Heim Nyhende Forsterkar satsinga på språk i 72 kommunar

Forsterkar satsinga på språk i 72 kommunar

No får ytterlegare 17 kommunar status som språkkommunar.

 

Dermed jobbar til saman 72 kommunar over heile landet med å styrkja arbeidet med språk i barnehagar og skolar.

– Mange barn les og skriv for dårleg. Difor er det viktig med tidleg innsats, og å gje lærarar og barnehagelærarar betre kompetanse slik at dei finn nye og gode løysingar for å styrkja språkarbeidet, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Språkkommunar er ein del av satsinga til regjeringa Språkløyper – den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving 2016-2019 . Målet er å styrkja det lokale språkarbeidet i barnehagane og skulane, og gjera elevar betre til å lesa og skriva.

I dag slit mange elevar med grunnleggjande lesa- og skrivedugleikar. Resultata frå dei nasjonale prøvane i lesing hausten 2017 viser ei betring frå året før, men framleis er 20 prosent av jentene og 27 prosent av gutane på 5. trinn på det lågaste meistringsnivået. Det viser at satsinga til regjeringa på tidleg innsats er viktig og må forsterkast.

Språk er viktig for integrering

Mange av kommunane som deltek i satsinga har eit forholdsvis stort tal minoritetsspråklege elevar med svake norskkunnskapar.

–  Språket er nøkkelen til å verta godt integrert, og særleg viktig for at barn med innvandrarbakgrunn skal lukkast like godt som andre barn i skulen. Med språkkommunar skal kommunane ta tak i dei lokale utfordringane sine, og sjå heile læringsløpet borna har frå barnehage til vidaregåande i samanheng, seier Sanner.

Språkkommunane får fagleg støtte

Utdanningsdirektoratet vektlegg at språkkommunane har ein systematisk og heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular. Det er sett av 17 millionar kroner som skal gå til å etablera og drifta lokale faglege nettverk og frikjøpa ressurslærarar. Lærarar i skule og barnehage skal delta i desse nettverka for å utvikla nye måtar å jobba med språk i barnehage og skule. Dei får òg fagleg støtte undervegs frå Lesesenteret og Skrivesenteret.

Kommunane er vald på bakgrunn av resulter frå nasjonale prøver, kartleggingsprøver, kompetanseutviklingsbehov, elevundersøkinga, og statistikk knytet til stillingar i barnehagen, gjennomføring i vidaregåande opplæring og del minoritetsspråklige.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...