Heim Nyhende Den nye grunnlovsteksten er ferdig

Den nye grunnlovsteksten er ferdig

Måndag kunne Graver-utvalet endeleg levere frå seg eit ferdig framlegg til ei modernisert «Kongeriket Norges/Noregs grunnlov», for første gong på både bokmål og nynorsk.

 

Dermed er den gamle dansk-norske teksten – siste gongen oppdatert i 1903 – eit steg nærare den historiske kistebotnen. No skal stortingsrepresentantane vurdere om det ferske framlegget skal behandlast vidare i Stortinget, slik at vi eventuelt får ei oppfriska Grunnlov til grunnlovsjubileet i 2014.

Moderniseringsutvalet fekk oppdraget frå Stortinget i vår og har vore leidd av jussprofessor Hans Petter Graver.

– Grunnlova står sterkt i det norske folk. Derfor er det ønskjeleg at ho er forma slik at så mange som råd kan forstå ho. Vi håper at vi med framlegga våre har vore med på å leggje grunnlaget for at Grunnlova kan halde fram med å vere viktig for dei generasjonane som kjem, seier utvalsleiaren.

På begge målformer

Bakgrunnen for at Stortinget utnemnde utvalet, var at tidlegare Frp-Leiar Carl I. Hagen i mai foreslo ein modernisert tekst på bokmål, som professor emeritus Finn-Erik Vinje hadde laga. Men kontroll- og konstitusjonskomiteen meinte at framlegget ikkje var heilt slik dei ønskte det, og dei ville dessutan ha ein parallell versjon på nynorsk.

Mens framlegget frå Vinje og Hagen var meir konservativt og nærare den gjeldande Grunnlova, er dei nye tekstane meir i pakt med den gjeldande rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Men mykje av høgtidspreget har fått stå. Det har også ein del meir gammalmodige ord og omgrep, slik som regal (statlege økonomiske særrettar), sportlar (statleg gebyr) og milde stiftingar (religiøse og velgjerande stiftingar).

Nynorsken midt imellom

Utvalet har lagt nynorskversjonen «mellom den nynorske tradisjonen og bokmålsversjonen».

– Det har likevel ikkje vore til å unngå at nynorskomsetjinga har komme til å liggje relativt nært opptil bokmålsversjonen i forma, skriv utvalet i rapporten sin og legg ikkje skjul på at nynorsken til tider kan vere litt stiv.

– Fri omsetjing til ein nynorsk som heldt seg til dei klassiske nynorske stilideala fyndig, klar og korthogd, hadde gjort det umogleg å formulere til dømes § 100 (ytringsfridomsparagrafen red.mrk.) utan ei presiserande tolking, skriv dei.

Med seg i utvalet har Graver hatt førsteamanuensis i juss Eirik Holmøyvik, rådgivarane Øystein Baardsgaard og Bård Eskeland i Språkrådet og spesielrådgivar Kyrre Grimstad i stortingsadministrasjonen.

Grunnlovsendringar krev to tredels fleirtal på Stortinget. Viss Stortinget skal kunne vedta den «nye» Grunnlova til grunnlovsjubileet i 2014, må framlegget vere klart før 28. september. (NPK)

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...