Heim Nyhende På barrikaden

På barrikaden

Svein Arne Tinnesand (49) er framleis radikal. Både når det gjeld politikk og musikk.

– Du er ein vaskeekte punkar ?
– Haha, ja det visste du ikkje, nei. Ja, eg var med og starta Stavanger Rockeklubb ein gong i tida, seier Svein Arne Tinnesand. 
Den musikalske og sosiale krafta kom frå Storbritannia til Stavanger på slutten av 1970-talet, og Sosialistisk Ungdom (SU) såg den opprørske musikken som ein gyllen sjanse til å mobilisere ungdom i viktige politiske spørsmål. For å få dette til arrangerte SU ein omfattande Norgesturné med punkbandet Crisis og reggaebandet Cynus. Og ungdomspolitikaren Tinnesand var midt oppe i alt saman.
–  Eg kjem frå ein arbeidarfamilie i Stavanger, ein radikal familie der politikk var ein del av dagleglivet. Det falt meg heilt naturleg å bli politisk interessert i ung alder. Men i åra etter at punken kom, vart det meir musikk enn politikk, smiler han.
Tinnesand følte seg heime i det opprørande ungdomsmiljøet. Eit samansett miljø som var lite homogent. Det heile handla om å vere i opposisjon.
– Me var i mot det meste. Det var ein frigjerande energi; ein venta ikkje på at andre skulle ordne opp. Ville du ha noko, måtte du skape det sjølv.

Livet til Svein Arne Tinnesand har handla mykje om litteratur. Den bokinteresserte Stavanger-guten fann vegen til biblioteket alt tidleg i barndomen. No er han nyvald leiar i Norsk Bibliotekforening.
– Eg vart glad i biblioteket då eg var barn, ikkje minst på grunn av alle moglegheitene eg fann der. Dei fleste av oss har jo ein fascinasjon for lesing og for å kunne skaffe oss kunnskap, seier han.
Plutseleg  er han tilbake i Stavanger på 1960- og 70-talet. Tida då bokbussen kom trillande gjennom gatene. Han smiler av minnet.
– Me hadde jo bokbuss. Det var greier det.
– Men den er vel i ferd med å forsvinne i mange deler av landet no?
– Ja, bokbussen kan me nok vinke farvel til. Men det store problemet i distrikta er jo ikkje at bokbussen forsvinn, men at menneska flytter. Dersom det er slik at folk som bur der, reiser inn til sentrum for å kjøpe mjølk, kan det vere like godt med eit stort bibliotek der som eit lite lokalt. Utfordringa er uansett å gi eit godt bibliotektilbod i heile landet, seier han og kastar ein flamme inn i debatten om kommunesamanslåing.
– Kor gode tenester klarer kommunane å tilby når dei blir så små? Eg vil ikkje vere determinist, men all utvikling dei siste 50 åra har vore i retning av ein type sentralisering.
– Du er ikkje redd for endringar?
– Nei, eg fryktar ikkje endringar. Men dei fleste menneske ynskjer vel at ting skal vere slik dei alltid har vore.

Og biblioteka er i endring. I framtida vil teknologien og dei digitale løysingane ta over, meiner Tinnesand.
– Mange er så opptekne av det fysiske rundt eit bibliotek. Men biblioteket, med dei tunge skinnsofaene og det grøne leselyset, er ikkje eit bruksbibliotek. Det skal vere ein plass for aktivitet, diskusjonar og debatt. Sjå berre på Litteraturhuset i Oslo, slår han fast.
– Er utviklinga litt trist, litt melankolsk?
– All forandring er forandring, men eg trur dei fleste i bransjen ser framover. Og me kjem heilt sikkert til ta med oss det beste av det me har. Boka døyr ikkje på måndag, det vil kome fysiske eksemplar i mange år. Og det er jo framleis folk som kjøper vinylplater, for å seie det slik.
– Men det er eit vegskilje, og me får andre utfordringar enn før. Det er ikkje sikkert det er like enkelt å formidle kunnskap og kultur digitalt. Og i tillegg kjem alle utfordringane med opphavsrettar og bruksrettar. 
Men det har også sine fordelar, og samtalen tar på ny ei vending mot distriktspolitikk og lik fordeling.
–  Eg er sikker på at både den nye teknologien og dei digitale moglegheitene, i tillegg til det auka utdanningsnivået i samfunnet, gjer at det er mogleg å også tenkje seg små einingar, seier han.

