Heim Blogg Side 362

Tek vare på historia

0

Kulturminneåret 2009 skal gjere folk bevisste på kva det er viktig å ta vare på.

– Målet er å bevisstgjere folk på kva eit kulturminne kan vere. Mange tenkjer at det er ein bygning, eller til dømes eit kulturlandskap. Men det kan vere mykje ein ikkje kan ta eller føle på. Som til dømes ein song, eit eventyr eller eit handverk, seier prosjektleiar Sidsel Hindal.
Miljøverndepartementet gav i 2006 Norges kulturvernforbund hovudansvaret for å planlegge, gjennomføre og evaluere Kulturminneåret 2009. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Riksantikvaren, ABM – utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, Noregs museumsforbund og KS. Meininga med prosjektet er å synleggjere og aktualisere dei ulike kulturminna me har rundt oss i kvardagen.

Treng lokale tiltak
– Kulturminna er ein del av det me har rundt oss og som heile tida er i utvikling. Ein viktig bit av prosjektet er å vere med å bygge opp under andre type fagalliansar enn dei me ser til dagleg, meiner Hindal.
Kvar kommune og fylke har også utpeika ein eigen kontaktperson som skal ta initiativ til prosjektet og fungere som ein koordinator. Hindal legg vekt på at det ikkje minst er alle dei lokale og regionale tiltaka gjennom kulturminneåret som vert avgjerande om året vert ein suksess.
– Det er viktig å få fram at kulturminneåret er eit år mange er opptekne av. Det blir eit nasjonalt år fordi enkeltpersonar, lag og organisasjonar bidreg til å skape aktivitet, meiner ho.
Av aktivitetar gjennom året nemner ho kystlaget i Tromsø som ynskjer å lære folk å ro – ein kunst som er i ferd med å gå i gløymeboka. Andre ting er til dømes feiringa av at Bergensbanen vert 100 år, samstundes vil også bergensarane bruke kulturminneåret til å setje fokus på byens ruinar. Elles vert det sommararrangement i Kristiansand og fleire stadar kan du få sjansen til å gå ulike typar kulturminneløyper, ofte til og med gjennom fleire fylke, og fotoutstilling med bakgrunn i landets mangfaldige industrihistorie.

Frir til publikum
– Me vil også etablere nettstaden dagliglivet.no som skal fri til publikumet som vert oppfordra til å sende inn eit bilete av ein kjær gjenstand frå dagleglivet i etterkrigstida. Til slutt vert det ei kåring av den beste gjenstanden, seier Hindal.
– Me er ofte så opptekne av praktbygga våre, stavkyrkjene og dei fine gjenstandane. Men dagleglivet er vel så viktig, som til dømes strikketøyet eller den gamle grammofonen. Det er viktig å aktualisere det. Det er jo kvardagen som utgjer hovudtyngda av liva våre, meiner ho.
Hindal viser til at ein ynskjer å dokumentere erfaringane frå kulturminneåret og håpar dei fleste skal få sjansen til å bidra til prosjektet på eit eller anna nivå.
– Eg håpar dei fleste får ta del i dette, at dei til dømes får bevege seg i ei eller fleire kulturminneløyper gjennom året.

Trur ikkje dialekten døyr

0

Olav Aasmundtveit (29) frå Brunkeberg har granska talemålet til unge i Vest-Telemark, han trur ikkje det vil døy ut, skriv Vest – Telemark Blad.
Sjølv om talemålet endrar seg, trur ikkje masterstudenten det vil forsvinne.

– Samanlikna med andre stader på Austlandet, som i Numedal og Hallingdal, held vesttelemålet seg bra. Eg har problem med påstanden om at ein dialekt døyr ut. Talemålet er, og har vore, i naturleg utvikling. Dagens talemål som me sjølve kanskje meiner er klingande vesttele, er ikkje det same som det var for tri-fire generasjonar sidan, seier Olav Aasmundtveit, seier han.

Les meir i Vest – Telemark Blad

Nynorsk Wikipedia nærmar seg 45 000

0

Den nynorske utgåva av oppslagsverket Wikipedia nærmar seg no 45 000 artiklar.

Nynorskutgåva starta opp sommaren 2004, men hadde dei første åra ein heller beskjeden produksjon. I mars 2006 var det berre omlag 6 000 artiklar tilgjengelege på nynorsk Wikipedia. I dag, 7. januar 2009, er talet artiklar kome opp i 44 454.

Likevel er det langt att til ein når bokmåls- og riksmålsutgåva med sine 203 617 artiklar. Derimot har nynorsk Wikipedia forlengst passert Island, som berre kan skilte med 23 744 artiklar.

