Heim Blogg Side 363

– Bør kunne velje nynorsk eller samisk

0

I samiske område bør elevar kunne velje mellom samisk og nynorsk, meiner fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Pedersen uttrykte dette i ein kommentar til artikkelen «Hatar nynorsk» som nokre skuleelevar hadde skrive i avisa Finnmarken.

– Eg er for å ha to skriftspråk, det er ein viktig del av norsk kultur. Men i samiske område er det på sin plass at elevane skal kunne velje mellom samisk og nynorsk, seier statsråden.

Noregs Mållag skriv på nettsidene sine at ein i dag må vise til ein samisk etnisitet for å kunne ha samisk som andrespråk.

Pedersen er leiar i programkomiteen til Arbeidarpartiet, som ifølgje Finnmarken vil gjere framlegg om at alle grunnskular i Finnmark skal få tilbod om dette. (NPK)

Politikar for ein dag

0

Stortinget sitt undervisningsopplegg Minitinget skal stimulere til politisk engasjement hjå elevar i vidaregåande skule. No kjem også eit opplegg for ungdomsskulen.

– Målet med Minitinget er å skape engasjement og vise dei korleis det demokratiske spelet fungerer. Noko av det viktigaste er å formidle kunnskap om demokratiet og det politiske livet, samt å stimulere til valdeltaking, seier rådgjevar i informasjonsseksjonen på Stortinget, Elin Relander Tømte.

Minitinget er lagt opp som eit rollespel der elevane får prøve seg som stortingspolitikarar, både i debattar, spørjetimar, komitémøte og under tv – intervju.

– Mange vert overraska over at det er så travelt å vere politikar. Det er mykje å setje seg inn i og det er lettare å forstå til dømes komitéarbeidet når dei sjølve får prøve, meiner Tømte som viser til at opplegget har fått mykje positiv respons, og at mange lærarar kjem attende år etter år med nye elevar.

Kva skjer i 2015?
I haust starta også Stortinget opp prosjektet 2050 – Valget er ditt der elevar på ungdomsskulen skal få prøve det politiske livet. Dette undervisningsopplegget er ein forkorta og noko lettare versjon av det dei eldre elevane får i Minitinget. Her byrjar ein med å vise ein film om eit tenkt samfunn i 2015 der mange av våre samfunnsproblem er løyste. Så vert det sett fokus på spørsmålet: kva har dei gjort for å få dette til? Deretter får elevane utvikle partiprogram som dei seinare stemmer over.

– Eg trur det er viktig for elevane å kome til Stortinget for å oppleve dette. Det som står i media og det faglege dei les i bøkene har ofte eit vanskeleg språk. I eit rollespel er det lettare å forstå kva som skjer, meiner Elin Relander Tømte.

– Vil gjerne bli politikar
Blant dei som i haust har delteke i Minitinget er Garborgsenteret på Bryne som har sett saman ei gruppe av elevar frå  Bryne, Asker og  Nord – Østerdal vgs som skal delta i utviklinga av senteret.

– Eg er kjempenøgd med opplegget. Og ganske overraska over at det var så grundig og ordentleg, seier Andreas Opstad (16) frå Asker som etter det tre timar lange opplegget på Stortinget godt kan tenkja seg ei framtid som politikar.

– Ja, eg har litt lyst til å bli politikar, seier han og smiler.

Mads Gjesdal (16) frå Bryne er samd i at opplegget er interessant å vere med på.

– Det er spanande å få betre innsikt i korleis politikarane jobbar, meiner han.

Litteraturdagar i utvikling

0

Nynorske litteraturdagar i Aurland har etablert seg som ein av mange litteraturfestivalar. – Dette er ei bevisst satsing av kommunen, seier prosjektansvarleg Haakon Skjerdal.

– Dette er ein del av ei bevisst omdømmebygging i Aurland kommune. Me ynskjer å profilere oss som ein tydeleg nynorskkommune og arbeider aktivt med språket, også i organisasjonen, seier Skjerdal.

Aurland kommune med sine 1700 innbyggarar arrangerte tidlegare i haust Nynorske litteraturdagar for tredje året på rad. Festivalen som har eit budsjett på om lag 800.000 kroner får årleg opp til halvparten av midlane over det kommunale budsjettet. I dag er det til saman fire personar som arbeider med festivalen.

– Me leita etter noko ingen andre hadde, seier Skjerdal om fødselen til festivalen og viser til at litteraturdagane sitt motto er å vere raus, folkeleg og levande.

