Heim Nyhende Demonstrerte for lokalsjukehusa

Demonstrerte for lokalsjukehusa

Folk frå by og land samla seg tysdag i Oslo for å demonstrera mot nedlegging av lokalsjukehusa rundt om i landet.

– Dette er «by og land hand i hand», seier Bente Øien Hauge, koordinator for Folkerørsla for lokalsjukehusa. Saman med rundt 70 demonstrantar frå Sogn og Fjordane hadde ho tysdag teke turen til hovudstaden for demonstrera mot nedlegging av lokalsjukehus saman med oslofolk og tilreisande demonstrantar frå andre plassar i landet.

– Vi vil synleggjera motstanden vår mot nedlegginga av lokalsjukehusa, som går føre seg over heile landet no. Viss sjukehus skal leggjast ned, så skal det skje gjennom demokratiske prosessar og demokratiske vedtak. No er det helseføretaka som styrer, seier Bente Øien Hauge til Nynorsk Pressekontor.

Ho var éin av dei som heldt appell utanfor Helsedepartementet.

– Det er fem år sidan folk frå heile landet samla seg til demonstrasjon for lokalsjukehusa og viste politikarane kva dei meinte. No er vi på plass igjen. Når så pass mange møter opp viser det at solidariteten ikkje er svekt, sa ho og retta kraftig mot sentrale politikar.

Nei til sjukehuskannibalisme
– Vi lèt oss ikkje lokka med på lokalsjukehuskannibalisme. Vi er solidariske. Lokalsjukehusa skal leva, oppmoda ho og heldt fram:

– Bodskapen vår er: Vi finn oss ikkje i at helseføretaka legg ned lokalsjukehusa. Vi finn oss ikkje i at dei tek frå oss den grunnleggjande tryggleiken vi er avhengige av. Vi finn oss ikkje i at helseføretaka lagar så luftige planar at dei til sjuande og sist må spara inn på pasientbehandlinga., sa Øien Hauge

Ho la til at ho ikkje venta at lokalsjukehusa skal utføra avanserte kirurgiske inngrep, men understreka at lokalsjukehuset er viktig både når mor skal føda, gamlemor har brote foten og i mange andre situasjonar.

– Gledeleg
Det var aksjonistgruppa for Aker sjukehus i Oslo som var ansvarleg for aksjonen. Dei sette tydeleg pris på støtta frå resten av landet. Tidlegare på dagen hadde leiar i Fagforbundet Aker Are Saastad møtt helseminister Anne-Grethe Strøm Erichsen (Ap).

– Vi er veldig glade for at vi fekk lov til å møta henne. Det er første gongen. Tidlegare har departementet og personar i det sentrale regjeringsapparatet vore totalt fråverande i denne saka, sa Saastad, som meinte det var lovande og gledeleg at så mange heldt fram å demonstrera sjølv om det er vedteke å leggja ned Aker sjukehus. (©NPK)

Førre artikkelSkal skrive enklare
Neste artikkelPå barrikaden

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...