Heim Innspel Kommentar: Bokmål i Volda

Kommentar: Bokmål i Volda

I Volda kjem det ut ei lokalavis som skriv nesten berre på bokmål. Det provoserer!

Torgeir DimmenNei, det er ikkje landets nest eldste avis, tradisjonsrike Møre, som har blitt språk-kuppa. Avisa det handlar om her er Næravisa, øvingsavisa til journaliststudentane ved Høgskulen. Nokre veker kvar haust og vår lagar dei avis med stoff frå kommunane på søre Sunnmøre. Den journalistiske kvaliteteten er upåklageleg. Studentane kjem frå alle kantar av landet, og dei leverer stoff med profesjonell kvalitet og med eit forfriskande utanfråblikk på dei lokale sakenet. Men på eitt punkt fell dei altså totalt igjennom: Dei brukar ikkje same språket som lesarane sine.

I nokre utgåver av Næravisa i haust var det så og seie ikkje noko nynorsk å finne. Til og med pressemeldinga frå sjølvaste Ivar Aasen-tunet om direktørens årstale hadde dei omsett til bokmål. Eg vart så provosert av dette at eg sende eit skarpt lesarbrev til avisa (utgåva frå 5.10.2012, side 14). ”Respektlaust av Næravisa” skreiv eg. For folk i kommunane Ørsta, Volda, Vanylven, Herøy og Ulstein er nynorsk ein sjølvsagt del av kulturen og identiteten, og dette meinte eg også burde vise att i språket i avisa.

Nynorsken er viktigare for nynorskfolk enn bokmålet er for bokmålsfolk. Dette er mi forklaring på at slikt som dette kan skje. Dei bokmålsskrivande studentane hadde truleg ikkje tenkt over at dette var noko sak i det heile. Folk i Volda forstår jo bokmål, så kva er problemet?

Skal ei avis vere truverdig og oppfylle samfunnsoppdraget, må ho ta lesarane sine på alvor, inkludert deira språklege identitet. Det er difor så godt som alle vanlege lokalaviser i Noreg skriv redaksjonelt stoff på den same målforma som blir brukt i dekningsområdet.

Med andre ord: Det bør ikkje vere slik at kvar einskild avisjournalist står fritt i val av målform. Ein oslogut må skrive nynorsk derom han får jobb i ei avis i Sogn og Fjordane. Og ei voldajente må finne seg i å ha bokmål som arbeidsspråk dersom ho er journalist i Nordstrands Blad.

Men får ho tilbod om jobb i t.d. Aftenposten, Dagbladet eller VG bør ho krevje å få bruke hjartespråket. Desse publikasjonanen kallar seg som kjent ”riksaviser”, men det er dei ikkje fullt ut før dei  viser språkleg respekt for alle lesarane sine. Dei har titusenvis av nynorskbrukarar som målgruppe, og det er like respektlaust av dei å ignorere desse som det er av journalistrekruttane i Volda å lage ei rein bokmålsavis.

Peikarar:

Næravisa: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/om-hogskulen/avdelingar/mediefag/ovingsmedier/naravisa-_-sidan-1971

Nærnett, nettavisa til journaliststudentane: http://www.nernett.no

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...