Satsar på marknadsføring
Nynorsk er eit verkemiddel for å presentere mangfald i litteraturen, Aurland kommune ynskjer å skape ein litteraturfestival der det er plass til både det smale tilbodet og dei meir kjente aktørane.

– Me har blant anna god erfaring med å arrangere bokbad der me prøver å vise fram nye og spanande forfattarar. Det handlar litt om å tillate seg å vere smal av og til, meiner Skjerdal som trur festivalen no har etablert seg, både i litteraturmiljøet og i den nynorske verda.

– Litteraturdagane har ei ramme som fungerer. No er det ei utfordring i å tenkje nytt og ikkje minst i å gjere festivalen meir kjent. Me kunne godt tenkt oss større oppslutnad, meiner han.

Om lag 1000 personar besøkte årets litteraturdagar.

– Kva må til for å få fleire besøkjande?

– Det er eit godt spørsmål. Eg trur nok marknadsføring er sentralt, det må me bli betre på. Me må nok bygge opp ein strategi med små drypp gjennom heile året. Og me må ha eit program som vekker appetitten, med iallfall eitt stort namn, slår Skjerdal fast.

Også prosjektleiar for litteraturdagane, Arve Tokvam, meiner festivalen må arbeide med å gjere seg meir attraktiv utad.
– Me har eit større potensial for besøkjande enn me klarer å utnytte i dag. Det er jo ein marknad der ute , meiner han.

Håpar på ekstern finansiering
Litteraturdagane har no etablert eit eige festivalråd som skal kome med innspel til den vidare satsinga.

– I det rådet sit blant anna dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland. Me meiner også det er viktig å få ein forfattarrepresentant i det rådet, samt representantar frå fylket og regionen. Festivalrådet skal først og fremst arbeide med strategi og kvalitetssikre arbeidet vårt, fortel Tokvam.

Sentralt i arbeidet vidare står også jobben med å få ei langsiktig ekstern finansiering. Blant anna er prosjektet i år støttar av Kulturrådet.

– Det går mykje tid til å søkje etter midlar, år etter år. Og me ser at mange sponsorar er litt lunkne i og med at me er eit kommunalt prosjekt, meiner Arve Tokvam.

No håpar ein at det vil kome langsiktig økonomisk støtte på plass slik at det vert kontinuitet i arbeidet framover.

– Litteraturdagane er meir ei profilering av identitet og språk enn det er målkamp. Men nynorsken er viktig. Det skal vere eit arrangement for alle og ha ein låg terskel. Akkurat det føler me at me har lukkast godt med, meiner Tokvam og viser til at festivalen truleg er komen for å bli.

– Me har utvikla oss i ein positiv retning og eg trur det er mange etter kvart som har fått augene opp for oss, seier han.
Av arrangement under årets litteraturdagar kan ein nemne forfattarbesøk på skular, næringslivsseminar, stå – opp, bokslepp og krimbar.

Meiner språkleg mangfald er ein styrke

0

At me ikkje bare har eitt, men to norske skriftspråk gjev norsk språk eit dobbelt uttrykksregister, og ein dobbel verdi, skriv Martin Skjekkeland i ein kronikk.

Skjekkeland er professor i nordisk språkvitskap Universitetet i Agder og meiner i ein kronikk i avisa Fædrelandsvennen at det er ein styrke med to skriftspråk.

Blant anna støttar han arbeidet med å opprette ein språkbank, ein database med skrivne og talte ord.

Les kronikken her.

Avspark for barnekultursenter

0

I januar vert det avsparkkonferanse for det planlagde barnekultursenteret på Sand. Bak planane står Rasmus Løland – stiftinga og Ryfylkemuseet.

Målet er at det nasjonale senteret for barnekultur skal opnast på Sand i 2011. Tidlegare i år kom også prosjektet inn på statsbudsjettet.

26. januar vert det avsparkkonferanse med namn som forfattar Maria Parr, språkdirektør Sylfest Lomheim, May Helen Molvær Grimstad, Olaug Nilssen, Ivar Nygaard og Ketil Kolstad.

Levekåra for barnekulturen og leseglede vert sett i fokus denne dagen. LNK er ein av stiftarane bak Rasmus Løland – markeringa.

