Heim Nyhende – Grunnlova blir no lettast å forstå på nynorsk

– Grunnlova blir no lettast å forstå på nynorsk

– Når Stortinget i dag vedtek Grunnlova på moderne nynorsk, bind dei det folkevalde språket nynorsk uløyseleg til framtida. Berre jamstillingsvedtaket frå 1885 er viktigare enn dette. Vi takkar dei som dreiv fram saka og dei som snudde i tide, seier ein nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

 

– Der er ein del viktige symboldatoar i nynorsk kulturhistorie. No kan vi leggje til 6. mai på den lista, seier Grepstad. – Det bør vere ein tankevekkjar for mange at utanfor Stortinget var nynorskmiljøet blant dei som tydelegast argumenterte for at Grunnlova må formast på både moderne bokmål og nynorsk. Det er dårleg gjort mot bokmålsbrukarane at dei framleis må lese Grunnlova på gamaldags bokmål. No får dei i det minste sjansen til å erfare at Grunnlova er lettare å forstå på nynorsk enn på bokmål, seier Grepstad.

Provosert av Høgre

I april sende både Nynorsk Forum og rådet i Nynorsk kultursentrum brev til Stortinget med støtte til framlegget om Grunnlova på moderne bokmål og nynorsk. Det var Høgre som provoserte fram dei breva.

– Vi bråvakna då Michael Tetzschner hevda at det slett ikkje var noko folkekrav at Grunnlova også skulle finnast på nynorsk. Kort tid etterpå hadde Stortinget fått brev om dette frå avsendarar som representerer over 40 viktige institusjonar og organisasjonar i Noreg, seier Grepstad. Mellom desse Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Omsett til nynorsk fem gonger

I brevet sitt peika rådet i Nynorsk kultursentrum på at Grunnlova har vore omsett til nynorsk fem gonger mellom 1875 og 2012. I brevet heitte det også:

«Ein av dei som tidleg brukte Grunnlova til støtte for synspunkta sine, var Ivar Aasen. Berre 22 år gamal viste han nettopp til Grunnlova og dei rettane denne gav for allmenta då han i 1836 formulerte det som seinare blei hans program for nynorsk. Det er viktig at Grunnlova også i dag kan gi meining i allmenne ordskifte om folkestyre og samfunnsutvikling. Å gjere Grunnlova tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk er å gjere grunnlaget for folkestyret tilgjengeleg for veljarane og for eit endå betre ordskifte om demokrati på norsk.»

– Grunnlova er først og fremst eit politisk dokument om korleis det norske samfunnet skal organiserast. No styrkjer Stortinget folkestyret og den formelle jamstillinga av bokmål og nynorsk. Det Stortinget gjer i dag, byggjer ei vakker bru mellom Språkåret 2013 og grunnlovsjubileet 2014, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...