Heim Nyhende Festspeldiktaren lei klisjeane om nynorsk

Festspeldiktaren lei klisjeane om nynorsk

Lite irriterer forfattar Gunnhild Øyehaug meir enn når bokmeldarar påpeiker at bøkene hennar «er skrevet på vakkert nynorsk». Torsdag opna Dei nynorske festspela, med Øyehaug som festspeldiktar.

 

– For min del er den store styrken til nynorsk at det gir meg sjansen til å skrive setningar. Så enkelt er det. Eg har alltid vore skeptisk til idear om kva som er bra med nynorsk eller bokmål, og spesielt det med at nynorsk kling så vakkert, at det er eit så poetisk språk. Lite irriterer meg meir enn når bokmeldarar må påpeike at «boken er skrevet på vakkert nynorsk», seier årets festspeldiktar Gunnhild Øyehaug til Festspelavisa.

– Språket eg vaks opp med

Debutromanen hennar, «Vente, blinke», har vorte film. I fjor kom ho med ein ny roman, «Undis Brekke». Språket hennar blir ifølgje Festspelavisa skildra som leikande, morosamt, absurd og realistisk.

At ho også skriv på nynorsk, var noko ein dansk bokmeldar beit seg merke i då han skulle omtale «Vente, blinke». Bokmeldaren meinte nynorsken måtte vere eit politisk val, og boka ein måte å drive språkpolitisk kampanje på.

– For meg er nynorsk berre det språket eg vaks opp med. Det er først når ein blir eldre at ein forstår at det er mogleg å velje majoritetsspråket og dermed sleppe billegare unna. Men sjølv greier eg ikkje å tenkje viss eg skriv på bokmål. Setningane mine fell frå kvarandre, fortel forfattaren til Festspelavisa.

Ho har fått mange godt kritikkar for bøkene sine. Likevel er ho ikkje redd for ikkje å greie å leve opp til seg sjølv.

– Nei. Ein må berre lage seg eit rom der ein kan gjere det ein vil. Eg skriv om det som interesserer meg og som eg ikkje kan relatere meg til på andre måtar enn ved å skrive, seier ho.

Snakkar om eg-et

Øyehaug skal delta på fleire arrangement når ho denne veka kjem til Ørsta som festspeldiktar. Saman med forfattar Lars Amund Vaage og samtaleleiar Tom Egil Hverven skal ho prøve å kome fram til kva som skjer i litteraturen når forfattarar skriv inn eit «eg» i romanane sine.

På nettsida til Aasen-tunet røper Øyehaug at ho synest eg-et er vanskeleg. Då ho skreiv «Undis Brekke», gjekk mykje av arbeidet ut på å prøve å skrive i nettopp ei slik form.

– Tekstane mine startar ofte i eg-form, men så buttar det imot etter nokre få sider, og då går eg over til tredje person. Eg vil jo gjerne sjå personane mine utanfrå også, vil gjerne tillate meg å gå inn og ut av forteljinga. No ville eg sjå om eg klarte å skrive ein heil roman med dei grensene som eg-forma set, fortel ho.

Publikum som kjem til Dei nynorske festspela, får høyre meir både om eg-et og om ei rad andre tema. Festspela startar torsdag og arrangementa blir runda av søndag. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...