Les meir om konferansen og sjå programmet på nashornet.no

Ventar 100.000 arbeidsinnvandrarar dei neste tre åra

0

Arbeidsinnvandrarar vil halde fram med å koma til Noreg, trass i stigande arbeidsløyse her i landet.

Dei neste tre åra er det venta 100.000 nye arbeidsinnvandrarar til Noreg, ifølgje Statistisk sentralbyrås (SSB). SSB la nyleg fram prognosar som peikar i retning av 4,6 prosent ledige – 120.000 – i 2010.

Samtidig trur SSB at arbeidsinnvandringa vil halde seg høg, skriv Dagsavisen.

Årsaka er at sjølv om finanskrisa gir auka arbeidsløyse i Noreg dei komande åra, er det venta at andre land blir hardare ramma.

SSB-forskar Torbjørn Eika understrekar at prognosane er usikre, men seier:
– Nokre vil nok dra, men fleire vil koma. Vi vil framleis ha netto arbeidsinnvandring i åra som kjem. (©NPK)

For dyrt med nynorsk Office

0

Dei tilsette ved Helse Vest og ved NAV Sogn og Fjordane har berre tilgang til bokmålsversjonen av det populære dataprgrammet.

Dei tilsette ved Helse Vest og ved NAV Sogn og Fjordane har berre tilgang til bokmålsversjonen av det populære dataprgrammet.

– Det er teknisk mogeleg å setje det opp med nynorsk, men det ville gjeve oss auka kompleksitet og dermed også auka kostnader, seier Erik M.Hansen, administrerande direktør i Helse Vest IKT til NRK Møre og Romsdal.

Leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust, reagerer på opplysningane.

– Eg synest det er litt underleg at dei store offentlege arbeidsplassane i typiske nynorskområde ikkje vel å bruke nynorskversjonen. Både me og andre nynorskbrukarar har klaga på at det ikkje har vore tilgjengeleg programvare. Så når det no er tilgjengeleg på nynorsk, er det merkeleg at det ikkje blir teke i bruk, seier Myklebust til NRK Sogn og Fjordane.

Ungdom vil ha nynorskbøker

0

Barn og unges bystyre i Sandnes (BUBS) har løyvd 25 000 kroner til bøker på nynorsk og engelsk til skulebiblioteka.

Line Nesvåg Nyborg og Sigri Aas Anda
Tekst og foto: Ragnhild Margretha Taranger

Line Nesvåg Nyborg frå tiande og Sigri Aas Anda frå niande klasse representerer Giske Ungdomsskule i BUBS. Det var dei som kom med forslaget som til slutt fekk den store potten på 25000 kroner.

– Vi synest det er kjekt å lese, og vi må jo dessutan lese romanar både på nynorsk og engelsk på ungdomsskulen, fortel Line.

Men det er ikkje så kjekt viss ikkje bøkene er gode, og då er det greitt å ha litt å velje mellom. På hylla i biblioteket på Giske finn dei no berre nokså barnslege bøker som Roald Dahl på engelsk, og eit svært lite utval i nynorsk litteratur.

– Det verkar som dei andre ungdomsskulane har den same situasjonen, derfor fekk vi gjennom forslaget, meiner Sigri.

Det er elevrådet som skal ut og kjøpe bøker når pengane kjem. Begge jentene har lese Drageløperen og Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, og ønskjer seg meir av slikt til skulebiblioteket.

– Vi vil lese vaksne bøker, seier både Line og Sigri, og nemner også krim, Jo Nesbø og DaVinci-koden som eksempel på litteratur dei gjerne vil lese.

Lobbyverksemd
Dei to har argumentert hardt for saka si, først i dei innleiande rundane på skulen, der alle klassane skal kome med forslag til både saker og til kva pengane skal gå til. Det er elevrådet som til slutt bestemmer kva representantane skal meine i BUBS. Så var det å få saka gjennom i sjølve BUBS, i kamp mot alle andre gode forslag både på gruppemøte og i den endelege avstemninga.

– På prøveavstemninga sto bøkene våre likt med ein volleyballbane på ein annan skule, fortel jentene. Då måtte dei til med lobbyverksemd i pausen, og jammen greidde dei ikkje å vinne ti nye stemmer på fem minutt.

– Medlemene i gruppa vår snakka med alle barneskulerepresentantane, og argumenterte med at dei kjem og til å nyte godt av desse bøkene når dei kjem på ungdomsskulen, seier Line.

