Heim Nyhende Andrea (17) får målpris for å kjempe for nynorske lærebøker

Andrea (17) får målpris for å kjempe for nynorske lærebøker

Andrea Hebnes Tobekk (17) fekk Rogaland Mållags Målpris 2019 for innsatsen for sikre seg sjølv og andre nynorske læremiddel.
 

– Dette viser at folk set pris på innsatsen og det gjev meg viljestyrke til å fortsette, skriv Andrea Hebnes Tobekk på e-post til Framtida.no.

17-åringen har gjentekne gongar kritisert den vidaregåande skulen ho går på i Stavanger for å ikkje ta nynorsk og nynorskbrukarar på alvor.

Førre veke vart ho heidra med Rogaland Mållag Målpris 2019 for å ta til motmæle, og ikkje gje seg før rettane hennar vert innfridde.

«Alt som er, er kjempa fram av nokon, og no framstår også prisvinnaren som ei som kan og vil kjempa for rettane sine og dermed for rettane til andre også,» står det skrive i grunngjevinga frå Mållaget.

Nynorsken var ei sjølvfølge

Andrea Hebnes Tobekk er vaksen opp i nynorskkommunen Suldal og har gått gjennom ti år i skule med målforma si. Nynorsken var ei sjølvfølgje, og ho laut ikkje kjempe for retten til å bruke språket sitt.

Då ho byrja på idrettsfag ved Jåttå vidaregåande skule i Stavanger møtte ho derimot motstand.

Då Tobekk skulle ta fatt på sitt første år var ikkje dei nynorske lærebøkene hennar på plass til skulestart.

– Eg vart veldig overraska over at skulen var så overraska over at me ville ha bøker på nynorsk, fortel 17-åringen.

– Eg trudde det skulle vere likestilt i skulen.

Skulen hadde berre førehandsbestilt bøker på bokmål, og idrettseleven måtte sjølv gå på biblioteket for å bestille bøkene sine. Ho laut vente tre månadar før den siste var komen fram.

I haust, eit år etter ho for første gong kravde nynorske lærebøker, hende det same igjen.

Rektor Bjørn Olav Lea fortalde til Stavanger Aftenblad at det dreidde seg om ein svikt i systemet og at dei har innført ein ny boks på eit skjema der elevar kan kryssa av for målform første skuledag.

Får aldri bokmålsundervising

Andrea Hebnes Tobekk har ikkje taust akseptert situasjonen. Ho har stilt opp i aviser og på nynorskdebatt om kor vidt skulen hindrar elevar i å ha nynorsk, og sett lys på utfordringane mange nynorskbrukarar møter.

Ho fortel at vennane hennar frå heimkommunen Suldal også strevar med det same.

– Kvifor er det så viktig å ha læremiddel på nynorsk? 

– Ein kunne like godt spurt: Er det viktig å ha læremiddel på bokmål? kontrar Tobekk før ho held fram:

– Det er viktig fordi nynorsk er eitt av to skriftspråk i Noreg, og lova gir oss rett til å velja kven av dei me vil ha som hovudmål, og då må der vera læremiddel.

Det er ikkje berre nynorske bøker som er mangelvare for 17-åringen. Ho møter også den parallelle hindringa at norsklærar gløymer ho i sidemålsundervisinga:

–  Dermed får eg aldri bokmålsundervisning, faktisk.

Vert rådd til å byte målform

Men Andrea Tobekk nektar å gje slepp på nynorsken, som mange før ho har gjort og sjølv om vaksne har råda ho til det.

– Eg skriv nynorsk betre enn eg skriv bokmål, og det har eg gjort heile livet. Det vil eg halda fram med. Nynorsk er ikkje berre eit skriftspråk, det er ein del av identiteten vår, slår 17-åringen fast.

I Rogaland er målbyte ei stor utfordring. Medan nynorsk er hovudmålet til 23 prosent av elevane i grunnskulen, søkk dette til berre 6 prosent på vidaregåande.

Tobekk fortel at ho ikkje var klar over at det var så få nynorsbrukarar att i vidaregåande, men ho trur årsaka kan vere at dei møter same motstanden som ho sjølv:

– Alle har nok ikkje lyst til å vera den som maser om å få sine skulebøker og prøvar på si målform, fortel ho.

For å auke nynorskdelen og hindre målbyte, trur ho difor det er avgjerande at ein ikkje må gå til kamp for å få innfridd rettane sine:

– Eg trur at alt må ligga til rette for at me kan halda på nynorsken, slik at me ikkje treng tenka på det ein gong, når me begynner på vidaregåande.

For hennar eigen del trur 17-åringen skulen hennar nok har vorte litt stressa av at ho krev lærebøker på målforma si, og er villig til å prate med aviser når nynorskbøkene uteblir:

– Men eg håpar og trur at dei har gripe sjansen til å gjera det betre frå neste skuleår av, seier Andrea Hebnes Tobekk.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Oslo kommune har to nynorskelevar i grunnskulen – får 11 millionar til språkdelte klassar på ungdomstrinnet

Mållaget er fortvila over at pengane til å sikra nynorskelevar i randsonene vert fordelt på alle kommunar. Saka vart først publisert på Framtida.no. Om foreldra til...