Det nettbaserte oppslagsverket Wikipedia har eksistert sidan 2001 og blir i sin heilskap skrive og redigert av «folk flest».

Vil ha språkbank

0

Ein nasjonal språkbank må liggje i Sogn og Fjordane, seier fylkeskommunen i eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD).

I brevet kjem fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) med ei rekkje argument for kvifor ein eventuell språkbank må liggje i Sogn og Fjordane, nærare bestemt Sogndal-Leikanger. Sandal peiker mellom anna på at dei to kommunane allereie husar Noreg.no, Direktorat for forvaltning og IKT (DIFI) og andre relevante fagmiljø.

Ideen om eit nasjonal språkbank kom opp i samband med språkmeldinga Mål og meining som vart lagt fram av KKD i fjor sommar.

Kjelde: Sogn avis

Færre nynorskelevar krev sterkare innsats

0

Bergens Tidende kunne nyleg melde at andelen elevar i grunnskulen som har nynorsk som hovudmål er stadig synkande. Styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, meiner foreldre og elevar må få ei større forståing for kva føremoner nynorsken har.

– Målet må vere å snu denne trenden ved å synleggjere fordelane med å ha nynorsk som hovudmål, seier Dahle.

Han syner til at nynorskelevane til dømes er flinkare i sidemålet sitt enn bokmålselevane, då dei møter bokmål i nesten alle samanhengar også utanom skulen. Han peiker og på at dei fleste dialektane i Noreg ligg nærare nynorsken enn bokmålet.

– Og ikkje minst må vi ha klart for oss at ungdom som ei gang vil få seg jobb i offentleg sektor må beherske båe målformene. Frå mi tid som lærar har eg erfaring med at ungdom med nynorsk som hovudmål stiller sterkare.

På landsbasis er det i dag 13,36 prosent av grunnskuleelevane som har nynorsk som hovudmål, mot 15,21 prosent i 1999. Dahle meiner noko av denne nedgangen kan forklarast med kommunesamanslåingar og aukande tilflytting til sentrale strok kor bokmålet står strekare enn nynorsken.

– I framtida vil det defor bli ei svært viktig målsetjing for oss å leggje til rette for at dei kommunane som ønskjer å halde på nynorsken skal greie det, seier Jan Magne Dahle.

Sjå den fylkesvise tabellen for hjå bt.no.

Facebook på nynorsk

0

Norske ungdommar arbeider no med å omsetje Facebook til nynorsk.

Leiar for Førde målungdom, Frida Høstaker er glad for at ungdom får eit betre nynorsktilbod på nettet.

– I dag er dei fleste norske internettsidene på bokmål, då er det godt at nynorsk kan bli meir brukt gjennom Facebook, seier Høstaker til NRK Sogn og Fjordane.

Ho håpar at Facebook på nynorsk kan få fleire til å bruke språket i den vidaregåande skulen.

– Om nokon har brukt nynorsk på Facebook i tre år, vert det kanskje lettare for dei å velje nynorsk på skulen, seier Høstaker.

Les meir her.

Nyskapande program

0

Dei Nynorske Festspela 2008 mønstrar fleire forfattarar enn nokon gong. Det blir stor utekonsert med Herborg Kråkevik, og Heine Totland og Gisle Børge Styve debuterer begge som festspelartistar.

Dei Nynorske Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 25. juni til 29. juni og har samla nær 50 arrangement under temaet «Dialog». I dagane 2.-4. april blir Vårspela avvikla med 11 arrangement.

– Stortinget har gitt oss meir pengar å handle for, og vi kvitterer med eit program vi ikkje kunne ha fått til utan dei pengane, seier programansvarleg Åshild Widerøe. – Vi arbeider dessutan med fleire programinnslag som blir avklara i vekene frametter, seier ho til Noregs Mållag sine nettsider.

Gjer suksess med rekneskapssystem

0

Det er fullt muleg å starte smått og vekse seg svær om du etablerer deg i ein liten utkantkommune.

Null kø, fornuftige bustadprisar og gode oppvekstvilkår for born var berre nokre av kvalitetane Hans Jørgen Neset såg ved Modalen då han valde å starte It-verksemd der.

No har gründaren totalt 50 tilsette. Eit fåtal jobbar på avdelingskontora i Oslo, Bergen og Haugesund. Dei fleste har arbeidsplassane sine i UniMicro sine nøkterne og stadig veksande lokale på Øvre Helland, vel ei mil frå kommunesenteret Mo.