Som ungdom arbeidde Tinnesand som platearbeidar ved Rosenberg i Stavanger. Seinare vart det gymnaset på Kongsgård vidaregåande skole og bibliotekutdanning i Oslo. Også arbeidslivet har vore prega av bibliotekfaget, som tilsett ved fylkesbiblioteket i Rogaland i mange år og seinare biblioteksjef ved det same biblioteket frå 1998 til 2008. Tida med punkmusikk og opprør som ungdom i Stavanger var også starten på ein lang politisk karriere fram til livet som politisk rådgjevar for SV på Stortinget. Der har han jobba dei siste to åra med distriktspolitikk, kommunepolitikk og kulturpolitikk, som alle er tema som ligg Tinnesands hjarte nært.
– Mange hugsar nok kanskje perioden for handsaminga av bibliotekmeldinga, eller at regjeringa klarte å gjennomføre full barnehagedekning og ei ny ekteskapslov. Mange av lesarane dine vil nok også trekkje fram språkmeldinga.
– Er du framleis radikal?
– Ja, det er jo litt vanskeleg når ein er ein del av eit regjeringsparti. Men eg ynskjer heilt klart
samfunnsendringar som fører til meir sosial utjamning.
Når han no byrjar som leiar i Norsk Bibliotekforening, må han derimot legge partipolitikken vekk.
– Det betyr ikkje at eg sluttar å meine noko. Og bibliotekpolitikken bryt ikkje med dei grunnsyna eg har, slår han fast. 
Han let seg engasjere av urettvise. No pendlar han mellom bustadane på Grenland i Oslo og Stavanger.
– Ein skal ikkje langt før ein finn store forskjellar på folk, og dei geografiske skiljelinjene er tydelege, ikkje minst her i Oslo.
– Burde folk hjelpe meir?
– Ja, dei burde i alle fall ikkje ha noko i mot å betale skatt for inntekta si. Dersom folk vil hjelpe mindre og heller betale meir i skatt, så er det greitt for meg.

Sjølv om tida med bokbussen er over, er Tinnesand framleis ein bokorm, ein ivrig lesar som kastar seg over det meste som finst av litteratur.
– Eg les det meste, faglitteratur, skjønnlitteratur, dikt. Det er mange forfattarar eg likar, også noverande. Frode Grytten er ein av dei, han skriv på mange måtar om mitt liv og mine opplevingar.
Frode Grytten skriv også på nynorsk.
–  Grytten har vel sagt noko slikt som at det er like tungt å slå gjennom som novelleforfattar som nynorskskrivande forfattar. Det er fult mogleg å slå gjennom på nynorsk, meiner Tinnesand og viser som så mange andre nett no til Maria Parr og barnebøkene hennar.
– Eg trur mange barnebibliotek formidlar historia om Tonje Glimmerdal nett no.
Tinnesand meiner sjølv han har eit utmerka forhold til nynorsk. Til slutt kastar han også ein flamme inn i målstriden.
–  Målfolk er ofte så opptekne av språket i skulen, det hadde kanskje ikkje vore så dumt å snakka om biblioteka også. Språk er viktig, ikkje minst på eit bibliotek.

 

Sjølvmelding
Namn: Svein Arne Tinnesand
Alder: 49
Bur: Stavanger og Oslo
Aktuell: Nyleg vald til leiar av Norsk Bibliotekforening
Les: Bøker, blad, teikneseriar, tidsskrift og ein masse på skjerm.
Høyrer på: Det blir mest på radio.
Førebilete: Folk over heile verda som ikkje gir opp.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...