Heim Nyhende Fram med det lokale

Fram med det lokale

Gastronomiske middagsmenyar på kafeane, eller abonnementsordning for middag. Det er mange måtar å få den lokale maten fram i lyset på.

 

 

I Sveio blir det no jobba intenst med å finne og få fram lokale matprodusentar. Gjennom forprosjektet «Ta maten tilbake» skal det kartleggjast kva som finst, og korleis dette kan gjerast tilgjengeleg for innbyggjarane. Lillian Olsen er tilsett som prosjektleiar gjennom Kystlandskapsparken, og ho driv i desse dagar og rundar av forprosjektet. Målet er at forprosjektet skal munne ut i eit nytt og større prosjekt.

– Sidan vi starta i mai i fjor, har vi skaffa oss god kunnskap om dei lokale produsentane, om prosessar for tilverking og om lovverket, seier Olsen.

«Ta maten tilbake» har no knytt til seg produsentar av østers, sauekjøt, lynghonning, matjessild, saft og syltetøy og bakverk. Det einaste som manglar for å få eit komplett måltid, er grønsaker, peiker Olsen på. Men ho vil gjerne ha med fleire kjøt- og sjømatprodusentar også. Alle bøndene i kommunen er blitt kontakta i løpet av året, og dei er det mange av i landbrukskommunen Sveio. Men storskalaprodusentane har ikkje vore så interesserte, det er helst dei små som har meldt seg, fortel ho.

Mange idear

Forprosjektet har i tillegg til kartlegging av dei lokale ressursane sett på korleis ein kan ta desse i bruk og få dei ut til folk. Éin tanke har vore å starte eit multifunksjonelt kjøkken, men det stiller store krav til lokale og personale. Ei anna løysing kan vere å tilby ei abonnementsordning på middag. Det har også vore halde lokale marknader, og dette er noko ein kan ta med seg vidare viss det blir eit nytt prosjekt. I haust vart det også halde ei samling på landemerket Ryvarden fyr, kor menyen var ein kystbuffé av lokale råvarer. Sveio var tidlegare ein stor fiskerikommune. No er her berre éin registrert fiskar att, i tillegg til fleire oppdrettarar.

Vil auke produksjonen

Kystlandskapsparken fekk 180 000 kroner av fylkesmannen i Hordaland og landbruksavdelinga hjå fylket for å kome i gang med forprosjektet. Utfordringa no framover blir å få etablert eit fast prosjekt, og til det trengst det betydelege midlar. Men Olsen er ikkje i tvil om at prosjektet har livsrett. «Ta maten tilbake» har knytt til seg produsentar som allereie er i gang med å selje eigne produkt, og håpet er at ein skal kunne stimulere fleire til å auke produksjonen sin og få råvarene ut av garden og inn på borda heime hjå folk.

– Dette med kortreist mat er veldig i tida no. Unge vaksne er svært opptekne av mat, og dei bryr seg om kor maten kjem frå. Det er dei som kan finne på å køyre nokre ekstra mil for å få kjøpt det lokalt tilverka pinnekjøtet, seier Lillian Olsen. Ho meiner derfor det er grunn til optimisme på prosjektet sine vegner. Forprosjektet «Ta maten tilbake» skal avsluttast 1. mars.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...