Alltid vore programmerar
UniMicro gjer suksess med utvikling av rekneskapssystem for verksemder. Neset fortel om ein auke i omsetnad på heile 27 prosent berre det siste året. Sjefen sjølv har utdanning innan økonomi og informatikk. I jobben får han bruk for begge desse kunnskapsområda. Han jobba i Gilde fram til han flytta tilbake til heimstaden Modalen på slutten av 1970-talet. Då byrja han som økonomiansvarleg i kommunen og etterkvart dukka ideen om eiga verksemd opp.

– Eg har vore programmerar alltid, forklarer han.

Aktiv og kreativ arbeidskraft
– Er det vanskeleg å skaffe kvalifiserte arbeidstakarar her i Modalen?

– Det har vore litt vanskeleg dei siste åra, men det er i tråd med bransjen elles, svarar sjefen.

Ein del av arbeidsstokken er tilflyttarar, medan andre pendlar inn frå nabokommunar.

– Vi er fleksible, framhevar Neset.

I byrjinga var han einaste tilsette i firmaet, som har vakse jamt sidan starten i 1986.

– Eg har vore heldig å få fatt i kvalifiserte folk, utdjupar han, og legg til at det betyr mykje å ha tilsette som er kreative og aktive.

Gründaren er også opptatt av å ta godt vare på dei tilsette. Det gjer han mellom anna ved å arrangere blåturar og fotturar i fjellet. No nærmar julebordet seg, og det brukar å vare ei heil helg.

Ikkje redd nedgangstider
Kundane er hovudsakleg små og mellomstore verksemder over heile landet, i tillegg til enkelte offentlege verksemder.  Kundane kjem ikkje heilt av seg sjølv.

– Vi bruker ein del på marknadsføring og merkevarebygging, forklarer Neset.

Verksemda jobbar etter ein filosofi om å reinvestere. Såleis går mykje av overskottet til utvikling.

At det no går mot økonomiske nedgangstider, går ikkje stort inn på sjefen.

– Vi kan merke lavkonjunkturen litt, men eg er ikkje veldig uroa. Det er ikkje verre her enn andre plassar. Vi har ein del kundar i byggebransjen, og nokon av dei må kanskje roe litt ned.

Infrastruktur viktig
At Modalen kommune var tidleg ute med å satse på infrastruktur og byggje fiberkabel til alle verksemder, har gjort det mogleg for UniMicro å ha hovudkontoret sitt på ein såpass perifer plass.

– Kva råd vil du gje til andre mindre distriktskommunar som ønskjer fleire verksemder?

-Infrastruktur er viktig, og så må dei marknadsføre føremonene med å bu der, svarar Neset

Kvalitetar ved å bu og jobbe i distriktet ser han nemleg mange av: han slepp å bruke tid på å køyre i kø, bustadprisane er meir fornuftige enn i byane og oppvekstvilkåra for dei minste meiner han er betre.

– Og så trur eg arbeidskrafta er meir stabil her, sluttar Neset.

Tekst: Ingrid Hillestad

Nynorskstripe i VG

0

Nyttårsaftan får 25 vinnarar av VGs teikneseriekonkurranse sleppe til i avisa. Ein av dei er nynorskstripa «Havet», teikna av 20 år gamle Øystein Ottesen frå Stord.

Ottesen har også hatt teikneserien sin på trykk på nettsidene til Nynorsksenteret, og han ser ikkje bort frå at bruken av nynorsk i teksten har gitt han eit føremon i forhold til konkurrentane i VG.

Les heile saka på Sunnhordland.no.

– Lokalavisene overlevde internett

0

Vi brukar meir tid på internett, men lokalavisene har ikkje mista lesarar av den grunn.

Mange aviser har slite i kampen mot internett. Men lokalavisene har overlevd trusselen.

– Lokalavisene har halde seg rimeleg godt, og omtrent 10 prosent av befolkninga les lokalaviser kvar dag, i papirform, seier Odd Frank Vaage, statistikkrådgjevar ved Seksjon for levekårsstatistikk ved Statistisk sentralbyrå (SSB) til Forskning.no.

Sidan 1991 har delen som les aviser kvar dag gått ned frå 84 til 72 prosent. Nedgangen kjem av sterkare konkurranse frå mange nye og lett tilgjengelege medium. Men nedgangen gjeld ikkje for lokalaviser.

– Distriktsavisene og andre typar aviser har gått ned, medan lokalaviser har liggje på omtrent same nivå sidan 1991, seier Vaage. (©NPK)

Nasjonalt kunnskapssenter på Jæren

0

– Eit Garborgsenter vil vera med å styrkja målprofilen til Jærmuseet, seier museumsdirektør Målfrid Snørteland.

