seier Kvarenes.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 1. oktober 2020.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Send inn forslaget ditt til Årets nynorskkommune her!

Nye nettsider skal inspirera til meir nynorsk – har du tips til oss?

LNK har fått seg nye nettsider, og håpar desse skal inspirera til meir og betre bruk av nynorsk.

Nye LNK.no har som mål å inspirera til meir bruk av nynorsk og visa fram meir av alt det digitale tilbodet til LNK.

– På nettsidene vil me skriva og presentera nyhende om viktige saker for nynorskkommunane. Me er veldig takknemlege for alle typar tips og innspel! seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Redaktør for LNK.no og Framtida.no, Svein Olav B. Langåker, ber om tips.

Nynorsk ressursbank er eit nytt tilbod der me etter kvart vil samla gode idear som me håpar kan inspirera til god bruk av nynorsk. Det kan vera digitale tilbod, kommunale språkplanar eller gode nynorsktiltak i skule eller samfunnet elles. Det finst mykje godt nynorskarbeid som bør få meir merksemd. Her håpar eg òg at me kan få tips og innspel!

LNK driv digitale tilbod som Magasinett, Pirion, Framtida.no, Lærarrommet og Framtida Junior. På nye LNK.no finn du siste nyhende frå Framtida Junior og Framtida.no – og det skal vera lettare å navigera til alle dei digitale tilboda til LNK.

Lesarbrev, kommentarar og kronikkar blir presentert under fana Innspel.

Send tips og lesarbrev, kronikk og kommentarar til svein(a)framtida.no!

Språk på hjernen

0

Forskingsdagane 2020 har fokus på hjernen.

Vi som har valt å arbeide med språk, kan kanskje seiast å ha språk hjernen. «Å ha noko på hjernen» er ein såkalla metafor, det vil seie eit ord eller uttrykk som ein bruker i overført tyding. Sjølvsagt har ein ikkje språk hjernen. hjernen har ein eventuelt væske og hjernehinna og hovudskallen utanpå. Dei fleste av oss har derimot språk i hjernen.

John Locke førestilte seg på 1600-talet at hjernen i utgangspunktet var tom (tabula rasa) og dermed kunne fyllast med innhald gjennom ytre påverknader som sanseinntrykk og erfaringar. Dette synet blei vidareført i åtferdsstyrte (behavioristiske) tilnærmingar på starten av 1900-talet, der blant anna B.F. Skinner var oppteken av språkleg åtferd.

Etter kvart som hjerneforskinga utvikla seg, blei det derimot vanskelegare og vanskelegare å tru på at ein lærte språk berre gjennom ytre påverknader. I 1957 gjekk Noam Chomsky til åtak på Skinner sitt språksyn, og sidan då har språkforskinga gjort kvantesprang, som er ein annan kjend metafor. Med Chomsky fekk ein eit såkalla nativistisk syn på språk, der ein går ut ifrå at ein del av språket sit i hjernen frå fødselen av. Sjølv om ein ikkje har språk hjernen, har ein altså språk i hjernen.

Ein kan tru at småbarn lærer ord som «mamma» og «pappa» først fordi dei blir eksponerte for desse orda. Men dei blir også eksponerte for mange andre ord heilt frå fødselen av, men som dei lærer å uttale og bruke mykje seinare. «Mamma» og «pappa» er derimot lydkombinasjonar som er relativt lette å meistre for menneskebarn som har hatt lang øving i å sutte og smatte, dvs. bruke begge leppene aktivt.

Det som er enda meir spennande, er at barn kan lage ord eller setningar som ingen har laga før dei, det vil seie som ingen kan ha putta i hjernen på dei. Dette er mogleg fordi hjernen allereie frå fødselen av har evna til å lage språklege strukturar og reglar som kan brukast til å kommunisere med andre menneske.

Sjukdommar og skadar som rammar hjernen, gjev oss innblikk i at ulike delar av hjernen handterer ulike delar av språksystemet. Dessverre er det mange som får afasi, det vil seie språkvanskar etter skadar på hjernen. Nokre kan slite med å uttrykkje seg etter ein skade, og andre kan ha problem med å forstå. Legane Broca og Wernicke identifiserte allereie på 1800-talet ulike område i hjernen som har mest ansvar for produksjonen og forståinga av språk.

Tradisjonen etter Chomsky er også relevant for datakommunikasjon og utviklinga av kunstig intelligens. Men sjølv om ein har klart å lage svært avanserte datamaskiner, er det per i dag framleis menneskehjernen som er best på språk. Hugs på det neste gong du er ueinig med stavekontrollen.

Ny redaktør i Syn og Segn

0

Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som redaktør i Syn og Segn. Ho er utdanna historikar og kjem frå ei stilling i Nationen.

Dypvik har brei redaksjonell erfaring frå fleire nasjonale aviser, i tillegg til eit prislønt forfattarskap.

– Syn og Segn er ein viktig arena for å få nye stemmer og nye tema ut i offentlegheita. Eg har eit stort engasjement for gode debattar og for nynorsk, og ser fram til å byrje i jobben, seier Dypvik i ei pressemelding.

Syn og Segn er eit tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Tidsskriftet har 2500 abonnentar og kjem i fire utgivingar i året.

(©NPK)

Ålesund har lagt fram språkbruksplan til høyring

Høyringsrunde for språkbruksplan i Ålesund kommune.

Arbeidsutvalet som har jobba fram språkbruksplanen er leia av Kari Grindvik (V). Nora Morken Farstad (Ap), Arnt-Ove Tenfjord (KrF) og Preben Dimmen (Uavh.) har òg vore med i utvalet.

Til grunn for forslaget til Språkbruksplan, ligg kommunestyret sitt vedtak frå desember 2019.

Her heiter det:

  • Ålesund kommune krev med heimel i mållova § 5, første ledd, nynorsk i skriv frå statsorgan til kommunen. 
  • Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av internett-ogintranettsidene, informasjonsmateriale og kunngjeringar, lokale forskrifter, reglement og retningsliner.  
  • Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, slik det går fram av mållova § 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, kan den tilsette velje  sjølv. 
  • Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes i referat, notat og rapportar, samt i skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform. 
  • Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet nye Ålesund kommune trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.

LNK er spesielt invitert til å kome med innspel og kommentarar til ny Språkbruksplan for Ålesund kommune, og vil koma med dette i løpet av ei vekes tid.

Her ligg skjema og utkast til Språkbruksplan.

Komitè for kultur og medborgarska har sendt ut forslaget til språkbruksplan ut på høyring. Fristen for å kome med innspel er 8. september.

26. oktober skal komiteen for kultur og medborgarskap komme med si endelege innstilling til språkbruksplan og 5. november skal kommunestyre gjere det endelege vedtaket.