Heim Innspel På dødens rand

På dødens rand

Å kommentere bruken av nynorsk i akademia er fort gjort: Den eksisterer omtrent ikkje.

”Stryker du i fransk, er det din egen feil. Det vet da alle. Stryker du i nynorsk, er det bare komisk og helt opplagt nynorskens feil, det vet også alle.” Dette sa Stein Ørnhøi til Fedrelandsvennen 16. februar 2005.

Det rådande synet på nynorsk som målform er at den har eit imageproblem. Akademia er ikkje noko unntak. Det finst knapt faglitteratur og pensum på nynorsk, det finst knapt studentar som leverer eksamensoppgåver og masteroppgåver på nynorsk, og gruppa av forskarar som publiserer på nynorsk, er marginal. At studentar legg om frå nynorsk til bokmål då dei trer inn i høgre utdanning, er heller ikkje uvanleg.

Ved Universitetet i Bergen er det 7 prosent som leverer masteroppgåvene sine på nynorsk, altså under ein av ti. Dette er eit lågt tal, men likevel høgt nok til at universitetet vart tildelt målprisen for 2010. Ved Universitetet i Oslo ser det verre ut. Berre 2 prosent av alle masteroppgåvene i 2009 vart leverte på nynorsk.

Som nynorskbrukar ved Universitetet i Oslo er det langt mellom kvar gong ein les ein fagartikkel eller eit pensumbidrag på nynorsk. Mållaget har utspel knytte til nynorsk pensum med jamne mellomrom, og det har vorte lettare å vere nynorskbrukar ved universiteta i dei seinare åra. Men at nynorsk framleis har ei svak stilling i akademia, er ikkje overraskande. Også bokmål vert nytta i mindre grad enn tidlegare.

Med høgre utdanning (og forsking) som stadig vert meir internasjonal, vert engelsk i større grad nytta som det akademiske språket. Dette ser ein ved at forskarar som er del av internasjonale forskingsnettverk, publiserer på engelsk ved utanlandske forlag for å nå ei større målgruppe. Dette ser ein også når det kjem til pensumartiklane – om ein vil ha den nyaste forskinga, vert ein tvinga til å lese utanlandsk litteratur nettopp av den grunn at den fremste forskinga i hovudsak skjer utanfor Noregs grenser.

Studentar som legg om frå nynorsk til bokmål, skuldar ofte på at den faglege terminologien på nynorsk ikkje er god nok. Og dette er ei reell utfordring – det finst store hol i det nynorske skriftspråket i akademisk samanheng. Samtidig går det også rykte om dei studentane som leverer eksamensoppgåver på begge målformer, og som får konsekvent betre karakter når dei skriv nynorsk.

Ved lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo har ein studentar som etterlyser høgre nynorskkompetanse blant studentane som skal gå ut i læraryrket. Utan kompetanse i nynorsk kan lærarane heller ikkje lære frå seg dette faget på ein god måte, slik det også er innan andre fag som matematikk, naturfag eller historie.

Dømet frå lektorprogrammet syner eit samansett problem. Dårleg opplæring i nynorsk for komande lærarar fører til dårlegare undervisning i dette faget når lærarstudentane skal inn i skulen. Dårlig undervisning i skulen fører til manglande motivasjon for å lære faget blant elevane. Og den negative haldninga til nynorsk vil forsterkast ytterlegare.

At ein framleis skal kunne nytte nynorsk som eit akademisk språk, er eit ansvar som ligg både på staten, institusjonane og nynorskbrukarane sjølve. Nynorsk treng fleire ambassadørar som kan synleggjere kvifor det er attraktivt å skrive nynorsk og kult å halde på den dialekten ein har. Dette kan til dømes gjerast etter modell frå NRK-programmet Typisk norsk, som bidrog til å gjere norskfaget og lingvistikk etande for eit større publikum.

Om ein vil ha ein større bruk av nynorsk i akademia, vert ein tvinga til å marknadsføre målforma på ein annan måte enn i dag. Det er ikkje noko som kjem av seg sjølv.

Anna Werenskiold er redaksjonsleiar og debattredaktør i studentavisa Universitas og styremedlem i Kringkastingsringen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...