Heim Nyhende – Dei ristar av seg nynorskbrukarane

– Dei ristar av seg nynorskbrukarane

Rune Nygård føler seg trakka på av Elevorganisasjonen, etter det han meiner er bevisst utfasing av nynorsken.

 

Rune Nygård (17) representerer Sogn og Fjordane i Elevorganisasjonen, og var i førre veke på Elevtinget i Oslo.

Elevtinget er definerande for kva politikk Elevorganisasjonen skal føra i året som kjem. Blant forslaga som vart tatt opp kom to frå Rune Nygård og dei andre representantane frå Sogn og Fjordane – men Nygård likte ikkje det han såg på arbeidsplanen han fekk.

Der sto forslaga han hadde sendt inn på nynorsk – men no fulle av skrivefeil og bokmålsord. Nygård mistenkjer at endringa vart gjort med vilje.

– Eg følte meg veldig trakka på, fordi det viser så tydeleg kva dei meiner – at alt skal vera på bokmål, seier Rune Nygård.

LES OGSÅ: No får du målungdom-kondom

– Prøver å lura seg unna
– Det vart ikkje omsett til bokmål, men snikbokmålifisert. Det eg leverte inn kom tilbake med fleire useriøse, flaue feil. Det var ikkje grammatikken, men reine skrivefeil.

– Dei la seg flate med ein gong, og sa det ikkje var meininga. Dei sa dei berre hadde skrive av det eg sendte inn, men eg trur dei prøver å få vekk nynorsken, og å komma seg gjennom Elevtinget utan å bruka nynorsk. Det er sikkert ubevisst, men det verkar òg som dei prøver å lura seg unna, seier Rune Nygård.

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen, avviser at Elevorganisasjonen prøvde å lura seg unna nynorsken på Elevtinget.

– Akkurat det vil eg ikkje henga meg opp i. Her er det snakk om en redaksjonskomité som sat oppe heile natta og tok inn over 100 handskrivne forslag som skulle digitaliserast. Dette var nok berre ein glipp, seier Hansen.

LES OGSÅ: Vil ha hjartestartar på alle skular

Står for politikken
Hansen og EO står likevel for politikken dei fører – om ein karakter i skriftleg norsk, og å gjera sidemål til valfag.

– Norskfaget i dag har tre karakterar, og frå ungdomsskulen kan du risikera å få tre eksamenskarakterar i tillegg. Då står norsk for nesten halve vitnemålet ditt, og då har du dårlege føresetnader om du ikkje er språkkyndig. Når opptakssystemet vårt er så rustent som det er, og kun ser på snittet, må det i alle fall vera likestilling mellom faga.

Hansen meiner systemet øydelegg motivasjonen slik det er i dag.

– Skal du læra fag du ikkje ser verdien av, mistar du motivasjonen. Me vil at det skal vera valfritt med karakter i sidemål, og det handlar like mykje om bokmål som nynorsk.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen fryktar skulerangering

– Mistar kontakten med elevane
Det var denne politikken Rune Nygård ville jobba mot på Elevtinget.

– Eg tykkjer det er veldig dumt. Dei mistar kontakten med elevmassen dei skal representera, og ristar av seg nynorskbrukarane. Med kampsaken om å fjerna sidemålet, noko mange i nynorskområde vil halda på, representerer dei i alle fall ikkje alle, seier Nygård.

Det er ikkje Kristoffer Hansen einig i.

– Nei, me vender ikkje ryggen til, for det er framleis mange som brukar nynorsk som hovudmål. Vil du ha nynorsk skal skulen legga opp til det, både med lærebøker og undervising. Men at alle skal vera pålagt å ha to mål i norsk, spesielt med tvungen karakter, blir direkte feil for oss. Det er ikkje slik at me ikkje likar nynorsk, men på skulen har du avgrensa med tid.

LES OGSÅ: No legg både hotell og bad om til nynorsk

Vurderer å melda seg ut
Slik oppfattar ikkje Rune Nygård situasjonen. Han føler på ei negativ haldning til nynorsk i Elevorganisasjonen.

– Eg trur dette er ei innstilling som sit i EO, og at ingen i styret tek ansvar for å endra det. Dei skal representera elevane, og det blir litt smålig å berre gå til ei gruppe, ikkje ei anna.

No vurderer han å gå drastisk til verks.

– Eg mista mykje av lysten til å vera med i EO, når dei oppfører seg som om nynorsk er ei byrde. Eg er usikker på kva som skjer no, om eg vil melda meg ut av EO eller ta kampen vidare. Eg veit ikkje kva som er best. Men eg er ikkje ein fan av EO no, for å sei det slik.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...