Blir høyrde
Dei unge bystyrerepresentantane føler at dei har reell innverknad når dei sit i bystyresalen og vedtek saker og løyver pengar. Ordføraren i Sandnes, Norunn Østråt Koksvik, leiar bystyremøtet også for dei unge. Dei vaksne politikarane sit på galleriet, og i spørjetimen kan BUBS stille dei spørsmål.

-I fjor tok nokon opp dei elendige toalettforholda på skulane under BUBS-møtet. Det førte til at politikarane løyvd 10 millionar til oppussing, og no er dei faktisk i gang med arbeidet her på skulen vår, fortel Sigri og Line nøgde.

Løyv pengane sjølv
Kari Lauten er norsklærar og mediateklærar på Giske Ungdomsskule. Ho synest det er kjempeflott at elevane vil ha fleire bøker å velje mellom, særlig på nynorsk.

– Det syner jo at dei har skjøna at jo meir nynorsk ein les, jo betre kan ein også skrive nynorsk. Men samstundes synest ho ikkje det er BUBS sitt ansvar å løyve pengar til lærebøker.

– Eg trudde BUBS-pengane skulle gå til utstyr som kan gjere skulekvardagen kjekkare for elevane, og at bøker til biblioteka skulle vere ein budsjettpost i det ordinære kommunebudsjettet.

Lauten synest politikarane burde ta dette behovet på alvor og løyve pengane sjølve. Likevel er Lauten imponert over innsatsen til Line og Sigri.

– Dei har gjort en kjempejobb for å få fleirtal for fleire bøker til skulebiblioteka.

Framtidsverkstad
Det er kultur og fritidsseksjonen i kommunen som administrerer BUBS. BUBS er til for at alle barn og unge i Sandnes skal ha medverknad i kommunen sin, i følgje fritidssjef Tone Strømø.

Kvart år arbeider skulane med saker som også bystyret har fokus på. I år var temaet Framtidas byar. I tillegg til tema, har BUBS óg ein pott på 100 000 kroner som dei fordeler slik dei ønskjer det.

Framtidsverkstad er ein av metodane skulane bruker for å lokke fram engasjementet hos elevane. Her blir elevane spurde om kva dei er uroa for, kva dei hadde gjort om dei fekk bestemme, og kva dei kan få til frå der dei er i dag.

– Vi prøver å fokusere på at det er mykje kvar enkelt kan gjere, sjølv om ein ikkje kan bestemme så mykje. Til dømes er det mange som er opptekne av miljøvern. Då er det viktig å tenkje at alle kan bidra med noko, som til dømes å resirkulere og vere medviten om eige forbruk, seier Strømø.

FAKTA OM BUBS:
Ein gong i året møtest barn og unges bystyre (BUBS) i Sandnes for å gje utsegner til politikarane om aktuelle saker, og for å fordele 100 000 kroner til ulike strakstiltak. 20. november bestemte det 12. BUBS at mesteparten av pengane, 25 000, skal gå til fleire bibliotekbøker på nynorsk og engelsk til alle ungdomsskulane i kommunen.

Leiar i Nobelkomiteen får målpris

0

Leiaren i Den norske Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, blir tildelt Målblome frå Noregs Mållag.

På fredsprisutdelinga 10. desember vil Ole Danbolt Mjøs presentere prisvinnaren Martti Ahtisaari og lesa grunngjevinga på nynorsk – slik han har gjort i alle dei seks åra han har vore leiar av Nobelkomiteen.

– Når Ole Danbolt Mjøs står på podiet i Oslo rådhus og les prisgrunngjevinga, så gjer han det samtidig for nær ein halv milliard menneske på nynorsk. Han er truleg den som når lengst ut i verda med nynorsk, smiler Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Noregs Mållag er oppteken av at nynorsk kan nyttast i alle samanhengar, og Ole Danbolt Mjøs syner oss at det går det nettopp an å gjera, seier Hege Myklebust. Ho har invitert han til landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo i april, då vil han få tildelt diplomet sitt og hjarteleg takk frå mållaget. (©NPK)

Stor interesse for papirlaus kvardag

0

Seks nynorsk – kommunar har vist interesse for å innføre papirlaust kommunestyre. – Det er overraskande mange, seier Jon Slorer i Microsoft.

LNK-avisa hadde i førre nummer eit oppslag der Microsoft etterlyste ein nynorsk pilotkommune for å innføre ein papirlaus politikarkvardag. Seks kommunar eller samarbeidsorgan har seinare vist interesse for å gå i dialog med Microsoft og systemleverandørane ACOS og Gecko Informasjonssystemer AS, som delvis er eigde av ErgoGroup.