Sjølv om ikkje Jærmuseet har planar om å få ein felles språkprofil, meiner Snørteland at målprofilen på Garborgsenteret vil vera viktig for dei som ynskjer at organisasjonen skal ha ein nynorskprofil.

Jærmuseet tok i vår over driftsansvaret for Nasjonalt Garborgsenter og direktøren er optimistisk når det gjeld oppstart på Bryne i 2011.
Garborg gir så mange innfallsvinklar, seier Snørteland. Han blir rekna som ein av dei viktigaste nynorskforfattarane, men han var og redaktør, samfunnsdebattant og ikkje minst målmann.

Snørteland legg også vekt på at Garborg er variert og mangslungen, og at han er eit godt døme på ”den Jærske tyda”, som er eit kjenneteikn på den den driftige jærbuen.

Utvidar horisonten
– Eit nytt Garborgsenter betyr ei utviding av museet sin horisont, held Snørteland fram.

Trass i at museet har kalt opp hestane sine etter karakterar som ”Veslemøy” og ”Haugtussa” frå litteraturen til Garborg, så kan ho ikkje syne til tidlegare garborgprosjekt på museet.

Det nye senteret passar godt inn i profilen til museet, seier ho. Museet har allereie eit sterkt fokus på tilbod til barn og unge via Vitengarden på Jæren og Vitenfabrikken på Sandnes som er ny av året. Har du tilbod til barn og unge, drar du foreldre og besteforeldre inn i musea også, understrekar ho.

Møtestad
Prosjektleiar for Garborgsenteret Einar Schibevaag legg vekt på at senteret skal vera ein del av eit pulserande og innovativt fellesskap.

– Senteret skal vera ein møtestad for unge menneske som skal vera med å forme framtida, seier Schibevaag.

Senteret skal samlokaliserast med det nye biblioteket til Time kommune. I tillegg er det planlagt ein ny vidaregåande skule med plass til kring 1700 elevar vegg i vegg.

Skapa debatt
Arne Garborg og kona Hulda var engasjerte på fleire hald og opptekne av heile si eiga samtid, noko som gav utslag i sterke opprør og aktiv deltaking i samfunnsdebattane.
– Eit av måla til etableringa av eit nasjonalt Garborgsenter er å skape debattar mellom unge for å synleggjera ideologiske skilje med sikte på å skapa engasjement, seier Schibevaag.

Med utgangspunkt i Garborg sine tankar og idear skal senteret gje kunnskap og idear til eigen aktivitet og utvikling.

Difor er 18 ungdommar frå Asker, Jæren og Tynset peika ut til å vera i eit brukarpanel for å vera med å byggja innhaldet i senteret. Gruppa skal følgja prosessen fram til opninga i 2011.

Mot til å meina
– Eit nasjonalt kunnskapssenter på Jæren skal setja dei nasjonale og internasjonale visjonane til Hulda og Arne Garborg på dagsorden, seier Schibevaag. Senteret skal vera ein formidlar av kunnskap og inspirera unge til samfunnsengasjement og til å lesa. Dei unge skal sjølve vera med å forme innhaldet, understrekar Schibevaag.

Eit konkret døme på dette er valprosjektet ”Mot til å meine” som senteret skal utføra i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Time, Hjelmeland og Sauda kommune. Målet er å få fleire unge til å delta i politiske prosessar, stå på lister, gå til urnene og sikra fleire i målgruppa i kommunestyresalen ved valet i 2011.

Toleranseprosjekt
Garborgsenteret samarbeidar også med LNK om prosjektet ”Rekruttering og integrering – toleranse og kompetanse”. Prosjektet vil utfordra elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen og deira haldningar til framande kulturar.

Målet er å skapa grunnlag for å endra haldningar gjennom påfyll av kunnskap og praktisk samarbeid mellom dei unge og dei arbeidssøkjande.

Fjærland i toppen av julegåvekåring

0

Bokbyen i Fjærland er på topp ti-lista over uvanlege stader å handle julegåver.

Det er nettstaden Virtual Tourist som har laga lista der bokbyen hamnar på fjerdeplass.

– Det var morosamt, men for å skryte litt så synest vi det er heilt naturleg at vi høyrer til i eit slikt selskap, seier Claus Kvamme i Bokbyen i Fjærland til NRK Sogn og Fjordane.

På toppen av lista ligg Unclaimed Baggage Center i den amerikanske delstaten Alabama, som sel uhenta bagasje. Også ABC Carpet and Home i New York, som sel gamle møblar og miljøvenleg sengetøy, og utstopparbutikken Deyrolle i Paris snik seg føre Fjærland i kåringa.

Bokbyen er berre open frå mai til september, men bruktbøker er tilgjengelege for kjøp på nett heile året. (©NPK)