Journalist, programleiar og forfattar Linda Eide får Storegutprisen 2019 for å formidla kunnskap om språk med integritet og ein solid dose humor.
Fleirtal for nynorske turbibliotek i Bergen – håpar fleire følgjer etter
Stort fleirtal i Bergen bystyre for nynorske turbibliotek.
NRK slit med å nå nynorsk-krav på nett
Mangel på nynorske journalistar har konsekvensar. NRK slit med å nå målet sitt om 25 prosent nynorsk på nett.
Bitte litt meir nynorsk ved Universitetet i Agder
Universitetet i Agder (UiA) bad for eitt år sidan Kunnskapsdepartementet om å få sleppe nynorsk, men har etter den tid prøvd å ta seg saman. 98,5 prosent av langtekstane var likevel på bokmål i fjor.
Språkrådet redd for dårlegare språk hos elevar
Ei svekking av sidemålsopplæringa vil gå hardt utover norskkompetansen til elevane og den samla språkkompetansen i samfunnet, meiner Språkrådet.
Reagerer på omsetting på eksamen: – Vert vanskelegare å vere nynorskbrukar
Nynorskelevar klagar på at omsettinga av avsluttande biologieksamen var tvitydig. Norsk Målungdom fryktar at hendinga ikkje er unik.
Odd Nordstoga og Stein Versto vert festspeldiktarar
Dei nynorske festspela 2020 kan smykke seg med to av Vinjes store søner.
– Forteljingar trengst for å leve
Forteljinga om livet til Ivar Aasen og valet han tok som endra det, var temaet under opninga av Dei nynorske festspela 2019 torsdag.
Regjeringa etterlyser innspel frå kommunane til språkmeldinga
Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet oppfordra nynorskkommunane til å engasjere seg i den komande språkmeldinga, då han torsdag opna landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Jublar for millionløyving til unge nynorsklesarar
Redaksjonen for dei nynorske nettavisene Framtida.no og Framtidajunior.no er strålande glade etter at Stortinget i revidert nasjonalbudsjett har vedteke å løyva 1,2 millionar kroner til dei to nynorsktiltaka for unge lesarar.
Velkommen til landstinget til LNK i Førde!
Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Førde 6.-7. juni på Scandic Sunnfjord Hotell. LNK vil samstundes feira 25-årsjubileet sitt.
Krev språklov med respekt for språkmangfaldet
For å ta vare på språkmangfaldet i Noreg bør den varsla språklova styrkja dei språklege rettane til innbyggjarane. Det meiner styret i Nynorsk kultursentrum, som krev fleire nye tiltak i den nye lova.