Heim Nyhende Forfattar og forlagsmann

Forfattar og forlagsmann

Terje Hellesen tok over som dagleg leiar i bokklubben Blåmann i februar.

Korleis går det i den nye jobben?

Det er mykje å setje seg inn i når ein tek til i ein ny jobb, så mykje av tida har gått med til det. Blåmann har jo eit slags ekstra mandat i det at han er den einaste bokklubben for nynorske barnebøker. Skal nynorsken leve, må vi få barn og unge til å nytte målforma. Der kan vi gjere ein forskjell ved å leggje til rette for gode lesaropplevingar. Difor freistar vi å vidareutvikle det gode samarbeidet med til dømes Noregs mållag og barnehageprosjektet deira. Vi har ulike prosjekt på gang, også med andre samarbeidspartnarar, og desse håper vi å kome i mål med i løpet av året. Arbeidet mitt inneber også redaksjonsansvar for Bokdykk, som er ein fullassortert nettbokhandel. Bokdykk fører alle norske bøker, på begge målføre, men redaksjonen nyttar nynorsk.

Kva var det som lokka med denne jobben?

For meg som forfattar var det jo fint å kunne få jobbe med bøker også i den «vanlege» jobben dei fleste av oss må ha ved sidan av forfattarvirket. Her eg bur, er det ikkje mange jobbar av dette slaget. Så er det også kjekt at ein kan få arbeide med noko som kan vere viktig for barn og vaksne sine leseopplevingar på nynorsk.

Korleis går det med Blåmann for tida? Og Bokdykk?

Det går absolutt rette vegen når det gjeld sal. Det er ei spanande tid for alle aktørar i bokmarknaden no, og vi har planar og prosjekt på gang som vi gler oss til å setje i gang.

Korleis er stoda for nynorsk barnelitteratur for tida – kjem det ut mange bøker?

Den nynorske litteraturen generelt står det særs godt til med. Også barnelitteraturen. Det er litt underleg dette, at nynorsken kan synest noko kontroversiell og marginalisert i skulen, medan nynorske forfattarar og bøker omsett til nynorsk haustar prisar i fleng og sel godt. Vi plar seie at Blåmann har dei beste og mest prislønte bøkene, og det er vel også tilfellet. Når det er sagt, så ser vi jo gjerne at fleire forlag ser denne trenden og vel å gje ut bøker på nynorsk.

Kva med forfattarar, er det godt tilfang?

Det kjem stadig til nye gode forfattarar på nynorsk. Også for barn. Men kanskje skulle endå fleire våga å skrive for barn?

Du er forfattar sjølv, er det ein styrke i arbeidet ditt?

Det kan nok vere ein styrke på det viset at eg har eit kjennskap til det å skrive, så og seie innanfrå, noko som kan vere til nytte når ein skal vurdere kvaliteten og potensialet til eit manus. Litt hjelper det vel også på at ein som forfattar er kjend med bokverda og har kontaktar mellom forfattarar og forlag. Ein forfattar les jo ein del, og slik kjenner ein også til mange av dei bøkene som er i handel.

Kan det vere ein hemsko?

Det kan det sikkert, utan at eg har merka noko til det. No er jo dette ei forretning, og for min eigen del har eg aldri vore oppteken av at det eg skriv, skal løne seg eller treffe ei særskild målgruppe. Men her må eg tenke slik, på vegne av arbeidet til andre. Heldigvis har eg dyktige kollegaer å støtte meg til. Dei tek seg av den generelle økonomiske drifta og kundehandsaminga.

Skriv du på noko no?

Nett no får eg nokre dikt omsett til Ukrainsk. Eg vitja Tsjernobyl før jul, saman med to fotografar. Vi budde inne i den avstengde sona i 4 dagar og arbeidde då i den fråflytta byen Pripyat. Denne byen låg like i nærleiken av reaktor 4, som braut saman, og alle innbyggjarane måtte evakuerast. Dei fekk berre ta med seg det mest naudsynte. Prosjektet vårt ber namnet 3 fotografar og ein radioaktiv by. Det er tenkt som ein poetisk arkeologi som vel skal seie noko om tilhøvet mellom menneskeleg skapnad og natur. Mi oppgåve var å ta bilete med ord. Desse las eg direkte inn på ein diktafon. Saman med fotografia skal dei stillast ut i Kiev frå 21. april. Planen er å få utstillinga til Norge også, og å gje arbeidet ut i bokform. Diverre har temaet vorte særs aktualisert no etter at jordskjelva i Japan førde til alvorlege problem ved atomkraftverka der.

Kva ønskjer du for den nynorske litteraturen framover?

Eg synest den nynorske litteraturen står seg godt. Det vitnar framgangen til mange forfattarar om. Vi har også sett at bøker som vert omsette til nynorsk, gjer det særs bra. Det kan virke som nynorsken har vorte meir akseptert som eit litterært språk. Denne utviklinga vil eg gjerne skal halde fram. Då må ein sjølvsagt håpe at nynorsken ikkje berre vert eit feira kunstspråk, men også eit språk som får auka status innan skulesektoren, media og arbeidslivet.

Namn: Terje Hellesen

Bur: I Florø

Språk: Nynorsk

Alder: 37

Aktuell: Ny redaktør i Blåmann og Bokdykk

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...