Heim Innspel Skal nye landsmenn plagast med nynorsk?

Skal nye landsmenn plagast med nynorsk?

Feil spørsmål, meiner eg. Men me høyrer stadig folk som hevdar at dei som kjem hit frå andre land, bør sparast for nynorsken. Dei har nok å streva med, likevel, les me. Det er oftast nordmenn som har denne omsuta for dei andre.

Ein kan ikkje dy seg for å tenkja at kanskje kan det vera greitt å skuva ein tilflytt slovak eller somaliar framfor seg, dersom ein ikkje likar nynorsk. Sjølv representantar for parti som elles er skeptiske til innvandring, syner rørande omtanke i slike høve.

På landstinget til LNK hadde me eit interessant foredrag av nordmannen Stein Ringen, professor ved sjølvaste Oxford-universitetet. Han snakka om dei store folkevandringane i vår tid, og la vekt på kor avgjerande viktig det er at folk som flytter til norske  kommunar, kjenner seg heime og blir språkleg og kulturelt integrerte i livet på bygda.

Men faktum er at dei fleste nynorskkommunar til no har gjeve norsktilbod berre på bokmål. Tenk deg situasjonen: Den vesle tredjeklassingen kjem heim med skulearbeidet sitt, på nynorsk, sjølvsagt. Og så lærer mor og far berre bokmål på norskkurset, og blir utrygge læremeistrar. Eller far skal arbeida i butikken, og synest det er rart at hans norsk er annleis enn den dei andre
brukar.

Det er to grunnar til at nynorsken har lege etter her: For det fyrste har mange innvandrarar lært (kvar hen, tru?) at det er berre bokmål som er ordentleg norsk. Dei har fått høyra at nynorsk er noko litt rart og særnorsk. Derfor ber mange av dei om å få bokmål
i undervisninga. For det andre har det til no funnest altfor lite av nynorske læremiddel på dette området. Eg har sjølv måtta undervisa utanlandske studentar på bokmål ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er skamfullt.

Men så må eg skunda meg å understreka: I dag er det store framsteg på dette området. Det finst gode læreprogram på data, det finst trykte bøker og det finst små ordlister på ei rad språk, på nynorsk. Det viktige no, for dykk som har ansvar for dette rundt om i Bygde-Noreg, er dette: Me må gong på gong, oppatt og oppatt, terpa på at nynorsk er eit jamstelt, fullgodt norsk skriftspråk, og ikkje eit skvaldremål for sidrøva særingar.

Og me må sjå til at dei som driv med undervisning for utlendarar som kjem til Noreg, tek i bruk dei gode tilboda som etter kvart kjem på nynorsk. LNK kan gje deg gode tips om desse tilboda.

 

Førre artikkelLenker og tips
Neste artikkelKrev meir nynorsk i barne-TV

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...