Desse er : Etne kommune, Vanylven kommune, Tokke kommune, Åseral kommune, Lindås kommune og Ryfylke Interkommunale selskap (RIKS) som består av seks kommunar.

Realisering i 2009
– Interessa for dette har vore overveldande. Eg har seinast i dag vore i telefonkontakt med Åseral og Lindås kommune, seier Slorer som legg vekt på at framgangen i prosjektet no er avhenging av kor fort leverandørane ACOS og Gecko kjem på banen.

– Status er at me er i dialog med leverandørane og ventar no på respons frå dei. Det er klart dette er utviklingstrekk som skal passe inn i framdrifta dei også. Men det er berre eit spørsmål om tid før dette er på plass, meiner han og viser til at målet er å få dette tilgjengeleg i løpet av 2009.

Bakgrunnen for at ein no ynskjer å realisere programmet i nynorsk drakt er innføringa av papirlaust byråd i Bergen kommune. Der har kvar politikar sin eigen datamaskin med program utvikla av Microsoft. Med maskinen er det også ein elektronisk penn og ein aktiv skjerm som fører til at dei kan skrive direkte i dokumenta.

Ingen kostnadsforskjell
Direktør i ACOS, Ivar Wessel Thomassen, er positiv til prosjektet og meiner også det er realistisk å tru at løysinga er på plass i løpet av neste år. Programmet som er under utvikling inneheld blant anna modular for informasjon, visualisering av saksdokument, voteringssystem og kommunikasjon mellom politikarane.

– Vil det bli ein kostnadsforskjell i forhold til kva språk kommunen ynskjer programmet i?

– Nei. Dette vil først og fremst bli noko våre eksisterande kundar vil dra nytte av. Og det vil ikkje vere noko kostnadsforskjell om ein ynskjer dette på bokmål eller nynorsk, meiner Thomassen.

ACOS har i dag om lag 150 kundar blant norske kommunar og leverer program på nynorsk, bokmål og samisk.

Ordførar i Tokke kommune, Olav Urbø, er ein av dei som håpar ein papirlaus kvardag vert ei betre løysing for lokalpolitikken.
– Det er stor politisk interesse for dette. Ikkje minst sidan det truleg vert veldig kostnadseffektivt der ein kan spare mykje på blant anna porto og papirkostnadene, meiner han.

Beste kommune på nett

0

Sørum kommune i Akershus har den beste heimesida av alle kommunane i landet, syner undersøkinga Kvlitet 2008. Sørum er ein av seksten kommunar som har eit seksstjerners nettilbod til innbyggjarane sine.

Den årvisse kvalitetsvurderinga av offentlege nettstader vart i år gjennomført av Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI). Nettstadene vert vurderte ut frå tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.

I tillegg til Sørum kommune vart desse nettstadene vinnarar i sine klassar:

Årets netteneste: Finansportalen.no
Årets statlige nettstad: Høgskolen i Bergen
Årets tilgjengelegheitspris: Dok.no

12 kommunar fekk i år ei av seks mulege stjerner, medan 73 kommunar fekk 2 stjerner.

Vil du sjå korleis det gjekk med din kommune? Alle resultata finst på Noreg.no.

Nynorskpris til Kari Traa

0

Kari Traa A/S har fått Noregs Mållag sin Nynorsk næringslivspris 2008.

Prisen skal gå til ei verksemd som heilt eller delvis nyttar nynorsk i marknadsføring og anna kundekommunikasjon.

– Ved å nytta nynorsk i marknadsføringa av sportstøy har Kari Traa og selskapet hennar vist veg for næringslivet. Gjennom dette bidreg ho til at nynorsk får ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk, seier juryleiar Berit Rekve.

Vinnaren av Nynorsk næringslivspris 2008 sel klede i ein bransje med sterk konkurranse, og kolleksjonane og personen Kari Traa vender seg til ei ung målgruppe. Kari Traa AS nyttar nynorsk i eit viktig og landsdekkjande nedslagsfelt, og gjennom aktivitetar med ein sterk merkeprofil. Slik gir verksemda nynorsk ein tydeleg identitet som marknadsføringsspråk, heiter det vidare i grunngjevinga.

Tidlegare har Lerum AS (2006) og Hotel Alexandra, Loen (2007) fått prisen.